104536_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
104536
Den høge folketilveksten held fram
statistikk
2013-08-16T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring2. kvartal 2013

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Den høge folketilveksten held fram

I 2. kvartal 2013 auka folketalet med 14 100 personar, og folketalet utgjorde 1. juli nær 5 078 000. Talet på flyttingar frå utlandet var det nest høgaste nokon gong i 2. kvartal med 16 100 innflyttingar.

Folkemengd og endringene i kvartalet
2. kvartal 20132. kvartal 2012 - 2. kvartal 2013
AntalProsent
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 063 70960 7671,2
Fødde15 6701090,7
Døde9 798-428-4,2
Fødselsoverskot5 87253710,1
Innvandring16 1264813,1
Utvandring7 9091 50523,5
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring8 217-1 024-11,1
Folkevekst14 089-487-3,3
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 077 79860 2801,2

Nærare 16 000 fødslar

Det blei født nær 15 700 i 2. kvartal, og 9 800 døydde. Det er 100 fleire fødde og 400 færre døde enn i same tidsrommet i fjor. Fødselsoverskotet blei dermed om lag 500 høgare enn førre året. Fødselsoverskota i 2. kvartal ligg jamt høgare enn fødselsoverskota i 1. kvartal. Dei siste 25 åra har fødselsoverskotet i snitt vore om lag 5 200 i 2. kvartal, medan det tilsvarande talet for 1. kvartal har vore 3 200. Dette er av di fødselstala historisk sett er høgare i 2. kvartal enn i dei andre kvartala.

Flest polakkar og litauarar innvandra

Av dei med utanlandsk statsborgarskap som innvandra til Noreg, var det framleis flest polakkar, med 2 300 innvandringar. Det var òg mange litauarar, 1 200, og svenskar, 1 000, som flytta hit i 2. kvartal.

Om lag som i 2. kvartal i fjor var det størst nettoinnvandring blant dei med polsk, litauisk og somalisk statsborgarskap. Blant dei ti største gruppene er innvandrarar med bulgarsk og indisk statsborgarskap komne til, medan dei med latvisk og spansk statsborgarskap ikkje lenger er blant dei ti største gruppene.

Vekst i nær alle fylka

I alle fylka i landet, bortsett frå i Sør-Trøndelag, voks folketalet i 2. kvartal. Sett i høve til folketalet var det Akershus som voks mest. Deretter fylgde fylka Rogaland og Oslo.

I høve til folketalet var det Oslo, Rogaland og Hordaland som hadde det største fødselsoverskotet. Berre Hedmark hadde fødselsunderskot i 2. kvartal.

Innanlandsk flyttetap i mange fylke

11 fylke hadde flyttetap til andre fylke, størst i Finnmark og Sør-Trøndelag. Samstundes hadde 8 fylke flyttevinst frå andre fylke i 2. kvartal. Klart størst vinst i høve til folketalet hadde Østfold, Akershus og Vestfold.1

Flyttevinst frå utlandet i alle fylka

Alle fylka hadde flyttevinst frå utlandet. Størst flyttevinst sett i høve til folketalet hadde Oslo, Troms, Nordland og Finnmark, mens Sør-Trøndelag, Østfold og Telemark hadde lågast vinst.

Folketalet har auka med 26 500 hittil i år

Det er blitt født 29 800 hittil i år, og 21 200 har døydd, og fødselsoverkottet på nær 8 700 var om lag som i fyrste halvåret i fjor. Med 35 100 innflyttingar og 17 200 utflyttingar hittil i år enda flytteoverskotet på 17 800, som er 5 000 lågare enn i fyrste halvåret 2012. Dette heng saman med dei mange utregistreringane i Det sentrale folkeregisteret som ein særleg gjorde i 1. kvartal.

 

1 Fylkene i dette avsnittet ble rettet, 23.08.2013.

Opprydding gjev etterslep i utvandringsstatistikkenÅpne og lesLukk

Ein del av dei 7 900 utvandringane som er nemnde i teksten, kan gjelde personar som har flytta for lang tid sidan, men ikkje har meldt frå til folkeregisteret. Slike utvandringar kan ”hope” seg opp i statistikken når Skatteetaten har opprydding i Det sentrale folkeregisteret og utregistrerer desse personane. Dei siste åra har denne typen opprydding vore vanleg. I 1. kvartal såg dette ut til å omfatta langt fleire utvandringar enn det ser ut til i 2. kvartal. Det samla talet på utvandringar for 1. og 2. kvartal blir difor høgare enn det ville vore utan denne utregistreringa.