6226_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkemengde/arkiv
6226
Framleis høg folkevekst
statistikk
2010-02-18T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis høg folkevekst

Folketalet i Noreg auka med 58 900 i 2009, noko som er 3 100 mindre enn i 2008. Folkeveksten ligg likevel framleis på et høgt, historisk nivå. Ved årsskiftet var det 4 858 200 busette her i landet.

Sett i høve til folketalet var folkeveksten høg i 2009, med ein vekst på 1,23 prosent. Året før, i 2008, var tilsvarande folkevekst 1,31 prosent, som til då var det høgaste sidan 1920.

364 000 er born under 6 år

Ved årsskiftet var 7,5 prosent av dei busette born under 6 år. Born under 6 år stod for ein dobbelt så stor del av folkemengda på 1900-talet, med 15 prosent. I åra frå 1900 - 2010 har talet på born under 6 år variert mellom 244 100 (1938) og 394 400 (1972). For storleiken på småbornskulla har nedgangen i barnedøydelegheit hatt størst innverknad gjennom tida, i samspel med talet på fødde og inn- og utvandringar.

Ved årsskiftet var nær 13 prosent av dei busette i aldersgruppa 6-15 år, medan 16-19-åringane stod for 5,3 prosent av befolkninga

Folkemengd etter alder. 1.januar 1900- 2010

Folkemengd etter alder. 1.januar 1900-2010. Prosent

Delen av småborn i alderen 0-5 år varierer i kommunane i landet frå bortimot 10 prosent av befolkninga i kommunane med størst del småborn, til ned mot 3 prosent i kommunane med lågast del.

Flest eldre i Hedmark, færrast i Akershus og Rogaland

Vel 60 prosent av dei busette var i aldersgruppa 20-66 år ved siste årsskifte, medan vel 8 prosent var i aldersgruppa 67-79 år. Dei aller eldste som var 80 år og over, stod for 4,5 prosent av folkemengda. Sett i høve til folketalet var det Hedmark som hadde flest busette 80 år og over, medan delen var lågast i Akershus og Rogaland.

831 prosent fleire kvinner enn menn 80 år og over

Befolkninga fordeler seg på 2 426 750 menn, og 2 431 450 kvinner. Totalt er det 4 700 fleire kvinner enn menn. I aldrane opp til og med 65 år er det fleire menn enn kvinner, medan det er fleire kvinner enn menn blant dei over 65. Ved årsskiftet var 220 000 i aldersgruppa 80 år og over, 77 600 menn og 142 400 kvinner, noko som gjev eit kvinneoverskot på 831 prosent i denne aldersgruppa.

1  Tallet er rettet 3. mars 2010.

Tal for folkemengd etter kjønn og alder blir publiserte samtidig som det blir publisert endringstal for 4. kvartal 2009 og for heile kalenderåret 2009, sjå kvartalstala . Meir detaljert statistikk om folkemengd etter statsborgarskap og sivilstand vil liggje føre 11. mars.



Dei ti kommunane med flest/færrast 0-5-åringar. 1. januar 2010. Prosent
Flest 0-5-åringer        Færrast 0-5-åringer  
Kommune Prosent      Kommune Prosent
Rennesøy 9.96      Utsira 4.59
Askøy 9.76      Flatanger 4.53
9.71      Gamvik 4.46
Sola 9.48      Beiarn 4.40
Klepp 9.42      Lødingen 4.36
Førde 9.40      Flakstad 4.09
Klæbu 9.36      Loppa 3.86
Skaun 9.27      Tydal 3.84
Os (Hordaland) 9.24      Berg 3.78
Meland 9.21      Ibestad 3.27

Dei ti kommunane med flest/færrast 80 år og over. 1. januar 2010. Prosent
Flest 80 år og over       Færrast 80 år og over  
Kommune Prosent      Kommune Prosent
Ulvik 9,92      Ullensaker 2,66
Ibestad 9,30      Klepp 2,55
Bø (Nordland) 9,29      Rælingen 2,55
Rendalen 9,21      Vestby 2,55
Vik 9,18      Randaberg 2,39
Lavangen 8,99      Enebakk 2,34
Sandøy 8,94      Nittedal 2,32
Granvin 8,66      Gjesdal 2,31
Roan 8,61      Fjell 2,30
Dyrøy 8,60      Klæbu 1,98

Dei ti kommunane med flest/
færrast menn. 1. januar 2010. Prosent
Flest menn        Færrast menn  
Kommune Prosent      Kommune Prosent
Verran1 56,83      Bø (Telemark) 48,85
Utsira 55,50      Nøtterøy 48,80
Snillfjord 54,61      Hamar 48,77
Loppa 54,37      Kongsvinger 48,75
Lebesby 53,35      Leikanger 48,67
Moskenes 53,10      Lillehammer 48,55
Hyllestad 53,00      Tinn 48,09
Hægebostad 52,89      Leka 47,89
Grane 52,87      Bjarkøy 47,72
Austrheim 52,81      Værøy 47,04
1  Talet på busette, særleg menn, i Verran kan
innehalde feilregistreringar. Det er uvisst om
dei som har meldt flytting til kommunen frå
utlandet særleg i 2007 og no er registrert
busette der, i røynda held til i kommunen.

Tabeller: