92352
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
92352
9 prosent utanlandske statsborgarar
statistikk
2013-03-13T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

9 prosent utanlandske statsborgarar

Ved årsskiftet budde det 449 000 utanlandske statsborgarar i Noreg. Dei utgjorde dermed nærare 9 prosent av dei 5 051 000 busette her i landet.

Folkemengde, etter alder. Per 1. januar
2013Endring i prosent
2012 - 20132008 - 20132003 - 2013
I alt5 051 2751,36,611,0
 
0 år60 5300,13,28,8
1-5 år314 4840,87,55,5
6-12 år426 5090,4-1,0-2,1
13-15 år190 264-0,60,87,4
16-19 år261 6660,83,721,3
20-44 år1 728 0681,46,98,1
45-66 år1 396 5421,38,719,8
67-79 år451 6274,314,312,9
80 år og over221 5850,01,48,1

Talet på utanlandske statsborgarar voks i 2012 med 41 500 personar, til nærare 449 000. Det svarar til 63 prosent av den totale folketilveksten på 65 400 i fjor. Dette er den største auken i utanlandske statsborgarar nokon gong: 3 500 større enn i 2011.

Det var talet på polske statsborgarar som auka mest i 2012, slik det har vore kvart år sidan 2004. Auken på 10 500 i 2012 var om lag 1 000 lågare enn i 2011. Ved årsskiftet budde det 77 100 personar med polsk statsborgarskap i Noreg, og dei utgjorde den største gruppa med utanlandsk statsborgarskap. Litauiske statsborgarar var dei som i tal voks nest mest i 2012, med ein oppgang på 6 700, til 30 700 busette. Elles var det gruppene med eritreisk og somalisk statsborgarskap som hadde størst vekst, med respektive 2 400 og 2 200 personar i 2012.

Svenske statsborgarar, i alt 43 100, utgjorde den nest største gruppa med utanlandsk statsborgarskap her i landet ved årsskiftet. Det var òg mange tyskarar og danskar busett her, respektive 24 400 og 21 900.

Stadig fleire menn blant polske statsborgarar

Dei 77 100 polske statsborgarane ved siste årsskiftet utgjorde 17 prosent av alle busette med utanlandsk statsborgarskap. Blant polakkane i Noreg var 62 800, eller 81 prosent, i aldersgruppa 20-66 år. Dette er ein langt større prosentdel enn i befolkninga elles, der aldersgruppa utgjer 62 prosent. Blant polakkane i alderen 20-66 år var det over dobbelt så mange menn som kvinner: 44 500 menn og 18 300 kvinner. Talet på polske menn i denne aldersgruppa har vakse frå 8 700 i 2007, og veksten heng saman med aukande arbeidsinnvandring til Noreg.

375 000 barn under 6 år

Ved årsskiftet var 7,4 prosent av alle busette i Noreg barn under 6 år, medan 12,2 prosent var 6-15 år og 5,2 prosent 16-19 år. Dei under 6 år utgjorde ein dobbelt så stor del av folkemengda, 15 prosent, omkring år 1900. Etter 1900 har talet på barn under 6 år variert mykje, mellom 244 100 i 1938 og 394 400 i 1972. For storleiken på småbarnskulla har særleg talet på kvinner mellom 20 og 45 år og kor mange barn kvar av dei har fått, betydd mykje. Dette i samspel med nivået på barnedødelegheit og inn- og utvandring.

Ulik prosentdel eldre i fylka

Vel 60 prosent av dei busette her i landet ved siste årsskiftet var i alderen 20-66 år, medan om lag 9 prosent var 67-79 år. Dei på 80 år og over utgjorde 4,4 prosent av folkemengda. Prosenten som var 80 år og over, var høgast i Hedmark og lågast i Oslo og Rogaland.

Tal frå bydelar og grunnkrinsar i statistikkbankenÅpne og lesLukk

Folketalet i bydelar i dei fire kommunane som har ei slik inndeling, blir publisert i tabellar i Statistikkbanken i samband med denne publiseringa. Det same gjeld for grunnkrinsar i alle kommunar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB