Fall i industriproduksjonen i april

Publisert:

Norsk industriproduksjon gjekk ned 1,6 prosent frå mars til april 2020, viser sesongjusterte tal. Aktiviteten var prega av tiltak for å avgrense spreiinga av koronaviruset i Noreg. I perioden februar-april 2020 viste industriproduksjonen en nedgang på 2,7 prosent samanlikna med førre tremånadersperiode.

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 116,1 (2005=100) i perioden februar-april 2020 mot 119,3 i føregåande tremånedersperiode. Figur 1 visar at dei sesongjusterte tala har hatt ei relativt stabil utvikling det siste året, før produksjonen fall kraftig frå og med mars.

Merk at grunna behandlinga av mars og april som ekstremverdiar er ikkje trendutviklinga etter dette representativ for faktisk utvikling. Trenden har difor blitt tatt ut frå figur 1 for dei seinaste månadene. For meir informasjon, sjå informasjonsboksen om koronaviruset i slutten av artikkelen.

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal. 2005=100

Glatta sesongjusterte Sesongjusterte
Jan. 2015 123.7 122.4
Feb. 2015 122.7 122.6
Mars 2015 121.8 126.8
April 2015 120.9 121.4
Mai 2015 120.2 119.0
Juni 2015 119.5 120.1
Juli 2015 118.9 115.2
Aug. 2015 118.2 118.1
Sep. 2015 117.6 118.8
Okt. 2015 116.9 115.8
Nov. 2015 116.3 116.8
Des. 2015 115.8 115.3
Jan. 2016 115.4 115.1
Feb. 2016 115.1 115.5
Mars 2016 114.8 117.9
April 2016 114.5 114.3
Mai 2016 114.1 114.8
Juni 2016 113.6 112.6
Juli 2016 113.1 113.8
Aug. 2016 112.6 109.9
Sep. 2016 112.4 112.3
Okt. 2016 112.4 112.1
Nov. 2016 112.6 112.2
Des. 2016 113.0 112.7
Jan. 2017 113.5 114.3
Feb. 2017 113.9 114.2
Mars 2017 114.2 114.1
April 2017 114.4 114.2
Mai 2017 114.4 114.3
Juni 2017 114.3 114.3
Juli 2017 114.3 114.7
Aug. 2017 114.4 110.6
Sep. 2017 114.4 114.1
Okt. 2017 114.5 114.2
Nov. 2017 114.6 114.8
Des. 2017 114.7 115.9
Jan. 2018 114.8 113.9
Feb. 2018 114.8 114.6
Mars 2018 114.8 115.0
April 2018 114.9 115.3
Mai 2018 115.1 114.7
Juni 2018 115.5 115.4
Juli 2018 115.8 115.9
Aug. 2018 116.3 116.6
Sep. 2018 116.8 116.1
Okt. 2018 117.4 117.7
Nov. 2018 117.8 118.0
Des. 2018 118.2 118.6
Jan. 2019 118.5 118.4
Feb. 2019 118.9 118.3
Mars 2019 119.2 116.9
April 2019 119.5 119.9
Mai 2019 119.7 120.3
Juni 2019 119.7 119.1
Juli 2019 119.7 120.2
Aug. 2019 119.6 118.9
Sep. 2019 119.5 119.7
Okt. 2019 119.4 119.6
Nov. 2019 119.3 119.1
Des. 2019 119.3 119.2
Jan. 2020 119.7
Feb. 2020 119.1
Mars 2020 115.5
April 2020 113.6
 

Månadsendring: store bransjevise skilnader i april

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen fall med 1,6 prosent frå mars til april 2020. Dette fallet kjem etter ei nedgang på 3 prosent frå februar til mars. Det var særleg arbeidsintensive næringar som opplevde stor nedgang i perioden, deriblant fleire av næringane innafor petroleumsretta leverandørindustri. Strenge smittevernreglar og karantene for tilsette blei meldt som viktige årsakar bak den låge aktiviteten. Det var bygging av skip og oljeplattformar samt næringsgruppa møbelindustri og annan industri som bidrog mest til den samla nedgangen, med fall på høvesvis 15 og 29 prosent.

På den motsette sida bidrog kjemiske råvarer saman med næringsgruppa dataindustri og elektrisk utstyrsindustri til å dempe det samla produksjonsfallet i april med ein klår oppgang på 9,4 og 6,1 prosent høvesvis.

Figur 2. Utvalde industrinæringar. Sesongjustert, prosentvis månadsendring. April 2020/ mars 2020

Prosentvis 3-månadsendring
Møbelindustri og annan industri -29.1
Bygging av skip og oljeplattformer -14.6
Metallvareindustri -4.0
Kjemiske råvarer 9.4

Tremånadsendring: klår nedgang i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen gjekk ned med heile 2,7 prosent i perioden februar-april 2020 samanlikna med førre tremånadersperiode. Det var den låge produksjonen i mars og april som trekte ned aktiviteten samla sett i denne perioden. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog klart mest til nedgangen, medan næringsmiddelindustrien trekte den samla utviklinga i motsett retning med ein solid produksjonsauke i perioden.

Månadsendring: kraftig fall i Eurosona i mars 2020

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i eurosona fall med heile 12 prosent frå februar til mars 2020. Denne kraftige nedgangen skyldast dei ulike tiltaka som vart iverksett for å hindre spreiinga av koronaviruset. Det var produksjon av varige konsumvarer, som til dømes bilar, som hadde størst nedgang, etterfult av produksjon av investeringsvarar. Det landet som opplevde størst fall i industriproduksjonen var Italia, med ein nedgang på over 30 prosent.

I den same perioden hadde industriproduksjonen i Noreg ein nedgang på 3 prosent. Sverige hadde ein marginal nedgang på 0,2 prosent, og Danmark hadde ein nedgang på 0,4 prosent.

For meir informasjon om utviklinga i europeisk industriproduksjon i mars, sjå denne artikkelen frå Eurostat.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Eurosona Noreg
Jan. 2015 97.6 102.5
Feb. 2015 99.7 102.7
Mars 2015 100.5 106.3
April 2015 99.9 101.7
Mai 2015 100.2 99.7
Juni 2015 100.7 100.6
Juli 2015 100.7 96.5
Aug. 2015 99.6 99.0
Sep. 2015 100.2 99.5
Okt. 2015 100.0 97.0
Nov. 2015 100.1 97.9
Des. 2015 100.9 96.6
Jan. 2016 104.0 96.4
Feb. 2016 101.5 96.7
Mars 2016 100.3 98.8
April 2016 101.7 95.8
Mai 2016 100.3 96.2
Juni 2016 101.6 94.3
Juli 2016 101.3 95.4
Aug. 2016 101.5 92.1
Sep. 2016 101.5 94.1
Okt. 2016 102.8 93.9
Nov. 2016 103.2 94.0
Des. 2016 102.8 94.4
Jan. 2017 102.1 95.8
Feb. 2017 103.1 95.7
Mars 2017 103.2 95.5
April 2017 104.0 95.7
Mai 2017 104.3 95.7
Juni 2017 103.8 95.8
Juli 2017 105.6 96.1
Aug. 2017 106.1 92.6
Sep. 2017 105.9 95.6
Okt. 2017 105.7 95.7
Nov. 2017 108.6 96.2
Des. 2017 108.9 97.1
Jan. 2018 107.5 95.4
Feb. 2018 105.3 96.0
Mars 2018 105.3 96.3
April 2018 105.9 96.6
Mai 2018 107.1 96.1
Juni 2018 107.0 96.7
Juli 2018 105.7 97.1
Aug. 2018 106.8 97.7
Sep. 2018 106.3 97.2
Okt. 2018 106.5 98.6
Nov. 2018 105.4 98.8
Des. 2018 105.3 99.3
Jan. 2019 105.9 99.1
Feb. 2019 106.1 99.1
Mars 2019 105.7 98.0
April 2019 105.1 100.5
Mai 2019 105.6 100.7
Juni 2019 104.4 99.7
Juli 2019 104.4 100.7
Aug. 2019 104.4 99.6
Sep. 2019 104.8 100.2
Okt. 2019 104.5 100.2
Nov. 2019 103.8 99.8
Des. 2019 102.2 99.8
Jan. 2020 104.3 100.2
Feb. 2020 104.3 99.8
Mars 2020 91.5 96.7

Tremånadersendring: auke i oljeproduksjonen og kraftforsyning

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 2 prosent i perioden februar-april 2020 samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein klår oppgang på 8,4 prosent, medan utvinning av naturgass hadde ein auke på 1,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne tremånadersperioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein nedgang på 4,7 prosent i perioden. Nedgangen kan mellom anna knytast til strenge smittevernreglar og den låge oljeprisen. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 4,9 prosent, medan det for norsk kraftforsyning var ein vekst på heile 18 prosent i denne perioden. Det var særleg høg kraftproduksjon i mars og april som mellom anna skuldtast eit behov for å gjera plass til mykje vanntilsig i magasina når snøsmeltinga startar for fullt.

1  Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

Industri Utvinning, bergverk, industri og kraft Utvinning og utvinningstenester
Jan. 2010 109.4 92.3 85.1
Feb. 2010 109.7 92.0 84.7
Mars 2010 110.1 91.6 84.4
April 2010 110.8 90.9 83.8
Mai 2010 110.3 90.3 83.6
Juni 2010 111.1 89.3 82.2
Juli 2010 111.8 88.1 80.4
Aug. 2010 112.0 84.9 75.7
Sep. 2010 111.7 83.6 73.7
Okt. 2010 111.4 84.8 75.3
Nov. 2010 112.6 87.4 77.9
Des. 2010 112.6 89.1 80.0
Jan. 2011 112.7 87.7 78.4
Feb. 2011 112.6 87.0 77.9
Mars 2011 113.1 85.8 76.5
April 2011 112.9 84.7 74.9
Mai 2011 113.0 82.3 71.1
Juni 2011 111.7 81.7 70.0
Juli 2011 110.2 81.9 69.7
Aug. 2011 109.6 84.3 72.6
Sep. 2011 110.9 85.6 74.2
Okt. 2011 112.9 86.1 74.5
Nov. 2011 113.8 86.4 74.7
Des. 2011 113.5 85.3 73.6
Jan. 2012 113.9 86.6 74.8
Feb. 2012 113.9 87.3 75.1
Mars 2012 114.0 88.4 75.8
April 2012 113.7 88.4 75.5
Mai 2012 114.4 88.5 75.5
Juni 2012 114.8 88.9 76.0
Juli 2012 115.3 88.0 75.1
Aug. 2012 115.7 87.3 74.0
Sep. 2012 116.3 85.0 70.4
Okt. 2012 116.8 85.2 70.4
Nov. 2012 116.8 84.3 69.3
Des. 2012 116.7 85.3 70.9
Jan. 2013 117.2 83.8 70.1
Feb. 2013 117.7 82.4 69.3
Mars 2013 118.0 80.7 68.4
April 2013 118.8 81.1 68.9
Mai 2013 119.0 82.8 71.1
Juni 2013 120.4 84.0 72.4
Juli 2013 120.8 85.1 73.6
Aug. 2013 121.1 84.5 72.8
Sep. 2013 120.8 83.9 72.1
Okt. 2013 120.3 81.6 69.4
Nov. 2013 120.1 81.5 69.3
Des. 2013 120.2 82.0 69.9
Jan. 2014 120.7 83.7 71.5
Feb. 2014 121.3 84.3 71.8
Mars 2014 121.9 85.2 72.3
April 2014 121.9 85.4 72.3
Mai 2014 122.2 84.2 70.2
Juni 2014 123.0 83.9 69.4
Juli 2014 123.6 83.6 68.8
Aug. 2014 125.2 84.7 70.2
Sep. 2014 124.5 85.7 71.8
Okt. 2014 125.4 87.2 73.6
Nov. 2014 124.6 87.7 74.4
Des. 2014 125.4 87.4 73.7
Jan. 2015 124.1 86.1 72.4
Feb. 2015 123.4 86.1 72.7
Mars 2015 123.9 86.3 72.9
April 2015 123.6 85.4 71.7
Mai 2015 122.4 84.9 71.3
Juni 2015 120.2 85.0 72.0
Juli 2015 118.1 86.2 74.2
Aug. 2015 117.8 87.0 75.4
Sep. 2015 117.4 87.9 76.7
Okt. 2015 117.6 88.1 77.1
Nov. 2015 117.1 87.3 76.2
Des. 2015 116.0 85.4 74.1
Jan. 2016 115.7 85.2 73.7
Feb. 2016 115.3 85.3 73.9
Mars 2016 116.2 85.7 73.7
April 2016 115.9 86.1 74.2
Mai 2016 115.7 86.4 74.7
Juni 2016 113.9 85.3 73.8
Juli 2016 113.7 84.9 73.5
Aug. 2016 112.1 83.2 71.8
Sep. 2016 112.0 81.9 70.1
Okt. 2016 111.4 82.4 71.0
Nov. 2016 112.2 83.9 73.0
Des. 2016 112.3 85.8 75.4
Jan. 2017 113.1 85.7 74.3
Feb. 2017 113.7 85.9 73.6
Mars 2017 114.2 87.0 74.2
April 2017 114.2 87.2 74.5
Mai 2017 114.2 87.2 74.3
Juni 2017 114.3 87.1 73.8
Juli 2017 114.4 86.9 73.4
Aug. 2017 113.2 87.0 73.9
Sep. 2017 113.1 87.5 74.8
Okt. 2017 113.0 86.9 74.0
Nov. 2017 114.4 86.1 72.4
Des. 2017 115.0 84.9 70.4
Jan. 2018 114.9 85.9 70.8
Feb. 2018 114.8 86.9 71.1
Mars 2018 114.5 87.8 71.2
April 2018 115.0 87.3 70.4
Mai 2018 115.0 86.4 69.5
Juni 2018 115.1 86.9 70.9
Juli 2018 115.3 87.3 71.5
Aug. 2018 116.0 88.6 73.2
Sep. 2018 116.2 88.3 72.4
Okt. 2018 116.8 88.8 72.2
Nov. 2018 117.3 87.9 70.5
Des. 2018 118.1 87.3 69.1
Jan. 2019 118.3 85.9 68.2
Feb. 2019 118.4 84.7 67.5
Mars 2019 117.9 83.3 66.8
April 2019 118.4 82.7 65.9
Mai 2019 119.0 82.7 65.5
Juni 2019 119.8 82.4 64.6
Juli 2019 119.9 82.2 64.0
Aug. 2019 119.4 81.5 62.9
Sep. 2019 119.6 81.5 62.5
Okt. 2019 119.4 82.0 63.5
Nov. 2019 119.5 83.7 66.1
Des. 2019 119.3 85.6 69.5
Jan. 2020 119.3 86.0 70.9
Feb. 2020 119.3 86.4 71.9
Mars 2020 118.1 86.8 72.7
April 2020 116.1 87.7 73.7

Sesongjusteringsmetoden justert - koronakrisa

Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blir gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader som ekstremverdiar.

Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesong følgje kvarandre. Eit viktig unntak er siste observasjon, der trendtalet som bereknas i sesongjusteringsrutinen berre vil være ein framskriven verdi og siste observasjon inngår ikkje. Trendtala frå og med mars 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.

SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.

Svarprosent for april 2020

Tala for april blei samla inn i perioden frå 30. mai til 3. juni 2020. Svarprosenten for april 2020 er 93,2 prosent, mot 98 prosent i same månad i fjor.

Påska kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte tala

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.

 

Kontakt