7697_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7697
Rekordhøg eksport av straum
statistikk
2002-09-12T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjuli 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Rekordhøg eksport av straum

Det har aldri blitt eksportert så mykje straum i juli månad som i år. Om lag 25 prosent av den totale produksjonen av elkraft i juli vart eksportert til utlandet.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i juli. 1979-2002. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Produksjonen av elkraft var 9 112 GWh i juli. Det er tredje høgaste målte produksjon for denne månaden, og 31,8 prosent meir enn i juli i fjor. Den høge produksjonen kombinert med lågt forbruk førte til ein rekordstor eksport av straum. Det vart eksportert 2 282 GWh til ein verdi av 265 millionar kroner i juli. Noreg har eksportert 8 820 GWh til no i år, 97 prosent meir enn gjennomsnittet for denne perioden dei siste ti åra, til ein verdi av om lag 1,2 milliardar kroner. Fyllingsgraden i magasina låg over medianen i heile juli. Kraftprodusentar som velgjer å tappe vatn frå magasina, tek blant anna omsyn til prisar no i høve til forventa nedbør og prisar til hausten. Det har blitt produsert 75 010 GWh til no i år, og det er 6,8 prosent meir enn for tilsvarande periode i fjor. Høgast produksjon i juli var det i Hordaland med 1 347 GWh.

Forbruket ned

Forbruket av elkraft var 6 865 GWh i juli. Det er ein nedgang på 9,8 prosent i høve til same månaden i fjor, og forbruket for denne månaden har ikkje vert så lågt sidan juli 1993. Dette er sjuande månaden på rad at forbruket faller samanlikna med dei same månadane i fjor, og for heile denne perioden fall forbruket med 7,4 prosent. Månadstemperaturen var over normalen i heile landet i juli, slik den har vore i heile år. Temperaturen påverkar forbruket i større grad i vintermånadane.

Sjå også:

Vannmagasinenes fyllingsgrad

Priser på elektrisk kraft

Tabeller: