102720
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
102720
Folketalet var 5 109 000 ved årsskiftet
statistikk
2014-02-20T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Folketalet var 5 109 000 ved årsskiftet

Folketalet voks med 57 800 i 2013, til 5 109 100 busette i Noreg ved siste årsskiftet. Utanlandske statsborgarar stod for 9,5 prosent av folketalet, med 483 200 busette.

Folkemengde, etter alder. Per 1. januar
2014Endring i prosent
2013 - 20142009 - 20142004 - 2014
I alt5 109 0561,16,511,6
 
0 år59 335-2,0-2,24,8
1-5 år316 4090,66,67,6
6-12 år428 0770,40,0-1,6
13-15 år190 040-0,10,23,0
16-19 år262 7890,42,519,4
20-44 år1 744 9611,06,59,5
45-66 år1 408 7230,97,318,3
67-79 år477 9625,820,421,3
80 år og over220 760-0,40,55,5

Talet på menn voks med 31 500, medan talet på kvinner voks med 26 300. Det utgjer 2 567 400 menn og 2 541 600 kvinner. Det stadig aukande mannsoverskotet frå 2010 enda opp med eit overskot av menn på 25 800 per 1. januar 2014. Eit overskot av menn blant dei som har innvandra sidan EU blei utvida i 2006 har bidrege til dette overskotet.

Flest polakkar blant utlendingane

Blant dei 483 200 utanlandske statsborgarane som er busette her i landet, stod polakkane for 18 prosent. Det svarar til 85 600 busette, som er 8 500 fleire enn året før. Polske menn stod for heile 5 100 av denne veksten.

Dei andre større gruppene med utanlandske statsborgarar ved siste årsskiftet var svenske og litauiske statsborgarar, med respektive 44 200 og 35 800 busette.

Personar med litauiske statsborgarskap er den gruppa med utlendingar som voks nest mest etter polakkane i 2013, med ein vekst på 5 000.

Høgast gjennomsnittsalder i aust og lågast i vest

Gjennomsnittsalderen i befolkninga er rekna til å vere 39,4 år for heile landet. Rogaland og Oslo er fylka med forholdsvis flest born og færrast eldre. Desse fylka har dermed den lågaste gjennomsnittsalderen, med under 38 år.

Vest-Agder, Hordaland, Akershus og Sør-Trøndelag fylgjer deretter med gjennomsnittsalder på 38 år. Hedmark og Oppland er dei fylka som relativt sett har flest eldre. Desse fylka har dermed høgast gjennomsnittsalder, med respektive 42,6 og 42,2 år.

Alderssamansetjinga i befolkninga har òg endra seg mykje over tid. Ser ein på Noreg for 100 år sidan, då folketalet var helvta av i dag, var det 341 100 born under seks år. I dag er ikkje talet så mykje høgare, 375 700. Borna utgjorde for 100 år sidan 14 prosent av folketalet, medan dei i dag utgjer om lag 7,4 prosent. På den andre sida var det då 160 300 over 66 år, medan talet i dag er 698 700. Då utgjorde dei 6,5 prosent av folketalet, i dag over dobbelt så mykje.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB