53385_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
53385
4 920 300 busette ved årsskiftet
statistikk
2011-02-24T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 920 300 busette ved årsskiftet

Folketalet auka med 62 100 i 2010, og var på 4 920 300 busette ved årsskiftet.

Folketilvekst i kommunane. 1. januar 2006-1. januar 2011. Prosent

Folkemengd, etter alder. 1. januar 1900-2011. Prosent

Talet på busette i Noreg har meir en dobla seg dei siste 100 åra, med ein auke frå 2,39 millionar i 1911 til 4,92 millionar no i 2011. For 100 år sia utgjorde born under 13 år 30 prosent av folkemengda, medan dei stod for berre 16 prosent ved siste årsskiftet. For 100 år sida utgjorde personar 67 år og over berre vel 6 prosent av folkemengda, medan dei no utgjer heile 13 prosent. Dei eldre, altså 80 år og over, utgjorde 4,5 prosent av folketalet ved årsskiftet, medan dei aller eldste, som var 90 og over, stod for 0,8 prosent av befolkninga.

Høg folketilvekst dei fem siste åra

Folketilveksten i Noreg har vore særs høg dei siste åra. Dei siste fem åra har folketalet auka med 280 000, noko som er over ei dobling samanlikna med veksten i dei fem åra før dette igjen, 2001-2005. Åra 2001-2005 hadde òg ein høg folketilvekst. Den høge folketilveksten heng saman med eit stadig større flytteoverskot.

Tal for folkemengd etter kjønn og alder blir publiserte samtidig som det blir publisert endringstal for 4. kvartal 2010 og for heile kalenderåret 2010, sjå kvartalstala . Meir detaljert statistikk om folkemengd etter statsborgarskap og sivilstand vil liggje føre 10. mars.

Tabeller: