7667
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7667
Nedgang i forbruket av straum
statistikk
2003-12-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetoktober 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i forbruket av straum

Sjølv om oktober var like kald som i 2002 gjekk det totale forbruket av straum ned. Alminneleg forbruk, som er temperaturavhengig, blei redusert med 7,9 prosent. Kraftintensiv industri, som står for rundt 25 prosent av det totale forbruket i Noreg, auka sitt forbruk med 8,8 prosent.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i oktober. 1979-2003. GWh

Bruttoforbruk innanlands var 10 513 GWh i oktober, som er 4,0 prosent lågare enn i 2002. Forbruket utanom kraftintensiv industri, såkalla alminneleg forbruk (offentleg og privat tenesteyting og hushald), blei redusert med 7,9 prosent i forhold til oktober i fjor. For sektorar som offentleg og privat tenesteyting og hushald, er det på kort sikt hovudsakleg temperaturen som påverkar endringar i forbruket. I delar av Sør-Noreg, kor ein stor del av befolkninga bur, var månadstemperaturen tre-fire grader lågare enn normalt i oktober. Reduksjonen i forbruket tyder på at konsumentane i nokon grad erstattar elektrisitet med alternative energikjelder til oppvarming. Salet av fyringsolje steig til dømes med over 50 prosent i august og september i forhold til i 2002. Kraftintensiv industri, som står for rundt 25 prosent av det totale forbruket i Noreg, brukte 2 764 GWh i oktober. Dette er ein auke på 8,8 prosent samanlikna med i fjor.

Moderat produksjon

Produksjonen av straum var 10 855 GWh i oktober - ein nedgang på 8,0 prosent i forhold til i fjor. Gjennomsnittleg produksjon i oktober dei siste ti åra har vore 10 310 GWh. Fyllingsgraden i magasina var i midten av oktober (veke 42) 72,9 prosent av total kapasitet. På same tidspunkt i fjor var den 78,6 prosent.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. 1997-2003. GWh

I forhold til 2002 har det dei siste fem-seks vekene av november og desember vore lågare produksjon, mildare ver og meir nedbør, noko som har ført til at fyllingsgraden i magasina nå er høgare enn på same tidspunkt i fjor. I inneverande veke (veke 50) er fyllingsgraden 60,6 prosent, medan den var 57,7 prosent i 2002.

Stabil straumpris

Prisen på straum har vore stabil i haust og i starten på vinteren. I oktober og november var den gjennomsnittlege prisen på straum i grossistmarknaden på den nordiske elektrisitetsbørsen Nordpool 28,9 og 29,7 øre/kWh. Så langt i desember har den også vore under 30 øre/kWh. I fjor steig prisen kraftig utover hausten. Magasina blei tappa raskare enn normalt som følje av at den forventande haustnedbøren ikkje kom, medan etterspørselen auka etter kvart som temperaturen sokk. I fjor var prisen 23 øre/kWh i oktober og 32 øre/kWh i november, før den i desember steig ytterlegare til 54,4 øre/kWh. Vidare utover vinteren var den 52,4 øre/kWh i januar og 36,4 øre/kWh i februar. Prisane for framtidig levering av straum på Nordpool kan vere ein god indikator på korleis prisen kjem til å utvikle seg i vinter. Denne veka blir kontraktar for levering av straum i perioden januar-april omsette til 33 øre/kWh. I fjor blei desse kontraktane omsette for over 50 øre/kWh på same tidspunkt. Dette kan tyde på at prisnivået ikkje blir så høgt som førre vinter.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB