7699
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7699
Høg produksjon, lågare forbruk
statistikk
2002-08-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetjuni 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høg produksjon, lågare forbruk

Produksjonen av elkraft var nesten 30 prosent høgare enn juni i fjor, og produksjonen har aldri vert høgare i juni månad bortsett frå året 2000. Samstundes går forbruket ned for sjette månaden på rad.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i juni. 1979-2002. GWh.

Produksjonen av elkraft var 9 825 GWh i juni. Det er 28,9 prosent meir enn tilsvarande månad i fjor. Det har vore meir vatn i magasina enn normalt, og fyllingsgraden i prosent var i gjennomsnitt 70,8 av total magasinkapasitet for juni i år, medan den var 52,2 for same periode i fjor. Til no i år er det blitt produsert 65 896 GWh, og det er 4 prosent meir enn for tilsvarande periode i fjor. Sogn og Fjordane produserte mest kraft i juni med 1 302 GWh.

Lågare forbruk

Brutto innanlands forbruk var 7 903 GWh i juni. Det er ein nedgang på 2,5 prosent samanlikna med same månad i fjor. Det er sjette månaden på rad at forbruket har gått ned, og for heile denne perioden har forbruket falt med 7,2 prosent samanlikna med same periode i fjor. I heile denne perioden har temperaturen vert over normalen, og det gjaldt også for juni. Temperauren gjev større utslag på straumforbruket i vintermånadane enn i sommarmånadane i vårt nordlege klima. Prisane på kraft er noko lågare i juni i år enn i fjor. Nedgangen i forbruket kan skuldast noko lågare aktivitet i industrien.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh.

Eksportoverskot

Det vart eksportert 1 954 GWh i juni. Det er 1 569 GWh meir enn juni i fjor. Importen var 31 GWh mot 871 GWh i fjor. For dei første seks månadane i år har importen gått ned med 51,8 prosent til 3 107 GWh, medan eksporten har auka med 160,4 prosent til 6 539 GWh. Det gjev eit eksportoverskot på 3 432 GWh så langt i år.

Sjå også

Vannmagasinenes fyllingsgrad

Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB