7675
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7675
Låg produksjon av straum
statistikk
2003-08-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjuni 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Låg produksjon av straum

Trenden frå tidlegare i år med låg produksjon av straum heldt fram i juni 2003. Produksjonen var 7 877 GWh, ein nedgang på 20,1 prosent frå same månad i fjor.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i juni. 1979-2003. GWh

Medverkande årsaker til den låge produksjonen er lite vatn i magasina, liten fare for tap grunna overfylte magasin og forventning om høgare prisar utover mot vinteren. Fyllingsgraden i magasina var på landsbasis 47,9 prosent av total kapasitet i midten av juni (veke 25). Medianen, basert på perioden 1990-2000, var 63,7 prosent. Tal frå Meteorologisk institutt viser at Noreg fekk 90 prosent av normalen med nedbør i juni. Til tross for mindre nedbør enn normalt medverka den låge produksjonen til at fyllingsgraden forbetra seg i forhold til medianen i juni. Medianen synte ein auke i fyllingsgraden på 12,8 prosentpoeng i juni, mens auken nå i juni var 17,2 prosentpoeng. Produksjonen hittil i år har vore 52 343 GWh, som er 20,7 prosent mindre enn i tilsvarande periode førre året. Nettoimport har hittil i år vore 6 457 GWh, medan i fjor var det ein nettoeksport på 3 410 GWh.

Lågt forbruk

Totalt forbruk var 7 759 GWh i juni 2003. Det er 2,8 prosent mindre enn gjennomsnittleg forbruk dei siste fem åra. Behovet for oppvarming forklarar ein stor del av variasjonen i forbruket. Temperaturen var i juni over normalen, men gjev større utslag i vintermånadene enn i sommarmånadene.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. 1997-2003. GWh

Forbruket i kraftintensiv industri var 2 486 GWh som er 0,7 prosent mindre enn juni fjor. Forbruket i kraftintensiv industri er relativt konstant gjennom året, slik at det utgjer ein større del av det totale forbruket på sommaren. Forbruket i kraftintensiv industri utgjorde i juni 32 prosent av det totale forbruket, medan det i januar utgjorde 21 prosent. Hittil i år har det totale forbruket vore 6,1 prosent mindre enn for same periode i 2002.

Høge prisar

Den gjennomsnittlege prisen i spotmarknaden i juni var 20,2 øre/kWh, medan den i juni 2002 var 12,1 øre/kWh. Førre veke(veke 32) var spotprisen 29,6 øre/kWh, medan straumen til vinteren vert handla for 32 øre/kWh (13. august) på den nordiske elektrisitetsbørsen Nordpool.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB