7689
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7689
Elektrisitetsforbruket auka
statistikk
2003-01-09T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetnovember 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Elektrisitetsforbruket auka

Kaldt vêr i november gav det andre høgaste forbruket av elkraft som er registrert for denne månaden. Samstundes kan den høge kraftprisen ha verka dempande på auken i forbruket.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i november. 1979-2002. GWh

Vi må attende til 1980 for å finne ein kaldare novembermånad, og dette slo ut i det andre høgaste forbruket som er registrert for denne månaden. Bruttoforbruket av elkraft var 11 804 GWh i november 2002, og det er 2,8 prosent meir enn for same månad i 2001, då temperaturen var over normalen. For totalforbruket utanom kraftintensiv industri er det i hovudsak temperaturen som påverkar forbruket på kort sikt, og i denne sektoren auka forbruket med 6,1 prosent i høve til den same månaden i 2001.

Høge kraftprisar kan ha dempa forbruksauken

På tross av auke i forbruket kan det vere at auka prisar og auka merksemd rundt kraftprisane tidlegare i haust, i tillegg til oppmodingar om å spare, har verka dempande på forbruket av elkraft i denne sektoren. Konsumprisindeksen viser at samla kraftpris til hushald i november 2002 var 7,6 prosent høgare enn for same månaden året før. Samla kraftpris inkluderer nettleige og avgifter i tillegg til sjølve kraftprisen.

Kraftintensiv industri brukte mindre elkraft

Forbruket i kraftintensiv industri er ikkje temperaturavhengig, og for denne sektoren fall forbruket med 8,3 prosent i høve til november 2001. Nedgangen i kraftintensiv industri kjem i hovudsak av mindre aktivitet i denne sektoren, ein trend som varte heile fjoråret. Noko kan koma av høge kraftprisar og overgang til bruk av andre energikjelder. Det totale salet av petroleumsprodukt i november 2002 auka med 45,3 prosent i høve til november året før. Salet av petroleumsprodukt til industri, bergverk og kraftforsyning auka med 77,4 prosent i høve til den same månaden 2001. Prisane for kraft i spotmarknaden viser at gjennomsnittsprisen i november var 31,7 øre/kWh, mot 17,0 øre/kWh i 2001. I 1996 var magasinfyllingane om lag dei same på denne tida, og spotprisen var då 22,6 øre/kWh i gjennomsnitt for novembermånaden. Høgare etterspurnad etter kraft i november 2002 i høve til november 1996 kan forklare noko av ulikskapen i pris mellom november 2002 og november 1996.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. 1997-2002. GWh

Produksjonen gjekk ned

Det vart produsert 11 855 GWh i november. Det er ein nedgang på 4,8 prosent i høve til den same månaden i 2001. November var ein uvanleg nedbørfattig månad. Vanlegvis vert november rekna som ein månad i "tappesesongen". I dei store tilsigområda kjem nedbøren i hovudsak i form av snø, som vil gje tilsig til magasina under vårsmeltinga. Lite nedbør i form av snø vil gje forventning om låge tilsig under smeltinga, og med det høgare verdi på vatnet på sikt, og dermed også gje høgare prisar i dag. I november låg den gjennomsnittlege terminprisen tre månader fram i tid over observerte spotprisar. Det indikerer at det kunne vere meir lønnsamt å halde att produksjonen i november for produksjonen seinare. Når ein held attende produksjon vil dette føre til ytterlegare prisauke i dag og lågare pris enn ein elles ville fått i framtida. Det vart importert 596 GWh og eksportert 646 GWh i november.

Sjå også

Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB