7687_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7687
Låg strømproduksjon i desember
statistikk
2003-02-13T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetdesember 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Låg strømproduksjon i desember

Redusert forbruk i kraftintensiv industri, låg magasinfylling og forventningar om høgare pris medverka til ein låg produksjon i desember 2002. Produksjonen var 12,7 prosent lågare enn for same månaden i 2001.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i november. 1979-2002. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Det vart produsert 11 943 GWh i desember, som er 819 GWh under den gjennomsnittlege produksjonen for denne månaden dei siste fem åra. Opplysningar frå Noregs vassdrags- og elektrisitetsdirektorat (NVE) viser at tilsiget i vekene 49-52 var på 1,7 TWh. Gjennomsnittleg tilsig for dei same vekene, basert på tidsserien 1990-2002, er 4,1 TWh. Fyllingsgraden i magasina var ved inngangen til månaden 60,6 prosent (veke 49) og 49,7 prosent ved utgangen av månaden (veke 1). Medianen for veke 49 og 1 er høvesvis 81,3 og 73,6 prosent.

Gjennomsnittlege terminprisar for seks og ti veker fram i tid var høgare enn den observerte spottprisen i desember. Høgare terminprisar enn spottprisar viser at ein ventar auka verdi på vatnet. Denne situasjonen kan ha ført til den låge produksjonen.

Det vart importert 1 033 GWh og eksportert 587 GWh i desember. Det var kraftflyt frå Nord-Noreg til Sverige og frå Sør-Sverige til Austlandet. Dette heng saman med overføringskapasiteten mellom Nord-Noreg og Austlandet.

Mindre forbruk i kraftintensiv industri

Kraftintensiv industri reduserte sitt forbruk med 11,9 prosent i desember i høve til 2001. Det totale forbruket til kraftintensiv industri for heile året var 7,8 prosent lågare enn året før. Dette har samanheng med mindre aktivitet i sektoren. Det totale bruttoforbruket for månaden var 12 389 GWh, som er 2,8 prosent mindre enn 2001.

Månadstemperaturen i desember låg under normalen i det meste av landet. Alminneleg forbruk som på kort sikt er temperaturavhengig var 9 979 GWh i høve til 10 007 GWh i 2001. Stor merksemd rundt kraftsituasjonen, høge prisar og ein auke i sal av fyringsolje kan likevel ha minka etterspurnaden. Salet av fyringsolje var på 133 millionar liter i desember, som tilsvarer 1,3 TWh. Gjennomsnittleg sal dei siste 5 åra av fyringsolje i månaden har vore 90 millionar liter, som tilsvarer 0,9 TWh. Differansen på 0,4 TWh tilsvarer 3,3 prosent av det totale forbruket av kraft i desember.

Høg prisstigning

Gjennomsnittsprisen i spottmarknaden for desember 2002 var 54,4 øre/KWh, mot 18,9 øre/KWh i 2001. Prisauken frå november til desember 2002 i spotmarknaden var på heile 71,8 prosent.

Sjå også

Vannmagasinenes fyllingsgrad

Priser på elektrisk kraft

Tabeller: