Lågaste fødselsoverskot sidan 1985

Publisert:

Færre fødslar og fleire døde ga oss i årets tre første månader det lågaste fødselsoverskotet på 33 år.

Vi blei 7 200 fleire i 1. kvartal og folketalet i Noreg er nå 5,3 millionar. Det blei født 400 færre barn og nær 300 fleire døde i 1. kvartal i år enn i tilsvarande kvartal i fjor.

Fødselsoverskotet vart på 1700, det lågaste i første kvartal sidan 1985.

Figur 1

Figur 1. Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst. 1. kvartal

Låg nettoinnvandring

Nettoinnvandringa er framleis låg. Tala viser at 13 300 flytta til Noreg i 1. kvartal og 7 900 flytta ut. Den låge nettoinnvandringa saman med det låge fødselsoverskotet ga oss låg folkevekst sett i høve til tala for nokre få år sidan. Dei fire siste åra har veksten i folketalet minka i det første kvartalet i høve til året føre.

Akershus var det fylket som hadde den høgaste folkeveksten i dette kvartalet. Hovudstaden hadde også ein stor folkevekst. I Oslo kom veksten hovudsakeleg frå eit stort fødselsoverskot medan veksten i Akershus hadde si årsak i stor netto innflytting spesielt frå andre stader innanlands. Den høgaste netto innanlandske utflyttinga sett i høvet til folketalet hadde Finnmark og Sogn og Fjordane. Fem fylke hadde ikkje folkevekst: Hedmark, Oppland, Sogn og Fjordane, Telemark og Finnmark.

Figur 2. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet. Per 1 000. 1. kvartal 2018

Nettoinnflytting, innanlandsk Nettoinnflytting frå utlandet
Finnmark Finnmárku -2.49 1.71
Troms Romsa -0.68 2.22
Nordland -0.96 1.69
Trøndelag 0.02 1.49
Møre og Romsdal -0.20 1.45
Sogn og Fjordane -1.97 1.21
Hordaland -0.09 0.71
Rogaland -0.50 0.66
Vest-Agder 0.15 1.23
Aust-Agder 0.09 0.71
Telemark -0.88 1.10
Vestfold 0.67 1.19
Buskerud -0.08 1.56
Oppland -0.36 1.09
Hedmark -0.13 0.70
Oslo -0.45 0.64
Akershus 1.90 0.82
Østfold 0.95 0.52
Heile landet 0.00 1.03

Utanlandske statsborgarar

Vi finn framleis flest syrarar og polakkar på lista over utanlandske statsborgarar som har innvandra. Om lag 1 600 syrarar ble registrert som innvandra til Noreg i 1. kvartal. Talet for polakkar var om lag like høgt, men mange polakkar ble óg registrert som utvandra.

Figur 3. Innvandringar etter statsborgarskap. Utanlandske statsborgarar. 1. kvartal

Syria Polen Litauen Sverige Filippinene India Romania Danmark Eritrea Storbritannia
2014 273 3063 1500 1526 555 374 595 461 1167 343
2015 857 2562 1088 1091 540 434 521 372 730 275
2016 784 1893 776 831 465 294 420 300 631 239
2017 2163 1524 752 567 476 310 340 257 749 218
2018 1610 1484 807 554 410 394 308 306 300 258

Figur 4. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. Utanlandske statsborgarar. 1. kvartal 2018

Innvandring Utvandring Netto innvandring
Syria 1610 24 1586
Polen 1484 1057 427
Litauen 807 411 396
Eritrea 300 13 287
India 394 156 238
Thailand 224 41 183
Filippinene 410 231 179
Serbia 195 20 175
Afghanistan 181 8 173
Latvia 241 89 152

Opprydding i folkeregisteret

Meir enn ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Det er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjarar

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Dynamisk befolkningspyramide 1846-2040

 

Kontakt