7701
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitet/arkiv
7701
Høg produksjon av elkraft
statistikk
2002-07-11T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitet, Elektrisitet, kraftstasjoner, elektrisitetsproduksjon, elektrisitetsforbruk, strømforbruk, energibruk, strømproduksjon, vannkraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, alminnelig forsyning, pumpekraft, nettleieEnergi og industri, Energi, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitetmai 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høg produksjon av elkraft

Produksjonen av elektrisk kraft var i mai 9 558 GWh. Meir vatn i vassmagasina enn normalt for årstida forklarar noko av den høge kraftproduksjonen. Berre ein gong tidlegare, i 2000, har kraftproduksjonen for mai månad vore høgare. Krafteksporten var også relativt høg i mai.

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft i mai. 1979-2002. GWh

Produksjon, forbruk og eksportoverskot av elektrisk kraft per månad. GWh

Fyllingsgraden i vassmagasina var i uke 20, i midten av mai, 45,2 prosent av total magasinkapasitet. Det er heile 7,5 prosentpoeng høgare enn medianen for denne veka i perioden 1990 til 2000. Trass i for høg produksjon av elektrisk kraft i mai gjorde høgare tilsig enn normalt for årstida i form av snøsmelting og nedbør at vassmagasina steig meir enn normalt denne månaden. Mens fyllingsgraden i vassmagasina var 4,8 prosentpoeng høgare enn medianen i veke 19, var den 9,6 prosentpoeng høgare enn medianen i veke 22.

3,6 prosent høgare kraftproduksjon enn normalen

Total produksjonen av elektrisk kraft i siste tolvmånadersperiode var 122 251 GWh. I eit normalår, det vil seie eit år med normalt tilsig til vassmagasina, er produksjonen av Noregs vassdrags- og energidirektorat berekna å vere 118 TWh. Kraftproduksjonen var dermed 3,6 prosent høgare enn normalen i siste tolvmånadersperiode. I denne perioden kom 99,2 prosent av kraftproduksjonen frå vasskraft og 0,7 prosent frå varmekraft. 36 GWh, eller 0,03 prosent, blei produsert av vindkraft.

Produksjon av elektrisk kraft per fylke i perioden juni 2001 - mai 2002. GWh

Kraftproduksjonen høgast i Nordland

Nordland var det fylket der det blei produsert mest elektrisk kraft i perioden juni 2001 til mai 2002. Då var produksjonen på 14 902 GWh. I Hordaland, der produksjon var nest høgast i denne perioden, var kraftproduksjonen 14 195 GWh. Delen av Noregs totale produksjon på 122 251 GWh var respektive 12,2 og 11,6 prosent i desse to fylka.

Kraftig nedgang i Aust-Agder

I siste tolvmånadarsperiode var Sør-Trøndelag det fylket der det var størst auke i kraftproduksjonen med 19,6 prosent auke i forhold til førre tolvmånadersperiode. Kraftproduksjonen auka frå 4 139 GWh til 4 950 i dette fylket. Den største nedgangen i kraftproduksjonen det siste året var det i Aust-Agder. I perioden juni 2001 til mai 2002 var kraftproduksjonen i dette fylket 4 157 GWh, som er heile 28 prosent lågare enn i førre periode.

Lågare kraftforbruk

Bruttoforbruk av elektrisk kraft var i mai i år 8 860 GWh. Det er 3,2 prosent lågare enn i mai 2001. Nettoeksporten var i mai 699 GWh, og det er den høgaste så langt i 2002. I perioden juni 2001 til mai 2002 var nettoeksporten 1 360 GWh.

Bruttoforbruket av elektrisk kraft i siste tolvmånadersperiode var 120 891 GWh. Det er 4,5 prosent lågare enn i førre tolvmånadersperiode. Forbruket i kraftintensiv industri gjekk i denne perioden ned med 4,9 prosent til 31 726 GWh. Nedgangen i kraftforbruket var størst i produksjonen av jern, stål og ferrolegeringar. Forbruket på 5 955 GWh i perioden juni 2001 til mai 2002 er 17,3 prosent lågare enn i perioden juni 2000 til mai 2001.

Sjå også

Vannmagasinenes fyllingsgrad

Priser på elektrisk kraft

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB