7673
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7673
Framleis låg produksjon av straum
statistikk
2003-09-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjuli 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis låg produksjon av straum

Produksjonen av straum var 7 103 GWh i juli 2003, som er 25,7 prosent mindre enn juli i fjor. Landets totale bruttoforbruk var 7 323 GWh. Forbruket i kraftintensiv industri auka med 9,1 prosent, medan forbruket elles blei redusert med 4,6 prosent.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i juli. 1979-2003. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. 1997-2003. GWh

Straumproduksjonen har vore lågare i alle månadene hittil i år i samanlikna med 2002. Reduksjonen i produksjonen er geografisk ulikt fordelt. Store produksjonsfylke som Nordland og Telemark har hatt forskjellig utvikling i produksjonen. Hittil i år har Nordland auka den totale produksjonen med 0,5 prosent, medan Telemark har redusert den med 38 prosent samanlikna med 2002. Den totale produksjon for heile landet hittil i år har vore 59,5 TWh, som er ein nedgang på 21,3 prosent frå i fjor.

Auka forbruk i kraftintensiv industri

Forbruket av straum i kraftintensiv industri var 2 563 GWh i juli 2003, som er 9,1 prosent meir enn same månad i fjor. Det er forbruket i produksjonen av aluminium og andre metall som er årsaka til denne auken. Denne sektoren i kraftintensiv industri auka forbruket i juli med 18 prosent, medan forbruket hittil i år har auka med 6,5 prosent.

Netto import

Det var netto import av straum i juli. Eksporten av straum var 562 GWh, medan importen var 783 GWh. Noregs utvekslingskapasitet av straum med Danmark blei i juli redusert frå 1 000 MW til 500 MW på grunn av feil i ein transformator. Utvekslingskapasiteten vil sannsynlegvis vere redusert fram til månadsskiftet november/desember 2003 opplyser Statnett.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB