7685
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7685
Stor nedgang i produksjonen av straum
statistikk
2003-03-13T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjanuar 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stor nedgang i produksjonen av straum

Det var låg produksjon, høg import og lågt forbruk av elektrisk kraft i januar 2003. Produksjonen og forbruket blei redusert med respektive 18,7 og 8,2 prosent samanlikna med januar i 2002.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i januar. 1979-2003. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. Januar 1997-januar 2003. GWh

I januar var produksjonen på 10 993 GWh, som er 1 881 GWh mindre enn gjennomsnittleg i januar dei siste fem åra. Det blei i januar eksportert 499 GWh og importert 1 413 GWh. Dette er den nest største importen i januar dei siste ti åra. I januar 1997 var den 1 781 GWh. Det var kraftflyt frå Nord-Noreg til Sverige og frå Sør-Sverige til Austlandet. Til tross for låg produksjon og høg import av straum sank fyllingsgraden i magasina ikkje mye mindre enn normalt. Fyllingsgraden i vassmagasina var ved inngangen (veke 1) og utgangen (veke 5) til januar 49,6 og 40,7 prosent av kapasiteten, som er rekordlågt. Medianen, basert på tidsperioden 1990-2000, er respektive 73,6 og 62,8 prosent. Dette viser at det var lite tilsig i januar. Tilsiget var etter Statnett 3 180 GWh dei første fem vekene av året. Gjennomsnittleg tilsig dei siste 13 åra i desse vekene har vore 4 253 GWh etter Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Lågt forbruk i både alminneleg forsyning og kraftintensiv industri

Det totale bruttoforbruket var 11 907 GWh i januar. Det gjennomsnittlege forbruket dei siste fem åra i januar har vore 12 820 GWh. Alminneleg forbruk gjekk ned 6,9 prosent samanlikna med januar i fjor. Det var i januar stor merksemd rundt kraftsituasjonen med lite vatn i magasina og høge straumprisar. Høge straumprisar og oppmoding frå styresmakta om å redusere forbruket har gjeve insentiver til å spare på straumen. Ein relativ stor del av alminneleg forbruk går til oppvarming og er dermed temperaturavhengig. Middeltemperaturen var i januar over normalen i mesteparten av Sør-Noreg. Sia ein stor del av befolkninga bur i Sør-Noreg, kan dette også ha vore med på å dempe forbruket. Det blei som i desember selt mykje fyringsolje i januar. Salet var 144 millionar liter, som tilsvarar 1,4 TWh. Gjennomsnittleg sal dei siste fem åra tilsvarar 0,7 TWh.

Kraftintensiv industri reduserte sitt forbruk med 13 prosent samanlikna med januar i fjor. Det kjem blant anna av redusert aktivitet i sektoren og noko tilbakesal av kraft i marknaden som er kjøpt billig gjennom langsiktige kontraktar.

Store prisendringar i spotmarknaden

Den gjennomsnittlege prisen i spotmarknaden i januar var 52,3 øre/kWh, mot 19,5 øre/kWh i fjor. Spotprisen har variert mykje denne månaden. Toppnoteringa var 6. januar på 83,1 øre/kWh, mens den lågaste noteringa var 26. januar på 29 øre/kWh. I dag er spotprisen godt under 40 øre/kWh.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB