Den svake folkeveksten held fram

Publisert:

Fallande innvandring og noko færre fødslar gav moderat folkevekst i 3. kvartal òg.

Folketalet voks med 12 500 i 3. kvartal, viser statistikken Folkemengde og befolkningsendringar. Veksten er eit resultat av eit fødselsoverskot på 5 700 og ei nettoinnvandring på 6 900.

Figur 1

Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst. 3. kvartal

Færre innvandringar

Det innvandra 16 800 personar til Noreg i 3. kvartal, som er 3 800 færre enn i 3. kvartal i fjor, og ein må tilbake til 3. kvartal 2006 for å finne så liten innvandring. Nettoinnvandringa er meir enn halvert frå 3. kvartal i 2012, då det innvandra vel 24 000 og tala for innvandringar var på sitt høgaste. Det utvandra 9 900 i 3. kvartal i år. Det er 1 200 færre utvandringar enn i det same kvartalet i fjor.

Figur 2. Innvandringar etter statsborgarskap. Utanlandske statsborgarar. 3. kvartal 2016-3.kvartal 2017

3. kv. 2017 2. kv. 2017 1. kv 2017 4. kv. 2016 3. kv. 2016
USA 371 117 155 195 331
Tyskland 388 210 237 315 510
Filippinene 415 448 476 505 632
Eritrea 449 517 749 447 485
India 469 413 310 259 446
Danmark 487 202 257 236 507
Litauen 669 584 752 653 550
Sverige 734 412 567 398 734
Polen 1272 1107 1524 1393 1270
Syria 1419 1685 2163 3572 3924

Figur 3. Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. Utanlandske statsborgarar. 3. kvartal 2017

Innvandring Utvandring Netto innvandring
Iran 212 20 192
USA 371 177 194
Filippinene 415 208 207
Kina 328 102 226
Thailand 274 42 232
India 469 178 291
Litauen 669 358 311
Eritrea 449 17 432
Polen 1272 816 456
Syria 1419 19 1400

Blant utanlandske statsborgarar som innvandra, var det flest syrarar, vel 1 400, og polakkar, rundt 1 300. Bortimot ingen syrarar utvandra, og nettoinnvandringa enda dermed på 1 400. Nettoinnvandringa for dei med polsk statsborgarskap enda på nær 500.

Låge fødselstal

Det blei født vel 15 100 born i 3. kvartal i år, og ein må tilbake til 3. kvartal 2005 for å finne lågare tal for fødde. Det døydde 9 450. Dei låge fødselstala bidreg til at fødselsoverskotet enda på 5 650, som er det minste overskotet sidan 3. kvartal 2007.

Stor folkevekst i Vest-Agder

Folketalet voks i alle fylka utanom Nordland og Finnmark i 3. kvartal. Sett i høve til folketalet var tilveksten størst i Vest-Agder, Sør-Trøndelag og Oslo.

Den kraftige folkeveksten i Vest-Agder i 3. kvartal heng klårt saman med dei mange innflyttingane til fylket. Kommunar med høgskular og universitet har større flytteaktivitet i 3. kvartal enn elles i året. Dei mange innflyttingane som er registrerte til Kristiansand, kan henge saman med at kommunen tilbyr gratis busskort til dei studentane som melder flytting til kommunen. Bø kommune i Telemark, som òg hadde mange innflyttingar, tilbyr gratis sykkel om studentane melder flytting.

Nedgangen i folketalet i Nordland og Finnmark har si årsak i innanlandsk flyttetap til dei andre fylka. Fylka Finnmark, Rogaland, Sogn og Fjordane og Nordland hadde størst innanlandsk flyttetap i 3. kvartal sett i høve til folketalet.

Figur 4. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet. Per 1 000. 3. kvartal 2017

Nettoinnflytting, innanlandsk Nettoinnflytting frå utlandet
Heile landet 0.00 1.30
Østfold 1.45 0.79
Akershus 1.41 0.94
Oslo 0.10 1.97
Hedmark 0.47 0.89
Oppland 0.64 1.12
Buskerud 0.82 1.16
Vestfold 0.38 0.97
Telemark -1.37 1.66
Aust-Agder -0.36 0.50
Vest-Agder 6.26 1.59
Rogaland -2.47 0.82
Hordaland -0.66 1.27
Sogn og Fjordane -2.13 1.79
Møre og Romsdal -1.66 1.30
Sør-Trøndelag 1.92 2.41
Nord-Trøndelag -1.24 1.55
Nordland -2.10 1.22
Troms Romsa -1.37 1.09
Finnmark Finnmárku -3.65 1.26

Opprydding i folkeregisteret påverkar utvandringstala

Meir enn ein tredel av utvandringane det siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Det er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve, eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjarar er ikkje med i denne statistikken

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg, vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Faktaside