256421_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkemengde/kvartal
256421
Innanlandsk flyttevinst i Akershus, tap i Rogaland
statistikk
2016-02-19T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false
Folketalet nådde 5 214 000 ved årsskiftet etter ein vekst i 2015 på 48 200. Veksten var lågare enn dei føregåande åra, særleg på grunn av høgare utvandring. Rogaland hadde klårt større innanlandsk flyttetap enn i 2014, medan Akershus såg ein langt høgare vinst.

Befolkning4. kvartal 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Innanlandsk flyttevinst i Akershus, tap i Rogaland

Folketalet nådde 5 214 000 ved årsskiftet etter ein vekst i 2015 på 48 200. Veksten var lågare enn dei føregåande åra, særleg på grunn av høgare utvandring. Rogaland hadde klårt større innanlandsk flyttetap enn i 2014, medan Akershus såg ein langt større vinst.

Folkemengd og endringane i kvartalet. Antal
4. kvartal 20154. kvartal 2014Endringar frå tilsvarande periode året før
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 205 4345 156 45148 983
Fødde13 21813 358-140
Døde10 22110 521-300
Fødselsoverskot2 9972 837160
Innvandring15 82916 073-244
Utvandring10 3979 484913
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring5 4326 589-1 157
Folkevekst8 5519 351-800
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 213 9855 165 80248 183

Folketalet vaks i alle fylka i 2015, men i tolv av fylka var veksten lågare enn i 2014. Dei to fylka med klårt størst folkevekst var Oslo og Akershus, med ein vekst på 20 300 samla. Men medan veksten i Akershus i 2015 var 500 høgare enn i 2014, var det omvendt i Oslo, der veksten i 2015 var 2 500 lågare enn i 2014. Samla hadde altså desse to fylka ein noko lågare vekst i 2015 enn året før.

Den samla folkeveksten i Rogaland og Hordaland var 9 000, noko som var 3 800 lågare enn året før. Særleg var skilnaden stor for Rogaland, der veksten i 2015 var 2 800 lågare enn i 2014. Det var dei to fylka Rogaland og Oslo som hadde største nedgangen i vekst frå 2014 til 2015.

I dei to fylka Buskerud og Vestfold steig folketalet samla med 5 250, og dette var ein vekst som var 900 større enn året før. Saman med Østfold og Akershus var det desse to fylka som hadde klårt større vekst i folketalet enn året før.

I fylke som Oslo og Hordaland er veksten i folketalet jamt fordelt mellom fødselsoverskot og nettoinnflytting, medan det i fylke som Østfold, Akershus, Buskerud og Vestfold er nettoinnflyttinga som er hovudårsaka til folkeveksten. I Rogaland var det i 2015 fødselsoverskotet som var hovudårsaka til veksten. I fylke som Hedmark, Oppland og Telemark døydde fleire enn det vart fødd, men nettoinnflyttinga vog opp for dette slik at dei likevel hadde ein folkevekst.

Lågaste samla fertilitetstal på 30 år

Samla fertilitetstal for 2015 var 1,73, noko lågare enn året før. I 2010 var talet 1,95, og det var berre i åra fra 1980 til 1986 at talet har vore lågare enn i 2015. Fertilitetstalet i Noreg varierte frå 1,87 i Rogaland til 1,59 i Telemark.

Akershus i ei særstilling med innanlandsk nettoinnflytting

Alle fylka med unntak av Finnmark hadde netto total innflytting. I absolutte tal og prosentvis var den samla nettoinnflyttinga størst i Akershus.

Ein kan dele flyttinga inn i to undergrupper: flytting frå og til utlandet og innanlandsk flytting. Slik får ein sjå skilnader mellom fylka for desse to undergruppene.

Sju av fylka hadde overskot av innanlandsk flytting, det vil seie at det flytta fleire inn frå resten av landet enn det flytta folk ut til dei andre delane av landet. Akershus skiljar seg klårt ut med eit samla innanlandsk flytteoverskot på 5 000. Det var heile 2 000 fleire enn i 2014 og 58 prosent av det samla overskotet for dei fylka som hadde det. Østfold har óg ei større netto innanlandsk innflytting enn året før, 1 500. Eit anna område med samla sett eit nesten like stort overskot var dei to fylka Buskerud og Vestfold, og der var óg nettoinnflyttinga større enn året før.

I tolv fylke var det derimot innanlandsk nettoutflytting, det vil seie at det flytta fleire ut til dei andre delane av landet enn det flytta folk inn frå resten av landet. Største flyttetapet hadde Nordland. Størst skilnad frå 2014 til 2015 såg ein derimot i Rogaland, der eit innanlandsk flyttetap i 2014 på 250 vart til eit tap i 2015 på 1 100. Dette har antakeleg samanheng med endringane ein har sett i arbeidsmarknaden i seinare tid. Innlandsfylka Hedmark og Oppland, og så heile strekninga rundt kysten frå Telemark til og med Finnmark – med unntak av Sogn og Fjordane – såg lågare netto innanlandsk innflytting enn året før.

Nettoinnvandringa frå utlandet var i 2015 størst i Oslo med 4 600. Seks andre fylke låg i ei gruppe med tal mellom 2 500 og 1 800. I prosent av folketalet var ho derimot størst i to av dei nordlegaste fylka, Finnmark og Troms. Nettoinnvandringa frå utlandet vog opp for innanlandsk flyttetap og fødselsunderskot i fleire fylke. Folketalet vaks i alle fylka i landet, men utan innvandringsoverskotet ville folketalet ha gått attende i 9 av dei 19 fylka og klårt mest i Nordland med 1 800.

Lågaste befolkningsvekst sidan 2006

Folketalet i Noreg vaks med 48 200 i fjor, og dette var 8 600 lågare vekst enn i 2014 og den lågaste sidan 2006. Høgare utvandring og lågare registrert innvandring frå utlandet er hovudårsaka til dette. Nettoinnvandringa frå utlandet minka med 8 350 frå 2014 til 2015, ned frå 38 150 til 29 800, og har ikkje vore lågare sidan 2006. Nettoinnvandringa er likevel framleis høg historisk sett og langt høgare enn åra før 2006. Det vart registrert 67 300 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2015, noko som var 2 750 færre enn året før. 37 500 personar vart registrert utvandra, noko som er 5 600 fleire enn førre året, og dette er det høgaste talet som nokosinne er registrert

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg, vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Syriske statsborgarar nest største gruppa som innvandra

Nettoinnvandringa av utanlandske statsborgarar har minka jamt frå 48 700 i 2012 gjennom 38 100 i 2014 og no til 31 700 i 2015. Av dette var det ei nettoinnvandring av europeiske statsborgarar på 14 700, mest 9 000 mindre enn året før. Det vil seie at nettoinnvandringa av ikkje-europeiske statsborgarar dermed gjekk opp frå 14 500 i 2014 til mest 17 000 i 2015. Desse utgjorde over helvta av nettoinnvandringa i 2015, medan dei året før berre utgjorde 38 prosent. Europeiske statsborgarar stod difor for ein lågare del av den totale nettoinnvandringa i 2015 enn året før, ned frå 62 til 46 prosent. I tillegg til desse tala kom at 8 200 norske statsborgarar innvandra og 10 100 utvandra, slik at det var ei nettoutvandring av norske statsborgarar på 1 900.

Statsborgarar frå sju land hadde ei nettoinnvandring på meir enn 1 000, og tre av desse landa er europeiske. Polske statsborgarar var framleis den største gruppa, men ei nettoinnvandring på 4 700 er langt mindre enn då talet var på sitt høgaste med 12 900 i 2007. Nettoinnvandringa av litauiske statsborgarar på 1 400 var og langt lågare enn då talet i 2011 var 7 300. Arbeid og familie er hovudårsaker til innvandringa for desse gruppene. Nettoinnvandringa av svenske statsborgarar har gått jamt attende dei siste åra, frå 3 300 i toppåret 2010 til at det i 2015 var så vidt fleire svenskar som utvandra enn dei som kom, slik at det faktisk vart ei nettoutvandring på 20.

Personar med flyktningbakgrunn frå Syria, Eritrea, Somalia og Afghanistan utgjorde fire av dei sju store gruppene. Syriske statsborgarar utgjorde i 2015 den nest største gruppa, med ei nettoinnvandring på 4 000 var det dobbelt så mange som året før. Nettoinnvandringa frå Somalia, Eritrea og Afghanistan samla gjekk opp frå 4 900 i 2014 til 6 100 i 2015.

For statsborgarar frå ein del europeiske land er det slik at sjølv om ein god del innvandrar, er det like mange som utvandrar, noko som fører til ei nettoinnvandring som enten er svært låg eller og negativ. Dette gjeld i tillegg til dei før nemnde svenskane, óg for statsborgarar frå Danmark, Frankrike og Tyskland.

Fødselsoverskotet på same nivå

59 000 born vart fødd i 2015, mest like mange som året før. Dette er 2 700 færre enn i siste toppåret 2009, men ligg på same nivå som i dei 30 siste åra. Det døydde 40 700 i 2015, noko som var 300 fleire enn året før, men så må ein attende til midten av 1970-talet for å finna lågare tal, men då var folketalet meir enn ein million lågare enn no. I prosent av folketalet var talet på døydde i 1977 0,99 prosent. I 2014 var det berre 0,786 prosent, det lågaste prosenttalet som då var registrert her til lands så langt attende vi har årlege registreringar, og det vil seie heilt sidan 1735. I 2015 var prosenttalet like lågt som året før.

Fødselsoverskotet på 18 300 var 350 lågare enn i 2014, men sidan midten av 1970-talet var det berre i åra 2008-2011 og i 2014 at det var høgare fødselsoverskot. På 1980-talet var det særs lågt, og i 1985 vart det berre født 6 750 fleire enn det døydde. I 2015 var det fødselsoverskot i alle fylko, bortsett frå – som vanleg har vore dei seinare åra - i dei tre fylka Hedmark, Oppland og Telemark. Som dei førre åra er fødselsoverskotet både i reina tal og i høve til folketalet klårt størst i Oslo og deretter i Rogaland.

Som vanleg var det óg ein auke i levealderen for menn og kvinner, og etter måten var han ganske stor frå året før for menn. Ein gut som vart fødd i 2015 kan rekna med å leve i 80,4 år, medan ei jente kan venta seg 84,2 år. Dette er ein auke på fem månader for gutar frå året før og ein månad for jenter.

Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk

Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje medrekna i desse tala. Ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Skattedirektoratet har ein pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar desse personane.

Asylsøkjarar utan opphaldsløyve kjem ikkje med i statistikkenÅpne og lesLukk

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.