7691_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7691
Kaldt vêr gav rekordhøgt elforbruk
statistikk
2002-12-12T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetoktober 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kaldt vêr gav rekordhøgt elforbruk

Etter eit mildt år så langt med lågt forbruk, førte det kalde vêret i oktober til ein kraftig vekst i elforbruket. Oktober var den første månaden med auke i forbruket i høve til i fjor, og forbruket er det høgaste nivået som er målt for denne månaden.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i oktober. 1979-2002. GWh

Det innanlandske bruttoforbruket var på 10 962 GWh i oktober. Det er ein auke på 9,6 prosent i høve til den same månaden i fjor. Frå januar til oktober var bruttoforbruket 95,9 TWh, og det er 5,3 prosent lågare enn for same perioden i fjor. Frå januar til oktober i år har det varme vêret og nedgangen i kraftintensiv industri forklart nedgangen i elforbruket. Den uvanleg kalde oktobermånaden førte til ein brå slutt på denne trenden. For kraftintensiv industri er det i stor grad den økonomiske aktiviteten som avgjer forbruket, og for denne sektoren gjekk forbruket ned med 6,4 prosent i høve til oktober i fjor. Totalforbruket utanom kraftintensiv industri auka med 15,5 prosent. For sektorar som offentleg og privat tenesteyting og hushaldssektoren er det på kort sikt hovudsakleg temperaturen som påverkar forbruket. Prisen på kraft vil også påverke etterspurnaden etter elektrisk kraft for alle sektorar. Konsumprisindeksen viser at samla kraftpris til hushald i oktober i år var 2,5 prosent lågare enn i oktober i fjor. Samla kraftpris inkluderer nettleige og avgifter i tillegg til sjølve kraftprisen. Den same indeksen viser at den samla kraftprisen steig med 12,6 prosent frå juli til oktober, medan den fall med 1,2 prosent i den same perioden i fjor.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Høg produksjon

Det vart produsert 11 824 GWh i oktober. Det er 18,8 prosent meir enn for tilsvarande månad i fjor, og det andre høgaste nivået registrert for denne månaden. Den totale produksjonen i perioden januar til oktober var på 106 TWh. Det er 10,7 prosent meir enn for tilsvarande periode i fjor. Nettoeksporten i denne perioden var 13,8 TWh. Det var nettoeksport også i oktober med 862 GWh. Noko av eksporten har gått med til å dekkje eit vesentleg produksjonsbortfall i Sverige. Den låge vasskraftproduksjonen i Sverige kjem av låg magasinfylling, medan kjernekraftproduksjonen i oktober var lågare enn i fjor på grunn av revisjonar og utfall. Låg magasinfylling var det også i Noreg, og i veke 43 var fyllingsgraden 75,7 prosent av kapasiteten. Det er 13,7 prosentpoeng under medianen for denne veka. Sidan det var lite nedbør i oktober førte den høge produksjonen til ei nedtapping av magasina i oktober. Det har vore lite nedbør dei siste tre månadene, men nedbørsummen for heile landet i perioden januar til oktober var 5 prosent over normalen ifølgje Meteorologisk institutt.

Sjå også Vannmagasinenes fyllingsgrad og Priser på elektrisk kraft .

Tabeller: