159641
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/aar
159641
Menn styrer og leiar aksjeselskapa
statistikk
2014-06-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere
false
Andelen mannlige styrerepresentanter i aksjeselskap og allmennaksjeselskap er omtrent som tidligere år: Åtte av ti i aksjesels, seks av ti i allmennaksjeselskap.

Styre og leiing i aksjeselskap1. januar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Menn styrer og leiar aksjeselskapa

Delen mannlege styrerepresentantar ligg på det same nivået som i tidlegare år. Vel åtte av ti styrerepresentantar i aksjeselskap er menn, medan mannsdelen er seks av ti i allmennaksjeselskap.

Styrepresentantar og daglege leiarar i aksjeselskap
20142013 - 2014
AntallAndelEndring i prosent
Styrerepresentantar i AS
I alt506 792100,04,3
Menn416 31182,14,0
Kvinner90 48117,95,4
Styrerepresentantar i ASA
I alt1 400100,0-9,0
Menn83059,3-9,3
Kvinner57040,7-8,5
 
Daglege leiarar i AS
I alt200 683100,05,7
Menn169 83784,65,3
Kvinner30 84615,47,6
Daglege leiarar i ASA
I alt251100,0-8,4
Menn23593,6-8,9
Kvinner166,40,0

72 prosent av aksjeselskapa (AS) hadde berre menn i styra. Åtte av ti styre med ein eller to styrerepresentantar bestod berre av menn. Dess større styret er, dess høgare er delen føretak som har både menn og kvinner i styret.

Få kvinner er daglege leiarar

Også fordelinga mellom mannlege og kvinnelege daglege leiarar er uendra. I aksjeselskapa er 15 prosent av dei daglege leiarane kvinner, medan talet for allmennaksjeselskap (ASA) er 6 prosent. Frå 2004 til 2014 auka delen kvinnelege leiarar i aksjeselskap med 2,4 prosentpoeng. I allmennaksjeselskapa er denne delen no 1,8 prosentpoeng høgare enn i 2004.

Høgast del kvinnelege leiarar i aksjeselskap finn vi innanfor næringane anna tenesteyting samt helse- og sosialtenester, med høvesvis 64 og 40 prosent. I byggje- og anleggsverksemd er berre 4 prosent av leiarane kvinner. I allmennaksjeselskap finn vi næringar utan kvinnelege leiarar, som for eksempel informasjon og kommunikasjon. Høgast del kvinnelege daglege leiarar finn vi innanfor transport og lagring der 17 prosent er leia av kvinner.

Vanlegast å vere dagleg leiar i eitt aksjeselskap

73 prosent av dei daglege leiarane driv eitt føretak, medan 21 prosent leiar to eller tre. 1 prosent av kvinnene og 6 prosent av mennene er daglege leiarar i fleire enn tre føretak.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB