6234
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
6234
Flest unge vaksne i Oslo
statistikk
2008-02-21T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketall, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Befolkning1. januar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Flest unge vaksne i Oslo

Sett i høve til folketalet var det flest 25-39-åringar i Oslo, flest 40-49-åringar i Akershus, og i Rogaland var det flest barn under 13 år. Eldre, 67 år og over, var det flest av i Hedmark, medan dei aller eldste, dei som var 90 og over, var det flest av i Sogn og Fjordane, samanlikna med folketalet.

I Oslo stod 25-39-åringane for nær 30 prosent av folketalet, medan det i heile landet var 21 prosent i denne aldersgruppa. 40-49-åringane, som det var flest av i Akershus, stod for nær 16 prosent av folketalet i dette fylket.

I Rogaland var vel 18 prosent av befolkninga barn under 13 år. Barn under 7 år var det flest av i Rogaland, Oslo og Akershus, der dei utgjorde noko over 8 prosent i kvart av fylka.

Flest på 80 år og over var det i Hedmark, Oppland og Sogn og Fjordane med nærare 6 prosent i kvart fylke. Færrast var det i Finnmark, Akershus og Rogaland, der dei eldre stod for under 4 prosent av folketalet i kvart av fylka. For 100 år sidan utgjorde dei som var 80 år og over vel 1 prosent av folketalet her i landet, medan dei ved siste årsskiftet stod for nærare 5 prosent.

 
Dei ti kommunane med høgast
del personar 67 år og over
Dei ti kommunane med lågast
del personar 67 år og over
1917 Ibestad 24,9   1122 Gjesdal 7,1
1867 Bø 23,8   1662 Klæbu 7,4
1915 Bjarkøy 23,8   1246 Fjell 7,7
0121 Rømskog 23,3   0229 Enebakk 8,1
0432 Rendalen 22,4   1902 Tromsø 8,6
1740 Namsskogan 22,3   1432 Førde 8,6
0541 Etnedal 22,0   1120 Klepp 8,8
1874 Moskenes 21,9   1124 Sola 9,1
1665 Tydal 21,7   1663 Malvik 9,1
1919 Gratangen 21,7   1127 Randaberg 9,2
 

4 737 200 busette ved årsskiftet

Folketalet auka med 56 000 i 2007, slik at det var 4 737 200 busette her i landet ved årsskiftet. Dette er den største årlege tilveksten i folketalet som nokon gong er registrert, og 15 100 fleire enn i 2006, som er det tidlegare toppåret. Sidan 1900 har folketilveksten i prosent vore høgare berre tre gonger – i 1917, 1920 og 1946.

Innflyttingsoverskottet, som i 2007 stod for 71 prosent av folketilveksten, har dei siste åra hatt ein stor innverknad på veksten i folketalet.

Aldersfordelinga i ei befolkning er eit resultat av fleire tilhøve: Kor lenge folk lever, kor mange som flyttar inn og ut av landet, og alderen på dei som flyttar – men mest kor mange som er og blir fødd.

Tal for folkemengd etter kjønn og alder blir publiserte samtidig som det blir publisert endringstal for 4. kvartal 2007 og for heile kalenderåret 2007, sjå kvartalstala. Meir detaljert statistikk om folkemengd etter statsborgarskap og sivilstand vil liggje føre 13. mars.

4 737 200 busette ved årsskiftet

Folketalet auka med 56 000 i 2007, slik at det var 4 737 200 busette her i landet ved årsskiftet. Dette er den største årlege tilveksten i folketalet som nokon gong er registrert, og 15 100 fleire enn i 2006, som er det tidlegare toppåret. Sidan 1900 har folketilveksten i prosent vore høgare berre tre gonger – i 1917, 1920 og 1946.

Innflyttingsoverskottet, som i 2007 stod for 71 prosent av folketilveksten, har dei siste åra hatt ein stor innverknad på veksten i folketalet.

Aldersfordelinga i ei befolkning er eit resultat av fleire tilhøve: Kor lenge folk lever, kor mange som flyttar inn og ut av landet, og alderen på dei som flyttar – men mest kor mange som er og blir fødd.

Tabeller

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB