7669
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7669
Framleis låg produksjon av straum
statistikk
2003-11-13T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetseptember 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis låg produksjon av straum

Produksjonen av straum har vore låg i heile år og dette held fram i september. E-verka produserte 8 529 GWh i september 2003 som er 10,3 prosent mindre enn i same månad i fjor. Produksjonen har så langt i år vore 20 prosent lågare enn i fjor.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i september. 1979-2003. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Produksjonen av straum var i september 8 529 GWh - 12,1 prosent lågare enn gjennomsnittet for september dei siste 10 åra. Den låge produksjonen har samanheng med låg vasstand i landets magasin og produksjonsstrategien hos kraftaktørane. I marknaden var det i september forventning om at straumprisane ville stige når etterspørselen aukar til vinteren. Dette fordi terminkontraktar for framtidig levering av straum til vinteren blei omsette til ein markert høgare pris enn spotprisen. Når det ikkje er fare for at magasina skal renne over, vil det i ein slik situasjon vere rasjonelt for produsentane å halde igjen noko produksjon for å oppnå ein betre pris på vatnet til vinteren. I midten av september (veke 38) var fyllingsgraden i landets magasin 68,8 prosent av kapasiteten. I fjor var fyllingsgraden 84,0 prosent på det same tidspunktet. Vasstanden steig 2 prosentpoeng i september i år, medan den i fjor sank med 1,8 prosentpoeng. I inneverande veke (veke 46) var fyllingsgraden 67,0 prosent, medan den var 69,1 prosent i den same veka i fjor.

Liten netto eksport

Det var ein liten nettoeksport av straum frå Noreg i september - eksporten var 667 GWh og importen 464 GWh. Nettoeksporten til Sverige var 329 GWh, medan Noreg netto importerte 100 GWh frå Danmark. Frå Russland og Finland var nettoimporten høvesvis 12 og 14 GW i september. Hittil i år har Noreg hatt ein nettoimport på 6,7 TWh. Nettoimporten frå Danmark har vore 3,2 TWh, medan nettoimporten frå Sverige har vore 2,9 TWh.

Auka forbruk i kraftintensiv industri

Forbruket av straum i kraftintensiv industri var 2 584 GWh i september, ein auke på 6,3 prosent frå i fjor. Det er spesielt forbruket i produksjonen av aluminium og andre råvarer som medverkar til dette. Forbruket i denne sektoren har hittil i år auka med 8,4 prosent samanlikna med fjoråret. Årsaka til dette er auke i produksjonskapasiteten. Forbruket utanom kraftintensiv industri, dvs. anna næring og hushald, var 5 743 GWh i september. Det er tilnærma uendra i høve til fjoråret.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB