Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Befolkning
Emne: Befolkning
-
Neste publisering
-
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for befolkningsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Middelfolkemengd: Gjennomsnitt av folkemengda ved byrjinga og utgangen av året.
Busett: Kven som blir rekna som busett i Noreg og kvar i Noreg ein person skal reknast som busett, er fastlagd i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til lova er endra fleire gonger, siste gong 1.10.1998.
Nokre hovudpunkt frå registreringsreglane som fortel kven som blir rekna som busett i Noreg: Personar som kjem frå land utanfor Norden, blir rekna som busett i Noreg når dei har teke opphald her eller har tenkt å bli her minst 6 månader, sjølv om opphaldet her er mellombels. Tilsvarande 6-månadersregel gjeld ved flytting frå Noreg til eit land utanfor Norden. Ved flytting mellom Noreg og eit anna nordisk land gjeld ikkje alltid denne 6-månedarsregelen, fordi landa har ulike tidsgrenser. For personar som kjem/flytter til Noreg frå eit anna nordisk land, gjeld likevel 6-månadersregelen, ettersom bustaden blir avgjord etter reglane i innflyttingslandet, jf. ein nordisk avtale om internordisk flytting datert 8. mai 1989. Denne avtalen avløyste ein liknande avtale frå 5. desember 1968. Personar som oppheld seg på Svalbard, Jan Mayen eller norske biland, og som ved utreisa var folkeregisteret i ein norsk kommune, skal framleis reknast som busett i denne kommunen. Tilsvarande regel gjeld for personar på den norske kontinentalsokkelen. Norsk personale ved norsk diplomati og konsulatvesen og norsk militært personell beordra til teneste i utlandet, blir rekna som busett i Noreg. Det same gjeld husstandane deira. Utanlandsk personale ved framandt diplomati og konsulatvesen og utanlandsk personell tilknytt NATO, vert ikkje rekna som busett i Noreg. Det same gjeld husstandane deira. Hovudregelen for kvar i Noreg ein skal reknast som busett: der han/ho har si regelbundne døgnkvile (nattesøvn). Dersom døgnkvila vert teken skiftevis på to eller fleire stader, skal ein person reknast som busett der han/ho etter ei samla vurdering kan seiast å ha sin meir faste tilhaldsstad. Ektefellar med felles heim og personar som har felles heim med barna sine, blir rekna som busette i denne heimen utan omsyn til kvar døgnkvila blir teken. Einslege personar som tek utdanning i ei anna kommune, skal som hovudregel framleis bli rekna som busett der dei budde før utdanninga tok til (bustaden til foreldra). Tilsvarande registreringsprinsipp gjeld også for vernepliktige under førstegongsteneste, sivilarbeidarar, personar i fengsel og personar innlagde på sjukehus. Personar som er innlagde eller plasserte i andre institusjonar eller i privat pleie, blir som hovudregel rekna som busett der når opphaldet er tenkt å vare, eller syner seg å vare, i minst 6 månader. Frå og med mars 1987 til og med januar 1994 vart asylsøkjarar som regel rekna som innflyttarar til Noreg - og derfor også som busette i landet - sjølv om søknaden om opphaldsløyve ikkje var ferdig behandla. Før og etter denne perioden har berre asylsøkjarar med opphaldsløyve blitt registrerte som busette.
Folketilvekst: Det er to måtar å berekne folketilvekst på; 1) summen av fødselsoverskot og nettoinnflytting, eller 2) differensen av folkemengd 1.januar år n+1 minus folkemengd 1. oktober (eller 1. januar år n). Ideelt sett skulle dei to måtane gje same resultat. Lang erfaring har synt at det alltid er eit avvik i befolkningsrekneskapet, noko som skyldast korreksjonar, annulleringar, forsinka meldingsgang osb.
Korreksjonspost: Differansen mellom dei to måtane å rekne ut folketilvekst på, og viser omfanget av avvika nemnd over.
I all kvartalsstatistikk fram til 4. kvartal 2005, og alle førebels endringstal for heile året til og med 2004 har folketilveksten blitt rekna som summen av fødselsoverskot og nettoflytting, og gitt grunnlag for førebels folketal. Folketalet 1. april, 1. juli og 1. oktober vil halde fram med å bli berekna på dette viset. Fordi førebels tal er erstatta av endelege tal for folkemengd frå 1. januar 2006 vil folketilveksten for eit år i alle samanheng bli rekna som folkemengd 1. januar år n+1 minus folkemengd år n, og tilsvarande vil folketilveksten for 4. kvartal bli rekna som folkemengde 1. januar år n+1 minus folkemengd 1. oktober.
Fødselsoverskot: Fødde minus døde, òg kalla "naturleg folketilvekst". Minusteikn tyder fødselsunderskot.
Fødde: Levendefødde.
Innflyttingar, utflyttingar: Som flytting reknas flytting for ein person mellom to norske kommunar eller mellom ein norsk kommune og utlandet. Viss ein person flyttar fleire gonger innan same kalenderår, tel kvar gong som ei flytting. I flyttetala for fylker er flyttingar mellom kommunane i fylket ikkje rekna med.
Nettoinnflytting: Innflyttingar minus utflyttingar. Minusteikn tyder netto utflytting.
Opprydding i folkeregisteret. Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg.