7679
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7679
Låg produksjon av straum
statistikk
2003-06-12T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetapril 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Låg produksjon av straum

Som i vinter var det òg i april låg produksjon og høg import av straum. Produksjonen av straum var i april 7 424 GWh som er ein reduksjon på 23,7 prosent samanlikna med i fjor. Importen var 1 843 GWh.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i april. 1979-2003. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Hittil i år har produksjonen av straum vore 37 112 GWh, som er 20,3 prosent mindre enn i fjor. Reduksjonen i produksjonen er ulikt fordelt over landet. Førebels i år er produksjonen i dei store produksjonsfylka Hordaland og Telemark gått ned med over 30 prosent i høve til i fjor. Nordland, eit anna stort produksjonsfylke, har som det einaste fylket auka produksjonen med 6,2 prosent. Nordland har i år stått for over 17 prosent av den totale produksjonen i Noreg. Ulik tilgang på vassressursar er ein medverkande årsak til dette. Fyllingsgraden i vassmagasina har vore høgare i Nord-Noreg enn i Sør-Noreg.

Høg import

I april var det ein netto import på 1 709 GWh. Kraftflyten til Noreg var størst frå Sverige. Netto import frå Sverige var 1 089 GWh, mens netto import frå Danmark var 584 GWh. I dei første fire månadene var det ein nettoimport av elektrisk kraft på 5 022 GWh, mens det for same periode i fjor var ein nettoeksport av elkraft på 795 GWh. Verdien av nettoimporten for denne perioden i år var 1,7 milliard kroner, mens det førre året var ein nettoeksportverdi på 150 millionar.

Lågt forbruk i kraftintensiv industri

Forbruket av kraft i kraftintensiv industri var dei 4 første månadene i år 10,9 prosent lågare enn fjoråret. Denne månaden var forbruket 2 343 GWh som er ein reduksjon på 8,7 prosent. Forbruket innanfor dei ulike sektorane i kraftintensiv industri har utvikla seg ulikt i år. Forbruket i produksjon av aluminium og andre metall er om lag det same som førre året, mens forbruket til produksjon av kjemiske råvarer, jern, stål og ferrolegeringar har gått sterkt ned.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB