92350
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
92350
Framleis aukande mannsoverskot
statistikk
2013-02-21T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt fra kl. 17.00. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Befolkning1. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis aukande mannsoverskot

2 535 900 menn og 2 515 400 kvinner var registrerte som busette i Noreg ved årsskiftet. Det var dermed 20 500 fleire menn enn kvinner, og mannsoverskotet var mest dobbelt så stort som året før. Til samanlikning var mannsoverskotet 1 400 i 2010.

Folkemengde, etter alder. Per 1. januar
2013Endring i prosent
2012 - 20132008 - 20132003 - 2013
Aldersgruppen "80-89 år" ble endret til "80 år og over" 11. mars 2013 kl 13:50. Tallene er uforandret.
I alt5 051 2751,36,611,0
 
0 år60 5300,13,28,8
1-5 år314 4840,87,55,5
6-12 år426 5090,4-1,0-2,1
13-15 år190 264-0,60,87,4
16-19 år261 6660,83,721,3
20-44 år1 728 0681,46,98,1
45-66 år1 396 5421,38,719,8
67-79 år451 6274,314,312,9
80 år og over221 5850,01,48,1
Folkemengd, etter alder. 1. januar 1900-2013

Frå januar 2012 til januar 2013 har talet på menn vokse med 37 000, medan talet på kvinner voks med 28 400. I 1975 var det eit klårt kvinneoverskot på vel 25 000, eller over 1 prosent. Då det er mannsoverskot i dag, har fordelinga på kjønn soleis endra seg. Alderssamansetjinga i befolkninga har òg endra seg mykje over tid.

Ser ein på Noreg for 100 år sidan, då folketalet var helvta av i dag, var det 396 000 born under sju år. I dag er ikkje talet så mykje høgare. 437 000 born er under sju år, det svarar til ein auke på berre 41 000. For 100 år sidan utgjorde desse borna 16 prosent av folketalet, i dag utgjer dei om lag 8,5 prosent.

Når det gjeld dei eldre, var det for 100 år sida 161 000 personar over 66 år, i dag er talet 673 000. Det svarar til ein auke på over 500.000. Personar over 66 år utgjorde 6,5 prosent av folketalet for 100 år sidan, i dag utgjer dei over dobbelt så mykje.

Meir om komande publiseringarÅpne og lesLukk

Meir detaljert statistikk om folkemengd etter statsborgarskap og sivilstand vil liggje føre 13. mars.
Meir om inngåtte ekteskap og skilsmisser blir publisert 22. august.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB