7671
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7671
Nedgang i straumproduksjonen
statistikk
2003-10-09T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetaugust 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i straumproduksjonen

August var den tiande månaden på rad kor produksjonen av straum i Noreg var lågare enn same månad året før. Den totale produksjonen av straum var 7 675 GWh i august, som er ein nedgang på 21,4 prosent.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i august. 1979-2003. GWh

Hittil i år har den totale produksjonen av straum vore 67,2 TWh, som er ein nedgang på 21,3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Den store nedgangen i produksjonen har samanheng med lite vatn i magasina. Fyllingsgraden i midten av august, veke 33, var 65,9 prosent av total magasinkapasitet. Det er 23,5 prosentpoeng under medianen basert på tidsperioden 1990-2000. Vassreservane i magasina hadde på denne tida eit produksjonspotensial på 53,8 TWh. I august var importen og eksporten høvesvis 645 og 736 GWh. Hittil i år har Noreg hatt ein netto import på 6 587 GWh.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Høgt forbruk i kraftintensiv industri

Forbruket i kraftintensiv industri var 2 663 GWh i august, som er ein auke på 11,5 prosent samanlikna med fjoråret. Forbruket i kraftintensiv industri har berre to gonger tidlegare vore høgare i august. Det er forbruket i produksjonen av aluminium og andre metall som utgjer denne auken. I den delen av den kraftintensive industrien var forbruket 1 778 GWh, som er det høgste forbruket registert i august. Det totale forbruket i heile sektoren kraftintensiv industri har hittil i år vore 3,5 prosent lågare enn i same periode i 2002, mens forbruket for produksjonen av aluminium og andre metall har auka sitt med 8,1 prosent. Brutto forbruk forutan kraftintensiv industri har vore 54,1 TWh hittil i år, som er ein nedgang på 5,2 prosent frå 2002.

Høge prisar

Den gjennomsnittlege prisen på straum i spotmarknaden var 27,2 øre/KWh i august. 1996 var førre gongen prisen var på dette nivået i august. Da var gjennomsnittleg pris på 29,9 øre/KWh. Situasjonen i Noreg var da den same som i år - med lite vatn i magasina.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB