7693
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7693
Fortsatt høg kraftproduksjon
statistikk
2002-11-14T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetseptember 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fortsatt høg kraftproduksjon

Kraftprodusentane heldt fram med høg produksjon og eksport også i september. Samstundes kom det lite nedbør, og vassmagasina som normalt vert fylde på denne tida, vart reduserte med 2 prosent.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i september. 1979-2002. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Kraftproduksjonen var i september 23,8 prosent høgare enn for same månad i fjor, og 6,8 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste ti åra. Eksporten på 1 484 GWh er den andre høgste som er registrert for denne månaden. På Austlandet var produksjonen lågare enn for same månaden i fjor, men høgare på Vestlandet og i Nordland. Meteorologisk institutt melder at Austlandet fekk 45 prosent og Vestlandet 38 prosent mindre nedbør enn normalen, medan Nord-Noreg fekk 29 prosent meir enn normalen. Månadsnedbøren for heile landet var 12 prosent under normalen.

Dei siste månadane er det blitt produsert og eksportert mykje kraft i høve til føregåande år. For perioden juli-september vart det produsert 12,1 prosent meir enn gjennomsnittet for dei siste ti åra, og eksporten var dobbelt så høg for denne perioden. Høg produksjon og nedbør under normalen i september har ført til at fyllingsgraden er under median for denne perioden. Når fyllingsgraden vert lågare fører dette til forventningar om høgare verdi av vatnet på sikt, og dermed også til oppgang i prisar i dag.

I perioden juli-september var tilsiget i norske vassmagasin på 29 TWh, medan den var 37 TWh for same perioden i fjor. I den same perioden var nettoimporten 1 498 GWh i fjor, medan det var ein nettoeksport på 5 811 GWh i år. Variasjonane frå år til år gjer det vanskeleg å avgjere kva som er normal gang i produksjon og eksport av kraft. Når ein kraftprodusent vel ein produksjonsstrategi, kjenner han til dagens fyllingsgrad (og hydrologiske høve elles), salsprisen (spotprisen) og marknadens forventningar til prisar i framtida (terminprisar). Det tyder at han vil selje kraft i dag viss prisane han kan oppnå i dag er høgare enn dei han kan oppnå ved kontraktar om levering av kraft i framtida (terminkontraktar). Om terminprisen er høgare, vil det i utgangspunktet vera rasjonelt å halde på vatn slik at ein kan levere kraft i framtida til ein avtalt pris i dag. Dette gjeld ikkje for reine elvekraftverk som ikkje kan lagre vatn. I juli og august var vinterterminprisen markert høgare enn spotprisen. Når kraftprodusentane jamvel vel ein høg produksjon i den perioden, må det kome av andre årsaker. Det er i utgangspunktet ingen kostnad ved å lagre vatn. Men ein kan få prisfall ved fulle magasin, og vatn som renn over vil ein ikkje få utnytta. Prisfallet kan ein sikre seg mot ved kontraktar, men ein kan ikkje sikre seg mot tap av vatn.

I det norske vasskraftsystemet kan 84,1 TWh lagrast i magasina. I eit normalår med haustregn vil magasina nå sitt maksimum i midten av oktober. Medianen for veke 42 er 90,4 prosent av magasinkapasiteten, medan den i år var 78,6 prosent.

Nedgang i forbruket

September var den niande månaden på rad med nedgang i det innanlandske bruttoforbruket. I september var bruttoforbruket 8 110 GWh, og det er ein nedgang på 3,2 prosent i høve til same månaden i fjor. Vi må attende til 1996 for å finne forbruk som er lågare for denne månaden. Forbruket i alminneleg forsyning gjekk ned marginalt, og det er nedgangen i forbruket i kraftintensiv industri som viser igjen i totaltala. Eksporten frå norsk kraftproduksjon har i all hovudsak gått til å dekke ein reduksjon i svensk vasskraftproduksjon utan tilsvarande reduksjon i etterspurnaden i den nordiske marknaden. Svenske kraftprodusentar har i større grad valt å halde på vatnet i magasina.

Sjå også

Vannmagasinenes fyllingsgrad

Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB