65499
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
65499
Innvandring hovudårsak til mannsoverskotet
statistikk
2012-03-14T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Innvandring hovudårsak til mannsoverskotet

Medan det 1. januar 2011 for første gong var eit mannsoverskot her i landet, på knapt 1 400, var det 1. januar i år busett 11 900 fleire menn enn kvinner. Det er ulike årsaker til dette veksande mannsoverskotet, men arbeidsinnvandring frå utlandet, særleg sidan 2006, har hatt mest å seie.

Kvinner per 1 000 menn. 1769-2012

Det er ulike, samverkande demografiske tilhøve som ligg bak det tydelege omskiftet frå at det 1. januar 2006 var 36 200 fleire kvinner enn menn her i landet, til at det 1. januar i år var mest 11 900 fleire menn enn kvinner, eit omskifte på 48 100 på berre seks år.

Det er flyttingane frå og til utlandet som er det klårt viktigaste fenomenet som ligg bak omskiftet frå kvinneoverskot til mannsoverskot. Medan det i dei seks åra 2000-2005 innvandra 1 700 færre menn enn kvinner, innvandra det heile 43 700 fleire menn enn kvinner dei neste seks åra, 2006-2011. Rett nok utvandra det òg fleire menn enn kvinner i dei to periodane, høvesvis 4 800 og 14 400. Men utvandringa reduserte med dette berre vel 40 prosent av den store verknaden av kjønnsskilnaden ved innvandringa.

Medan åra 2000-2005 gav ei samla nettoinnvandring av menn som var 6 500 mindre enn av kvinner, resulterte seksårsperioden 2006-2011 i ei samla nettoinnvandring av menn som var 29 300 større enn av kvinner. Året 2006 markerte eit klårt skilje, ettersom det var då den store arbeidsinnvandringa, særleg av menn frå Polen, skaut fart. På dei seks åra frå 1. januar 2006 har folkemengda auka med 48 100 fleire menn enn kvinner. Innvandringsoverskotet av menn på 29 300 stod for vel 60 prosent av denne differansen.

Innvandringar, etter innvandringsgrunn og innvandringsår. 1990-2010

Medverkande årsaker til mannsoverskot no

At det kvart år blir fødd 4-6 prosent fleire gutar enn jenter, bidreg støtt til å redusere eit kvinneoverskot. Samstundes har vi heilt sidan 1997 hatt den spesielle situasjonen at det har dødd fleire kvinner enn menn, noko som heng saman med at det no er fleire kvinner enn menn i alderen der det døyr flest. Dette igjen kjem av dei sterkt fallande fødselstala i dei første 15 åra etter 1920, og at desse kvinnene lever om lag 6-7 år lenger enn mennene.

Varierande kvinneoverskot gjennom tidene

Dei eldste folketala fordelte på kjønn er frå folketeljinga i 1769. Sidan har det alltid vore kvinneoverskot i befolkninga, frå meir enn 1 100 kvinner per 1 000 menn i 1769 til 1 007 i 1960. Målt i personar var kvinneoverskotet størst i 1910, over 87 000, medan det i 1960 var nede på vel 12 000.

Endring i rekkjefølgja mellom ”dei fem store” statsborgarskapsgruppene

Talet på utanlandske statsborgarar i Noreg voks i 2011 med 38 000, til drygt 407 000. Det er den største veksten nokosinne, og 1 300 meir enn i det førre rekordåret, 2008. Utanlandske statsborgarar utgjorde dermed 8,2 prosent av folkemengda ved årsskiftet.

Det var nok ein gong talet på polske statsborgarar som auka mest, slik som kvart år sidan 2004. Auken var på 11 500, slik at det ved årsskiftet budde 66 600 polske statsborgarar her i landet. Litauiske statsborgarar var den gruppa som voks nest mest i 2011. Dei vart 7 700 fleire i 2011 og utgjorde ved årsskiftet 24 100. Talet på svenske statsborgarar voks med 2 800 til 42 000, og med det var dei nest største statsborgarskapsgruppe. Men med den store veksten sin gjekk litauarane forbi tyskarane som den tredje største gruppa. Danskane heldt seg på femteplassen på denne lista. Dei 177 700 personane med desse fem statsborgarskapa stod for bortimot halvparten av alle utanlandske statsborgarar i Noreg.

Mindre grupper auka relativt mykje

Talet på eritreiske statsborgarar voks òg mykje, med 1 900, men dei var likevel berre fjortande største gruppe med sine 7 600 personar. Talet på personar med statsborgarskap i land der flukt er ei viktig årsak til å vere busett i Noreg, land som Afghanistan, Iran, Irak, Somalia og Etiopia, gjekk ned med 400.

Stor vekst i prosent var det av statsborgarar frå land i Sør-Europa, som Spania, Hellas og Portugal. Desse landa hadde ein vekst på frå 27- 36 prosent. Men i absolutte tal er ikkje desse gruppene så store enno. Mest ned i prosent gjekk talet på statsborgarar frå tre afrikanske land, Liberia, Burundi og Rwanda.

Det er særleg inn- og utvandringar, men òg overgang til norsk statsborgarskap, som fører til endringar i talet på busette med utanlandsk statsborgarskap.

Kvinner/menn i dei tre største gruppene med utanlandsk statsborgarskap. 1. januar 2007 og 1. januar 2012

Utanlandske statsborgarar, etter kjønn. 2000-2012. Prosent

Store kjønnsskilnader mellom statsborgarskapsgruppene

Meir enn halvparten av dei utanlandske statsborgarane her i landet, 54 prosent, var menn. I 2006 var prosenten 49. Denne endringa heng saman med det før nemnde store overskotet av mannlege, særleg polske statsborgarar i alderen 30-39 år, som sidan då har innvandra for å arbeide.

I nokre av dei største statsborgarskapsgruppene er det store skilnader mellom tala på menn og kvinner. Blant dei polske statsborgarane var 67 prosent menn, og blant dei britiske 65 prosent. Derimot var berre 14 prosent av dei thailandske statsborgarane menn, 18 prosent av dei filippinske og 24 prosent av dei brasilianske. Medan det blant svenske statsborgarar berre var eit lite mannsoverskot i nokre aldersgrupper, var det heile 80 prosent menn blant dei polske statsborgarane mellom 40 og 49 år, og 71 prosent blant polakkar i alderen 30-39 år. Til samanlikning var det berre 3 prosent menn blant thailandske statsborgarar i desse to aldersgruppene.

Utanlandske statsborgarar. Kommune. 1. januar 2012. Prosent

Folkemengda, etter kjønn, alder og sivilstand. 1. januar 2012

Nest etter dei fire største byane var det i Bærum kommune det budde flest utanlandske statsborgarar, 12 900, ved årsskiftet. Sett i høve til folketalet var det flest utanlandske statsborgarar i kommunane Træna i Nordland, Hemsedal i Buskerud samt Finnmarks-kommunane Hasvik og Båtsfjord, med mellom 16,5 og 14,2 prosent. Færrast var det i dei tre Nordlands-kommunane Tjeldsund, Bindal og Beiarn, der utanlandske stasborgarar utgjorde 1,5 prosent av folketalet, og aller færrast var det i Rindal i Møre og Romsdal, med 1,0 prosent av innbyggjarane.


Bydelar og grunnkrinsar

Folketalet i bydelar i dei fire kommunane som har ei slik inndeling, vert publisert som tabellar i samband med denne publiseringa. Det same gjeld for grunnkrinsar i kommunane.

Dei busette på kartet

99,8 prosent av dei busette kan plasserast på kartet. Dette gir høve til å illustrere kor tett folk er busette ved hjelp av rutenettkart.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB