7677_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7677
Rekordhøg mai-import av straum
statistikk
2003-07-10T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetmai 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Rekordhøg mai-import av straum

Låg produksjon og relativt normalt forbruk av straum i mai førte til ein rekordhøg nettoimport for denne månaden. Vi nettoimporterte 1 555 GWh straum, til ein verdi av 362 millionar kroner.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i april. 1979-2003. GWh

Det blei i mai importert 1 663 GWh og eksportert 108 GWh straum. Som tidlegare i år var kraftflyten størst frå Sverige. Importen frå Sverige i denne månaden var 1 103 GWh.

Hittil i år har produksjonen vore 44 446 GWh, noko som er ein nedgang på 20,8 prosent frå tilsvarande periode i fjor. Produksjonen, som i mai var 7 284 GWh, er 17 prosent under gjennomsnittet for mai dei siste 10 åra. Den store nedgangen i produksjonen frå same månaden i fjor kan ses i samanheng med låg magasinfylling og ingen fare for overløp utover mot hausten. Fyllingsgraden for heile landet var ved utgangen av mai 28,2 prosent av total magasinkapasitet. Medianen for uke 22 i perioden 1990-2000 er 46,4 prosent. Tilsiget i dei fire vekene i mai, frå uke 19 til uke 22, var 19 TWh som også er gjennomsnittet for dei siste 13 åra. I inneverande veke (veke 28) er fyllingsgraden 59,1 prosent av total magasinkapasitet.

Økt vindkraftproduksjon

Vindkraftproduksjonen har auka kraftig i år. Auke i vindkraftproduksjonen kjem av utbygging av ny kapasitet. I fjor haust blei to store nye vindparkar sette i drift. Hittil i år har produksjonen vore 99 GWh, mot 19 GWh i same periode i fjor.

Lågare forbruk i kraftintensiv industri

Brutto totalforbruk var i mai 8 839 GWh som er 2 prosent lågare enn gjennomsnittet dei siste 5 åra og 0,5 prosent lågare enn mai i fjor. Alminneleg forbruk auka med 1 prosent i samanlikna med mai i fjor, mens forbruket i kraftintensiv industri gjekk ned med 4,3 prosent.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller: