265533
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/aar
265533
statistikk
2017-08-29T08:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarVirksomheter og foretak, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
true

Bruk av IKT i næringslivet

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

80 %

av føretaka har heimeside

Bruk av IKT i næringslivet1
2014201520162017
1Føretak med minst 10 sysselsette.
Del av føretaka med bruk av IKT per januar
Alle typar breiband93949394
Faste breiband i alt85888785
Høgaste nedlastingshastigheit minst 30 Mbit/s34374445
Har heimeside79808080
2013201420152016
Del av føretaka med bruk av IKT per år
Utført elektronisk handel55665767

Om statistikken

Statistikken dekkjer mellom anna tema som nettilgang og bruk av IKT-spesialistar i føretaka, netthandel og nettsal, og føretaka sin bruk av nettskytenester, sosiale mediar, e-faktura med meir. Tala kjem frå ei spørjeundersøking til norske føretak, som er utvikla i samarbeid med andre europeiske land.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Informasjon- og kommunikasjonsteknologi

Informasjon- og kommunikasjonsteknolgi (IKT) er eit omgrep som omfattar teknologi for innsamling, lagring, behandling og presentasjon av informasjon, i tillegg til bruk av teknologi for kommunikasjon og utveksling av informasjon.

IKT-tryggleikstiltak

IKT-tryggleikstiltak er tiltak for å verna informasjon frå tjuveri eller øydelegging, eller for å sikra ein stabil tilgang til informasjon.

Digital signatur

Ein digital signatur er elektronisk informasjon juridisk likeverdig med ein skriftleg signatur vedlagt eller tilknytta ein kontrakt eller ei anna melding.

LAN (lokalt nettverk)

Eit lokalt nettverk (local area network) er eit datanettverk som er geografisk avgrensa, for eksempel innan ein bustad, eit kontor eller ei lita gruppe bygninger. Den geografiske avgrensinga består ofte i at nettverket er avgrensa til eitt firma eller eitt hus.

Heimeside

Ei heimeside er ein presentasjon på Internett. Ein slik presentasjon inneheld gjerne informasjon om ein person eller ei bedrift. Ei heimeside kan vera oppbygd på mange ulike måtar, alt frå ei enkel side med tekst, til mange sider med tekst, bilete, ljod og video.

Intranett

Heimesider som berre er tilgjengeleg innan føretaket.

Breiband

tosidig kommunikasjonsnett som kan overføre ulike former for data som tekst, lyd, og levende bilete og som må kunne bære nye tenester og tillate at mange bruker nettet samtidig.

Fast breiband

Fast tilknyting til Internet, for eksempel med DSL-teknologi.

Mobilt breiband

Mobil tilknyting til Internett via mobiltelefonnettverket.

Breibandstelefoni

Breibandstelefoni er ein teknologi for å føra telefonsamtalar over Internett der talen overførast som datapakke.

Elektronisk handel

Elektronisk handel inkluderer bestillingar via elektroniske nettverk, både Internett og andre samband mellom datamaskiner i forskjellige føretak. Betaling og leveranse må ikkje nødvendigvis ordnast via elektroniske nettverk. Elektronisk handel kan gjerast via heimesider eller automatisert datautveksling mellom føretak, men manuelt inntasta meldingar via vanleg e-post inkluderast ikkje.

Automatisert datautveksling

Automatisert datautveksling mellom føretaket og andre IKT-system tyder utveksling av meldingar (for eksempel bestillingar, betalingstransaksjonar eller skildringar av varer) via Internett eller andre nettverk i eit avtalt format som tillet automatisk behandling (for eksempel XML, EDIFACT, osv.) utan at den enkelte melding blir tasta inn manuelt.

Sosiale medium

Medium (kanalar eller plattformer) som ved hjelp av Internett eller nettbasert teknologi opnar for interaksjon mellom to eller fleire menneske (brukarar).

Nettskytenester

Omfattar IKT-tenester som vert brukte over Internett, og som blir leverte frå serverane til tenesteprodusentane. Tenestene gir blant anna tilgang til programvare, datakraft og lagringskapasitet.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007).

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Bruk av IKT i næringslivet
Emne: Teknologi og innovasjon

Ansvarleg seksjon

Seksjon for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt.

Kor ofte og aktualitet

Årleg. Statistikken publiserast innen utgang av september med informasjon om tilgang til ulike teknologiar i januar same året og omfanget/volumet til elektronisk handel for det føregåande året. Frå og med 2014 er telletidspunktet 1. kvartal.

Internasjonal rapportering

Eurostat, OECD og FN.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon blir lagra mellombels i programspråket SAS og blir langtidslagra som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å kartleggja bruken av IKT og elektronisk handel i næringslivet. Undersøkinga er basert på internasjonalt samarbeid, og gjev resultat som er internasjonalt samanliknbare. Undersøkinga vart starta opp i 1999. Eurostat har støtta undersøkinga økonomisk.

Brukarar og bruksområde

Eurostat er ein viktig brukar av statistikken. Statistikken vert brukt av fleire departement, Innovasjon Norge, næringsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar, media og internasjonale organisasjonar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Opplegget for undersøkinga vart fyrst utarbeidd som eit felles nordisk prosjekt. Innhaldet i undersøkinga har såleis vorte samordna med dei andre nordiske landa. F.o.m. 2001 publiserer fleire andre europeiske land, på grunn av eit initiativ frå Eurostat, statistikk om bruken av IKT i næringslivet. Denne undersøkinga er tilpassa innhaldet i opplegget til Eurostat. F.o.m. 2001 har det vorte publisert statistikk som samanliknar bruken av IKT i norsk næringsliv med tilhøva i næringslivet i andre land .

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

EØS-referanse

Råds - og parlamentsforordning (EF) nr. 808/2004 for statistikk om informasjonssamfunnet.

Produksjon

Omfang

Populasjonen for undersøkinga femner føretakene med minst 10 sysselsette i de følgende næringsområdene (SN2007):

C Industri (10-33); D Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn (35); E Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd (36-39); F Byggje- og anleggsverksemd (41-43); G Varehandel, reparasjon av motorvogner (45-47); H Transport og lagring (49-53); I Overnattings- og serveringsverksemd (55-56); J Informasjon og kommunikasjon (58-63); K Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19); L Omsetning og drift av fast eigedom (68); M Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (69-74); N Forretningsmessig tenesteyting (77-82); S Anna tenesteyting (95.1).

Frå og med 2014 er ikkje næring K Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19) inkludert i undersøkinga. 

Datakjelder og utval

Elektronisk spørjeskjema frå uttrekte føretak. Trekkepopulasjonen vert danna frå Verksemd- og føretaksregisteret til SSB.

Undersøkinga vert trekt blant alle føretak i Verksemd- og føretaksregisteret med minst 10 sysselsette. Det vert stratifisert etter næring og storleiken til føretaka målt etter sysselsetjing. Mellom føretak med 10-19 sysselsette vert det trekt eit utval på 7,5%, mellom føretak med 20-49 sysselsette vert det trekt eit utval på 15%, mellom føretak med 50-99 sysselsette vert det trekt eit utval på 50%, mellom føretak med 100-249 sysselsette vert det trekt eit utval på 75% og mellom føretak med minst 250 sysselsette vert alle trekt. Dei same utvalsprosentane er nytta innanfor alle dei utvalde næringane.

Datainnsamling, editering og beregninger

Data innsamles via elektronisk spørjeskjema på Internett. Skjema overførast direkte til ein database. Datainnsamling skjer i løpet av 1. kvartal.

Oppgåvene blir manuelt og maskinelt kontrollert og editert. Data vert sjekka for summeringsfeil og logisk inkonsistens.

Undersøkinga byggjer på ei inndeling av føretaka etter næringsgrupper, antall sysselsette og størrelse av omsetningen.

Tala skal representera bruken av IKT både i næringslivet samla og innanfor dei einskilde næringane, sysselsetjingsgruppene. Datamaterialet vert difor blåst opp (vekta). Målet med vektinga er å blåsa opp einingane i utvalet slik at eigenskapane til utvalet etter fråfall samsvarer mest mogleg med populasjonen. Vektene er basert på tilhøvet mellom trekkpopulasjonen og utvalet innanfor kvar einskild gruppe eller stratum og tek omsyn til eventuelle skeivfordelingar i fråfallet.

Omsetningstal for elektronisk sal

I spørjeskjemaet for undersøkinga blir føretaka bedne om å oppgje ei skjønnsmessig vurdering i prosent for delen av total omsetning som kjem frå nettsal til private forbrukarar, nettsal til andre føretak eller offentlege styresmakter og EDI-sal. Summen av nettsal til private forbrukarar og til andre føretak eller styresmakter gir oss delen av total omsetning som kjem frå nettsal. For å rekne ut delen av omsetning som kjem frå nettsal og EDI-sal i kroner, blir omsetningstal frå året før benytta.

 

 

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar skjer i samsvar med krav stilt av Statistikklovas føresegn. Opplysningane blir tatt vare på på ein forsvarleg måte. Det er ikkje mogleg å identifisera føretakssensitiv informasjon ut i frå statistikken.

Samanlikningar over tid og stad

Til og med statistikkåret 2008 var føretak med minst 5 sysselsette med i populasjonen. Frå og med 2009 vert grensa endra til minst 10 sysselsette.

Frå og med 2014 er næring K, Finansierings- og forsikringsverksemd (64.19+64.92, 65.1+65.2, 66.12+66.19), tatt ut av undersøkinga.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Målefeil kan i hovudsak oppstå ved at oppgavegjevar mistolker og rapporterer feil. Bearbeidingsfeil er i hovudsak feil som blir påført data etter at dei er moteken i Statistisk sentralbyrå. Bruk av elektronisk rapportering i ein statistikk reduserer denne type feil.

Generelt sikrar produksjonsrutinane at det blir utført kontrollar både på detaljert nivå og høgareliggjande nivå.

Frafallsfeil i undersøkingar oppstår anten ved at oppgåvegjevar ikkje returnerer skjema, eller at skjemaet er mangelfullt utfylt. Svarprosenten på IKT-bruk i næringslivet er om lag 95 prosent.

Utvalsfeilen skildrar utryggleiken som er skapt av at tala produserast på grunnlag av eit utval einingar og ikkje heile populasjonen. Utvalsfeilen syner altså det forventa avviket mellom utvalets resultat og eit potensielt resultat frå ei undersøking av heile populasjonen.

Opplysningane i Verksemd- og føretaksregisteret er ikkje alltid fullt ut oppdaterte. Det medfører feilklassifisering av nokre føretak.

I berekninga av omsetningstal for elektronisk sal er det to potensielle kjelder til usikkerhet som bør nemnast. I undersøkinga blir føretaka bedne om å gjere ei skjønnsmessig vurdering for delen av omsetninga som kjem  frå nettsal og EDI-sal. Dette fører til at dei fleste avrundar til næraste 10-prosent. Bruken av omsetningstal frå året før gjer og at det er knytta usikkerhet til estimatene.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/aar?id=1484

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB