Liten folkevekst i 2. kvartal

Publisert:

Færre innvandringar og færre fødslar gav ein nedgang i folkeveksten i 2. kvartal. Vi må tilbake til 2005 for å finne ein svakare folkevekst i 2. kvartal.

Totalt budde det 5 312 300 personar i Noreg per 1. juli i år.

Folketalet voks med 9 600 personar i månadene april, mai og juni, syner statistikken Folkemengde og befolkningsendringar. Det er 1 050 færre enn i tilsvarande periode i 2017. Det var færre innvandringar som bidrog mest til denne utviklinga. Det innvandra 10 700 personar, som utgjer ein nedgang på 1 700 frå året før. Samstundes fall talet på utvandringar med om lag 1 100 til 6 100. Dermed enda vi opp med ein nedgang i nettoinnvandringa på om lag 600 personar: Nettoinnvandringa vart på 4 600 personar. Det er om lag halvparten av det nivået nettoinnvandringane låg på i 2. kvartala i perioden 2008-2012, då innvandringa til Noreg var mest omfattande.

Figur 1

Figur 1. Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst.  2. kvartal. 1987-2018

Færre flyktningar

Nedgangen i nettoinnvandringa heng i hovudsak saman med at det innvandra færre med syrisk og eritreisk statsborgarskap. Det innvandra i alt 1 100 frå desse landa i 2. kvartal i år, medan det i tilsvarande kvartal i fjor kom 2 200. Det var òg ein liten nedgang i innvandringa frå Afghanistan og Somalia. Frå land i Aust-Europa var det derimot ein liten auke i nettoinnvandringa, noko som var eit resultat av at det både kom litt fleire og drog litt færre statsborgarar frå desse landa.

Figur 2. Nettoinnvandring etter statsborgerskap. Utvalde statsborgarskap

2. kv. 2017 2. kv. 2018
Latvia 56 99
Serbia 143 146
Romania 163 183
Eritrea 495 211
Thailand 246 222
Filippinene 229 254
India 244 275
Litauen 263 300
Polen 378 483
Syria 1664 868

Færre fødde

Det blei født 14 700 barn i 2. kvartal, som er ein nedgang på 400 samanlikna med tilsvarande kvartal i 2017. Talet på døde heldt seg konstant, slik at fødselsoverskotet også blei redusert frå året før med 400. I gjennomsnitt har det blitt fødd om lag 15 400 barn i april, mai og juni dei føregåande 20 åra. Talet på fødde i 2. kvartal i år ligg dermed om lag 4 prosent under dette nivået.

Oslo hadde det klart største fødselsoverskotet både prosentvis i høve til folketalet og i absolutte tal. På plassane bak Oslo følgde Rogaland, Akershus, Hordaland og Vest-Agder når ein ser fødselsoverskotet i høve til det totale folketalet i fylket. I dei tre fylka Hedmark, Oppland og Telemark døydde det fleire enn det blei fødd.

Størst vekst i Akershus og Oslo

I 2. kvartal gjekk folketalet litt tilbake i dei fire fylka Finnmark, Oppland, Vest-Agder og Sogn og Fjordane. Resten av fylka hadde folkevekst, og veksten var størst i Akershus og Oslo. Desse to fylka hadde ein folkevekst på litt over halvparten av den totale folkeveksten i 2. kvartal: til saman 5 200 fleire innbyggjarar. Nettoinnflyttinga bidrog mest til veksten i Akershus, medan eit stort fødselsoverskot stod for omtrent heile folkeveksten i Oslo. I Akershus var det først og fremst det innanlandske flytteoverskotet som bidrog til veksten, mens ei nettoinnvandring frå utlandet til Oslo på 1 100 personar vart nulla ut av eit tilsvarande stort innanlandsk flyttetap.

Figur 3

Figur 2. Fødselsoverskot og nettoinnflytting etter fylke. 2. kv. 2018

Opprydding i folkeregisteret

Om lag ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Det er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve, eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjarar

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg, vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Sesongvariasjonar

Det er variasjonar over året i fødsler, dødelegheit, innanlandske og utanlandske flyttingar. For eksempel fødes det flest i 2. og 3. kvartal, mens det døyr flest i 1. og 4. kvartal. Vidare er talet på utvandringar ofte høgt i 4. kvartal på grunn av oppryddingar i folkeregisteret. Dette og meir tilfeldige variasjonar, spesielt i små kommunar, fører til at tall for eitt kvartal ikkje utan vidare kan tolkast som ein utvikling som vil gjelde i påfølgjande kvartal eller for heile året.