104534_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
104534
Litt lågare folkevekst
statistikk
2013-11-21T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingFødte og døde, Befolkning, Folketall, Flytting, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2013

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Litt lågare folkevekst

1. oktober i år var 5 096 000 personar registrert busette i landet, og folketalet auka med 18 500 i 3. kvartal. Folkeveksten var 2 100 lågare enn i same kvartalet i fjor. Både fødselsoverskotet og nettoinnvandringa var lågare enn på fleire år.

Folkemengd og endringene i kvartalet
3. kvartal 20133. kvartal 2012 - 3. kvartal 2013
AntalProsent
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 077 79860 2801,2
Fødde15 730-492-3,0
Døde9 704-84-0,9
Fødselsoverskot6 026-408-6,3
Innvandring22 816-1 378-5,7
Utvandring10 3403313,3
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring12 476-1 709-12,0
Folkevekst18 502-2 117-10,3
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 096 30058 1631,2

Det vart født 15 700 born i 3. kvartal, medan 9 700 personar døydde. Fødselsoverskotet på 6 000 personar er litt lågare enn for 3. kvartal dei siste fire åra, men held seg likevel på om lag same høge nivået som det har lege på sidan 2008.

22 800 personar innvandra til Noreg, medan 10 300 utvandra. Det gir ei nettoinnvandring på 12 500, som er lågare enn ho har vore for 3. kvartal dei tre siste åra. Nettoinnvandringa frå utlandet er likevel ikkje tilbake til det lågare nivået som galdt før 2007. Ei utvandring på 10 300 er det høgaste talet som nokosinne er registrert i eit 3. kvartal

Samanlikna med dei tilsvarande kvartala i tidlegare år er folkeveksten óg framleis høg, om lag dobbelt så høg som åra før 2007, då arbeidsinnvandringa frå mellom anna dei nye EU-landa i Aust-Europa tok til å stige.

Som i dei seinare åra auka folketalet mest i Oslo og Akershus, samt i Rogaland og Hordaland. I høve til folketalet var veksten størst i Sør-Trøndelag, men trøndelagsfylket var berre så vidt føre Oslo. Sogn og Fjordane hadde den minste veksten – både i reine tal og i høve til folketalet.

For landet sett under eitt steig folketalet med 45 000 personar i dei tre fyrste kvartala i år, noko som er 7 300 mindre enn i same perioden førre året.

Oslo med klårt høgast fødselsoverskot

Som vanleg hadde Oslo det høgaste fødselsoverskotet av fylka, dette galdt òg sett i høve til folketalet. 2 700 vart født, medan 1 000 døydde, slik at fødselsoverskotet i hovudstaden var på 1 700 i 3. kvartal. Samla i dei to fylka Rogaland og Hordaland var fødselsoverskotet 1 600, men folketalet her er 50 prosent høgare enn i Oslo. I dei to innlandsfylka Hedmark og Oppland samla døydde det derimot 9 fleire enn det vart født.

Størst nettoinnvandring av polske og litauiske statsborgarar

Polakkane var, slik dei har vore det dei siste åra, den klårt største gruppa mellom dei utalandske statsborgarane som innvandra - mest dobbelt så mange som kvar av dei to neste gruppene, svenske og litauiske statsborgarar. Det var ikkje store endringane i tala frå 3. kvartal i fjor til same kvartalet i år. Største endringa var talet på somaliske statsborgarar som innvandra, som gjekk ned frå 1 000 til 600. Dei polske, litauiske og svenske statsborgarane utgjorde mest ein tredel av alle ikkje-norske statsborgarar som innvandra.

Svenske statsborgarar var igjen den klårt største gruppa ikkje-norske statsborgarar som utvandra frå Noreg: 1 300 forlét landet. Dermed hadde svenske statsborgarar ei nettoinnvandring på berre 300. Filippinske og danske statsborgarar har òg både høge innvandringstal og høg utflytting, slik at nettoinnvandringa for desse gruppene ikkje vert så høg. Nettoinnvandringa av polske og litauiske statsborgarar låg samla på 3 600 personar. Nettoinnvandringa av 350 spanske statsborgarar er som i 2011 og 2012, men av di det er nokre endringar mellom dei andre gruppene, går spaniarane opp frå ein tiandeplass i 3. kvartal fjor til ein åttandeplass i år. Nettoinnvandringa av statsborgarar frå landa i Sør-Europa med stor arbeidsløyse held seg monaleg stabil. Samla nettoinnvandring av spanske, portugisiske, italienske og greske statsborgarar i 3. kvartal har dei tre siste åra vokse frå 650 til 750 og så til 850. Frå i fjor til i år voks nettoinnvandringa av portugisiske statsborgarar kraftigast, frå 150 til 200.

Største nettoinnvandringa hadde dei to områda Oslo/Akershus og Rogaland/Hordaland med høvesvis 3 000 og 2 800. Dei polske statsborgarane innvandra særleg til Oslo/Akershus og Rogaland/Hordaland, medan dei litauiske statsborgarane i stor grad spreidde seg over heile landet. Svenskane drog særleg til Oslo.

Berre 6 fylke hadde innalandsk nettoinnflytting

6 av fylka hadde innalandsk nettoinnflytting i 3. kvartal, 3 færre enn i same perioden førre året, medan 13 hadde nettoutflytting. Største nettoinnflyttinga hadde området Akershus/Østfold, med 1 250 samla. Det er framleis særleg i innlandet, på Nordvestlandet og i Nord-Noreg det er nettoutflytting. I tillegg var det nettoutflytting i Rogaland. Størst innalandsk nettoutflytting hadde nok ein gong Nordland med 650 personar, litt høgare enn i 3. kvartal 2012. I Sogn og Fjordane og Nordland er nettoutflyttinga størst i høve til folketalet. Størst samla flytteaktivitet, inn til og ut av fylket, finn vi i Oslo. Nærare 5 prosent av innbyggjarane i hovudstaden kom anten til eller drog frå dette fylket i 3. kvartal. I Akershus og Finnmark var talet 3 prosent. Mest stadbundne var folk i Møre og Romsdal og i Telemark.

Mange fødslar på Jæren

Folketalet auka i 275 kommunar, medan det gjekk ned i 145. 217 kommunar har hatt eit fødselsoverskot til no i år. Ser vi på fødselsloverskotet i høve til folketalet, er det som i dei seinare åra i kommunane i Rogaland – spesielt på Jæren – det blir født mange born. 188 kommunar hadde fødselsunderskot, og blant desse finn vi mellom andre fleire kommunar i Hedmark. 7 av dei 12 kommunane med det største underskotet ligg i dette fylket. I høve til folketalet er underskotet stort i fleire nordnorske kommunar.

159 kommunar hadde innalandsk nettoinnflytting, mellom dei fleire kommunar i Akershus: både Asker og Bærum og kommunar rundt Gardermoen. Fleire rogalandskommunar har òg innalandsk flyttevinst. Fredrikstad hadde største vinsten, som byen hadde det førre året. Mellom dei 264 kommunane med innalandsk nettoutflytting finn vi fleire kommunar i Nord-Noreg og på Nordvestlandet, men Stavanger og Oslo skil seg klårt ut som dei kommunane med det største flyttetapet, som i fjor. Den store nettoinnvandringa frå utlandet vog mykje opp for det innalandske flyttetapet i mange kommunar. Dermed fekk særleg Oslo, men til eit visst mon òg Bergen, stor samla nettoinnflytting. Berre 20 kommunar i landet hadde ei nettoutvandring til utlandet.