7695_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7695
Stor eksport av straum gjev høgare prisar
statistikk
2002-10-10T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetaugust 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stor eksport av straum gjev høgare prisar

Det vart eksportert mykje straum også i august trass i lite nedbør. Dette har ført til lågare fyllingsgrad i vassmagasina og dermed høgare kraftprisar.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i august. 1979-2002. GWh

Kraftprodusentane heldt fram med høg produksjon av kraft også i august trass i lågt innanlands forbruk og lite nedbør. Nedbøren var i gjennomsnitt 70 prosent av normalen. Eksporten frå januar til august er på heile 11 119 GWh. Dette er om lag det dobbelte av gjennomsnittet for tilsvarande periode dei siste 10 åra, og nær det høge eksportnivået for det nedbørrike året 2000. Då utgjorde eksporten for heile året 20 529 GWh. På same tidsrom i fjor var fyllingsgraden under median, og produsentane valte ein låg produksjon til fyllingsgraden var på medianen. I år har produsentane valt høg produksjon slik at fyllingsgraden har gått under medianen. Sidan prisen på kraft varierar med fyllingsgraden vil dette føre til høgare prisar. Til no i år er det produsert 84 748 GWh, og det er 8,4 prosent meir enn for tilsvarande periode i fjor. Produksjonen på 9 727 GWh i august er 23,3 prosent meir enn for same månad i fjor, og er den andre høgaste produksjonen som er registrert for denne månaden. Av dette gjekk 23,6 prosent, eller 2 298 GWh, til eksport til ein verdi av om lag 345 millionar kroner. Det gjev ein gjennomsnittleg pris på 15 øre per kWh. Når produsentane vel å tappe vatn tek dei blant anna omsyn til prisar no på elspotmarknaden og på ulike leveringskontraktar i høve til forventa nedbør og prisar framover.

Nedgang i forbruket

Trenden i forbruket held fram frå januar i år. August er den åttande månaden på rad der forbruket har gått ned samanlikna med same månaden i fjor. I august var bruttoforbruket på 7 496 GWh. Det er 6,5 prosent lågare enn for august i fjor. Forbruket i kraftintensiv industri gjekk ned med 9,5 prosent i høve til same månad i fjor, og dette heng saman med lågare aktivitet i denne industrien. Forbruket i alminneleg forsyning gjekk ned med 5 prosent, og dette forbruket varierar i større grad med temperaturen. Gjennomsnittstemperaturen var i august 3,5 grader over normalen, og er den høgaste for denne månaden sidan dei meteorologiske målingane starta i 1866. I august i fjor var også temperaturen over normalen. Til no i år har forbruket gått ned med 7,3 prosent.

Sjå også

Vannmagasinenes fyllingsgrad

Priser på elektrisk kraft

Tabeller: