Framleis svak folkevekst

Publisert:

Folketalet voks med 11 600 i 3. kvartal, som er den svakaste veksten sidan 3. kvartal i 2006.

Den minkande folkeveksten er eit resultat av færre innvandringar saman med at talet på fødslar minkar gradvis. Det er nedgangen i talet på innvandringar som bidrar mest til nedgangen i folkeveksten.

Det budde 5 323 900 personar i Noreg 1. oktober i år, syner statistikken Befolkning.

Det vart fødd vel 14 800 born i 3. kvartal, medan om lag 9 500 personar døydde, og fødselsoverskotet enda på 5 300. Talet på fødde var nær 300 lågare enn tilsvarande kvartal i fjor, og tala for fødslar har gått gradvis ned dei siste åra. Talet på døde var nær 100 høgare enn same kvartal i fjor.

Figur 1

Figur 1. Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst. 3. kvartal

Færre innvandringar

Det innvandra 15 600 personar til Noreg i 3. kvartal. Det er 1 200 færre enn i 3. kvartal i fjor, og ein må tilbake til 2006 for å finne lågare tal for 3. kvartal. Det utvandra 9 300 i 3. kvartal i år, som er vel 600 færre utvandringar enn same kvartal i fjor, og nettoinnvandringa enda på  6 300.

Av utanlandske statsborgarar som innvandra, var det flest polakkar, 1 100. Deretter kjem syrarar, litauarar og svenskar, med nær 700 i kvar gruppe. Omtrent ingen syrarar utvandra, og nettoinnvandringa av syrarar enda dermed på 700. Nettoinnvandringa for dei med polsk statsborgarskap enda på nær 300 orsaka av dei 1 100 innvandringane og nær 800 utvandringar. For dei med svensk statsborgarskap enda det opp med ein liten nettoutvandring. Det heng saman med at det var vel 700 svenskar som utvandra.

Figur 2. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. Utanlandske statsborgarar. 3. kvartal 2018

Innvandring Utvandring Netto innvandring
Syria 693 17 676
Litauen 671 301 370
India 581 234 347
Polen 1111 778 333
Thailand 308 49 259
Storbritannia 354 118 236
Eritrea 233 13 220
USA 369 160 209
Spania 303 104 199
Romania 274 93 181

Kraftig folkevekst i Oslo

Folkeveksten var størst i Oslo der folketalet voks med 3 400. Sett i høve til folketalet var det fylka Vest-Agder og Akershus som fylgde etter Oslo med størst folkevekst.

Den sterke veksten i Oslo heng saman med både eit stort fødselsoverskot og eit solid  innflyttingsoverskot. Det var 2 500 fødde og 960 døde, og 15 800 innflyttingar og 13 900 utflyttingar.

Folketalet voks i alle fylka bortsett frå i Oppland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland og Finnmark i 3. kvartal.

Figur 3

Figur 3. Fødselsoverskudd, nettoinnflytting og folkevekst. Fylke. 3. kvartal 2018

Sett i høve til folketalet hadde Finnmark størst nedgang i 3. kvartal. Eit fødselsoverskot på 50 og eit innvandringsoverskot på 130 dekka ikkje opp for eit innanlandsk flyttetap til dei andre fylka på nær 370.

Figur 4. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet. Per 1 000. 3. kvartal 2018

Nettoinnflytting, innanlandsk Nettoinnflytting frå utlandet
Heile landet 0.00 1.18
Østfold 0.82 0.55
Akershus 1.66 0.95
Oslo 0.80 1.98
Hedmark 0.61 1.03
Oppland -0.47 0.56
Buskerud -0.11 0.60
Vestfold 0.44 1.25
Telemark -0.57 1.10
Aust-Agder -0.58 0.71
Vest-Agder 2.30 0.84
Rogaland -0.93 0.88
Hordaland -0.49 1.45
Sogn og Fjordane -2.18 1.52
Møre og Romsdal -2.16 1.31
Trøndelag 0.67 1.34
Nordland -1.93 1.26
Troms Romsa -0.85 1.38
Finnmark Finnmárku -4.83 1.72

Utanom Oslo var det Rogaland, Hordaland og Akershus som hadde størst fødselsoverskot sett i høve til folketalet. Dei andre fylka, bortsett frå Hedmark og Oppland, hadde òg fleire fødde enn døde. I Telemark var det omtrent like mange fødde som døde i 3. kvartal.  

Med eit samla fødselsoverskot på 11 900 og nettoinnvandring på 16 400 dei tre første kvartala har folketalet vakse med 28 300 hittil i år.

Opprydding i folkeregisteret

Meir enn ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Det er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjarar

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Sesongvariasjonar

Det er variasjonar over året i fødsler, dødelegheit, innanlandske og utanlandske flyttingar. For eksempel fødes det flest i 2. og 3. kvartal, mens det døyr flest i 1. og 4. kvartal. Vidare er talet på utvandringar ofte høgt i 4. kvartal på grunn av oppryddingar i folkeregisteret. Dette og meir tilfeldige variasjonar, spesielt i små kommunar, fører til at tall for eitt kvartal ikkje utan vidare kan tolkast som en utvikling som vil gjelde i påfølgande kvartal eller for heile året.