6230
/befolkning/statistikker/folkemengde/arkiv
6230
4 799 000 busette i Noreg ved årsskiftet
statistikk
2009-02-19T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 799 000 busette i Noreg ved årsskiftet

Med 4 799 252 busette her i landet ved årsskiftet har folketalet allereie i januar runda 4,8 millionar. Folketalet auka med 62 100 i 2008, noko som er 6 000 meir enn i 2007.

Folkemengd 1. januar 1900-2009

Sett i høve til folketalet var folketilveksten i 2008 på 1,31 prosent, den høgaste som er registrert etter 1920. Dette var også høgare enn i 1946, då denne tilveksten var 1,26 prosent.

To tredelar bur i sentrale kommunar

I alt 67 prosent av befolkninga her i landet bur i dei mest sentrale kommunane (sentralitet 3), og noko under 10 prosent bur i dei minst sentrale kommunane (sentralitet 0). For definisjon av sentralitet, sjå tekstboks.

Sentralitet

Med sentralitet meiner ein kor kommunen ligg geografisk, sett i høve til tettstader av ulike kategoriar. Det er fire hovudnivå for sentralitet, koda 3-0, alt etter reisetid frå dei ulike tettstadene. Ein kommune har sentralitet 3 (mest sentrale kommunar) når tyngdepunktet for befolkninga ligg innafor ei reisetid på 75 minuttar frå ein tettstad med minimum 50 000 innbyggjarar (90 minuttar frå Oslo). For å få sentralitet 3 må tettstaden og fungere som regionsenter. Sentralitet 2 (noko sentrale kommunar) tyder at det er maksimal reisetid på 60 minuttar til ein tettstad med minimum 15 000 innbyggjarar. Sentralitet 1 (mindre sentrale kommunar) vil seie at det er ei maksimal reisetid på 45 minuttar til ein tettstad med minimum 5 000 innbyggjarar. Kommunar som ikkje fyller nokre av desse krava (minst sentrale kommunar), får sentralitet 0.

Folkemengd, etter alder og sentralitet. 1. januar 2009. Prosent

Kommunar, etter sentralitet

Ung befolkning i og rundt regionsentra

Gjennomsnittsalderen i befolkninga er 39 år, men det er store skilnader mellom dei ulike delane av landet. Befolkninga er relativt ung i og rundt dei regionale sentra og på kysten av Sør- og Vestlandet.

Gjennomsnittsalder i befolkningen. Fylker. 1. januar 2009
Fylker Gjennomsnittsalder
Hele landet 39
01 østfold 40
02 Akershus 38
03 Oslo 38
04 Hedmark 42
05 Oppland 42
06 Buskerud 40
07 Vestfold 40
08 Telemark 41
09 Aust-Agder 39
10 Vest-Agder 38
11 Rogaland 37
12 Hordaland 38
14 Sogn og Fjordane 40
15 Møre og Romsdal 40
16 Sør-Trøndelag 39
17 Nord-Trøndelag 40
18 Nordland 40
19 Troms Romsa 39
20 Finnmark Finnmárku 39

Kommunane Vadsø, Alta, Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo har ung befolkning, med gjennomsnittsalder frå 36 til 38 år. Også innbyggjarane i omlandskommunane til dei største byane har låg, og ofte enda lågare, gjennomsnittsalder enn i byane. Jæren og kommunane rundt skil seg ut med ei særs ung befolkning. Sju av dei åtte Jæren-kommunane er blant dei ti i landet med lågast gjennomsnittsalder, 34 til 36 år. Stavanger ligg ikkje stort høgare, med 37 år.

Gjennomsnittsalder i kommunane

Mange eldre i innlandet

Kommunane langs svenskegrensa har mange eldre og få unge. Det same er tilfellet med bortimot alle andre innlandskommunar i heile landet. Nokre unnatak er det, som Bykle, Hemsedal, Kautokeino og Karasjok.

Befolkninga i alle kommunane i Hedmark har gjennomsnittsalder over snittet for landet. Oppland og Telemark har éin kommune kvar som ligg på landsgjennomsnittet, medan alle dei andre ligg over.

Ibestad (Troms), Leka (Nord-Trøndelag) og Rendalen (Hedmark) har høgast gjennomsnittsalder, med 47-48 år. Dette er 10-14 år høgare enn gjennomsnittsalderen i kommunane på Jæren.

Av folkemengda i heile landet var 26 prosent under 20 år, 61 prosent var i aldersgruppa 20-66 år, og 13 prosent var over 66 år. I dei mest sentrale kommunane (sentralitet 3) var denne fordelinga 25-63-12 prosent, og i dei minst sentrale kommunane (sentralitet 0) 25-58-17 prosent. Skilnaden mellom dei mest og minst sentrale kommunane er altså at det relativt sett er færre i yrkesaktiv alder og fleire eldre i dei minst sentrale kommunane.

Tal for folkemengd etter kjønn og alder blir publiserte samtidig med endringstal for 4. kvartal 2008 og for heile kalenderåret 2008, sjå kvartalstala . Meir detaljert statistikk om folkemengd etter statsborgarskap og sivilstand vil liggje føre 12. mars.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB