7683_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7683
Høg import og lågare produksjon av straum
statistikk
2003-04-10T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetfebruar 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høg import og lågare produksjon av straum

Trenden frå tidlegare i vinter med låg produksjon, høg import og lågt forbruk varte ved i februar. Netto import tilsvarte i februar 6,5 prosent av det totale forbruket. Kraftintensiv industri reduserte forbruket i månadene november - februar 2002/2003 i forhold til 2001/2002. Reduksjonen tilsvarar nær 60 000 hushald med eit årleg forbruk på 20 000 KWh kvar.

Det blei importert 1 126 GWh og eksportert 447 GWh i februar, og nettoimporten utgjorde 6,5 prosent av det totale forbruket. I desember og januar tilsvarte netto import høvesvis 3,6 og 7,7 prosent av det totale forbruket. Det var kraftflyt frå Nord-Noreg til Sverige og frå Sør-Sverige til Austlandet.

Uvisse rundt kraftsituasjonen medverka til låg produksjon

Det blei i februar produsert 9792 GWh, som er ein reduksjon på 14,8 prosent frå same månaden i fjor. Gjennomsnittleg produksjon i februar dei siste åra har vore klart høgare. Det var i februar stor uvisse rundt kraftsituasjonen med låg magasinfylling og lågt tilsig. Situasjonen kan ha påverka produsentane til å moderere produksjonen. Etter opplysningar frå Meteorologisk institutt var nedbøren for heile landet i perioden november-februar 75 prosent av normalen. Store produksjonsområde som Vestlandet og Nord-Noreg hadde i februar berre fått 50-75 prosent av den normale nedbøren i vintersesongen. Denne nedbøren skal i den kommande snøsmeltinga vere med på å etterfylle magasina utover våren. For å nå normal fyllingsgrad i 2003, må nedbøren resten av året vere monaleg over normalen.

Lågt forbruk i høve til årstida.

Totalt bruttoforbruk var i februar 10 470 GWh som er 6,5 prosent lågare enn i februar i fjor. Alminneleg forbruk gjekk ned 5,2 prosent. Forbruket i kraftintensiv industri gjekk ned 11,3 prosent i høve til same månad i fjor. Dette følgjar av redusert aktivitet i sektoren, samt at prisnivået i februar gjorde det lønnsamt å halde fram med vidaresal av kraft tilbake til marknaden.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller: