5424_om_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/aar
5424_om
statistikk
2014-06-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
false
Andelen mannlige styrerepresentanter i aksjeselskap og allmennaksjeselskap er omtrent som tidligere år: Åtte av ti i aksjesels, seks av ti i allmennaksjeselskap.

Styre og leiing i aksjeselskap1. januar 2014

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Styre og leiing i aksjeselskap
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets utvikling

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Føretak
Eit føretak er definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ei viss grad har sjølvstendig avgjerdsmakt. I statistikken blir juridisk eining behandlet som eit føretak.

Organisasjonsform
Selskapsform i ER. Her skil ein bl.a. mellom aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA).

Allmennaksjeselskap (ASA) og aksjeselskap (AS)
I AS og ASA har ingen av eigarane personleg ansvar for selskapets skyldnad. Eigarane sitt ansvar for selskapets gjeld er avgrensa til aksjekapitalen. AS kan, til forskjell frå ASA, ikkje ta opp aksjekapital frå allmennheita.

Aksjeselskapa (AS) skal ha eit styre som består av ett eller fleire medlemmer. Selskapet kan ha dagleg leiar (Lov om aksjeselskaper). Allmennaksjeselskapa (ASA) skal ha dagleg leiar og eit styre med minst tre medlemmer (Lov om allmennaksjeselskaper).

Rolletype
Rolletypane i denne statistikken er styreleiar, nestleiar og styremedlemmer (styrerepresentantar), samt dagleg leiar i AS og ASA.

Tilsette

Det er plikt til å innrapportere i a-ordninga når utbetalt lønn og/eller utgiftsgodtgjering for ein person overstig 1 000 kr per år.

Landbakgrunn
er for innvandrarare eiget fødeland. Personar utan innvandringsbakgrunn har berre Noreg som landbakgrunn. For norskfødde er dette foreldres eventuelle utanlandske fødeland.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN2007)

Standard for inndeling av føretak etter storleiksgruppe

Standard for organisasjonsform

Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS2000)

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå og fylkesvis

Kor ofte og aktualitet

Statistikken blir publisert årleg med tal per 1. januar i inneverande år.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Informasjon om populasjonane blir lagra mellombels i programspråket SAS og i lang tid som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet

Føremålet med statistikken er å gi ein oversikt over kven styrerepresentantane og dei daglege leiarane i eksisterande aksjeselskap er. Statistikken blir fordelt etter kjønn, alder og utdanningsnivå, samt storleiken på føretaket og føretaket si næring. Det blir òg sett på kor mange styre- og leiarverv personar har.

Historie

Føremålet var å etablere eit statistikkgrunnlag basert på ulike datakjelder i SSB, som kunne setje lys på nye sider ved næringslivet med virksomhet/føretak som utgangspunkt og eining i statistikkane, men med fokus på rolleinnehavarane.

Den fyrste publiseringa for aksjeselskap per 1. januar er for året 2004 og for nye aksjeselskap for året 2003. Den siste publiseringa for nye aksjeselskap er for året 2013.

Den fyrste publiseringa fokuserte på kvinner og innvandrarar i personleg eigde føretak og styrerepresentasjon i allmennaksjeselskapa (ASA). Grunngjevinga for berre å ta med ASA var at det er denne organisasjonsforma som lovforslaget om minimum 40 prosent av kvart kjønn gjeld for. Den siste publiseringa om kjønnsrepresentasjonen i ASA-styra var per 1. juli 2008, eit halvt år etter at lova tok til å gjelde.

 

Brukarar og bruksområde

Brukarar av statistikken er offentleg forvalting, forskingsmiljø, media og næringslivet.

Likebehandling av brukere

Prinsipper for likebehandling

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på www.ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Nivåtala som blir presentert, vil avvike frå talet på juridiske einingar i Einingsregisteret (ER), og kan på næringsnivå avvike frå det som vert presentert i strukturstatistikkane. Avviket i forhold til ER skyldast i hovudsak at ER omfattar alle juridiske einingar, også dei som ikkje driv næringsverksemd, og at VoF gjennomfører mange kontrollar for å finne ut om eit føretak verkeleg er aktivt.

Ein vil også sjå at tala kan avvike frå den andre føretaksstatistikken til SSB. Årsaka til dette er at ein i statistikken om eigarskap og roller ikkje tek med føretaka som berre har juridiske personar som eigarar eller som manglar rolleopplysningar.

Lovheimel

Ikkje relevant

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Aksjeselskap (AS og ASA) per 1. januar

Populasjonen er ulik statistikkpopulasjonen i føretaksdemografien. Utgangspunktet er alle aksjeselskap som er registrert i Føretaksregisteret (FR) og er aktive (ikkje sletta) per ein bestemt dato.

Føretaksdemografien omfattar alle næringar etter Standard for næringsgruppering SN2007, unnateke primærnæringane (næringane 01 jordbruk, 02 skogbruk og 03 fiske, fangst og fiskeoppdrett) og offentleg administrasjon og forsvar (næring 84). Frå og med statistikkåret 2009 er statistikken avgrensa ut frå næring etter Standard for næringsgruppering SN2007. Frå 2000 til 2008 blei statistikken avgrensa ut frå SN2002.

Datakjelder og utval

Statistikken byggjer på Verksemd- og føretaksregisteret (VoF), rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER), befolkningsstatistikksystemet (BeReg), og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). Tal på tilsette er henta frå Seksjon for arbeidsmarknadstatistikk, og er basert på tal frå a-ordninga.

Rolleopplysningane i Einingsregisteret (ER) gir ei oversikt over alle fysiske og juridiske personar som har roller i norsk næringsliv. Dei fysiske personane er registrert med fødselsnummer eller D-nummer, medan dei juridiske personane er føretak som er registrert ved organisasjonsnummer. Ingen kan registrere eit føretak i ER utan også å registrere rolleinnehavarar. Det vert stilt ulike krav til rolleinnehavarar innanfor dei ulike organisasjonsformene.

Informasjon om den fysiske rolleinnehavaren i ER vert oppdatert løpande, og informasjon vert vaska mot data frå Det sentrale folkeregister kvart døgn.

BeReg byggjer på folkeregisteropplysningar. Sidan 1946 har det i den enkelte kommune vore eit lokalt folkeregister som skal registrere alle som er busett i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og føreskrifter til lova. Folkeregisteret får melding om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar osv. frå ulike kjelder.

Befolkningas høgaste utdanning (BHU) og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB)
Registeret over befolkningas høgaste utdanning vert no trekt direkte ut frå Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). NUDB samlar all utdanningsstatistikk over avslutta og oppstarta utdanning frå skuleåret 1974/75 og BHU-opplysningar frå 1970 inn i ei felles database. Grunnlaget for utrekket er busette i Noreg som er 16 år eller eldre per 1.10. det gjeldande året. Den utdanningsaktiviteten som har høgast nivå i Standard for utdanningsgruppering (NUS2000) som er registrert i NUDB gir status for BHU for den enkelte person. Ved fleire utdanningsaktivitetar vert først den utdanninga som har høgaste nivå i NUS2000 valt. Dersom nivået ikkje skil utdanningsaktivitetane, vert den utdanninga som har høgaste klassetrinn valt. Dersom klassetrinn ikkje skil utdanningsaktivitetane, vert utdanninga som ikkje har kode for allment fagfelt i NUS2000 valt. Om fagfelt heller ikkje kan skilje mellom utdanningsaktivitetane, vert utdanninga med den nyaste avslutningsdatoen valt. Dersom avslutningsdato ikkje skil utdanninga, vert det tilfeldig valt (sjå òg Om statistikken).

Talet på dei tilsette er tal frå a-ordninga for talet på tilsette per verksemd for midtveka i kvar månad. Tala var tidlegare basert på Aa-registeret. Frå 1. januar 2015 blei Aa-registeret saman med fleire rapporteringar frå arbeidsgjevarar til Skatteetaten og SSB samordna i ei felles rapportering, a-ordninga.

Det blir ikkje nytta utval i denne statistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken byggjer på administrative data, og allereie føreliggjande statistikkbasar og statistikkregister.

Verksemd- og føretaksregisteret (VoF) er per i dag eit heildekkjande og kvalitetssikra register med omsyn til omfang og grunndata.

Populasjonen av aktive føretak blir kvalitetssikra mellom anna gjennom direkte kontakt med einingar når det gjeld datafangsten i samband med strukturstatistikkane og gjennom kopling mot administrative register i Overvakingssystemet for verksemder i VoF.

Det går føre seg ei kontinuerleg kvalitetssikring av næringskodane på verksemder og føretak i VoF. Kvalitetssikringa skjer mellom anna gjennom kontakt med føretaka i SSBs strukturundersøkingar, gjennom andre administrative kjelder og gjennom direkte kontakt med føretaka på annan måte, og ved hjelp av meldingar om føremålsendringar til ER.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken vert publisert årleg slik at resultatet kan samanliknast frå år til år. I Statistikkbanken vil ein finne resultat på fylkesnivå.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Føretaksdata

Statistikken baserer seg på statistiske og administrative kjelder. Fleire administrative register er sentrale i arbeidet med oppdateringane av VoF og blir nytta både til å definere populasjonen og til å hente inn kjennemerke og opplysningar. ER, Momsregisteret og a-ordninga blir nytta til å hente inn opplysningar om einingane. Dette gir grunnlag for registerfeil som kan påverke uvissa i statistikken.

Ei mogleg feilkjelde er forelda opplysningar som følgje av etterslep i registreringane. Slike etterslep har si årsak i det faktum at endringar ofte blir registrerte etter at dei har hendt. Konsekvensen er at registera ikkje er fullstendig oppdaterte til kvar tid, og det kan føre til at forelda opplysningar blir nytta som datagrunnlag i statistikken.

I samband med nyregistreringar skal oppgåvegjevar opplyse om dette er ei ny verksemd eller eit eigarskifte. Der slike opplysningar manglar, blir det gjennomført dublettkontroll mot eksisterande føretak for å identifisere eventuelle eigarskifte. Alle eigarskifte blir ikkje fanga opp i desse rutinane, og talet på nyetableringar blir rekna å vere litt for høgt sett i samband med talet på nyregistreringar. Dessutan er det mange nye føretak som ikkje startar opp noka verksemd.

Befolkningsdata
Kvaliteten på datagrunnlaget frå Det sentrale folkeregister er generelt svært god for statistiske føremål. Eit relevant ankepunkt er likevel forsinka meldingar. Forsinka meldingar kan føre til at hendingar vert registrerte og telt med i feil kalenderår. Dette vert mindre problematisk når ein legg saman tal for fleire år.

Det sentrale folkeregisteret består av personar som har norsk personnummer, og personar med D-nummer. Enkelte av personane med D-nummer er personar som bur i utlandet, men som jobbar i Noreg. Desse vil ikkje få anna enn et D-nummer, mens personar som flyttar til Noreg etter kvart vil få norsk personnummer. Det kan derfor være vanskeleg å skilje mellom innvandrarar som har flytta til Noreg og personar som bur i utlandet. Eit anna problem kan vere personar som får endra personnummer som følgje av nye opplysningar om fødselsdato, etc.

Utdanningsdata
For feilkjelder i utdanningsdata, sjå Om statistikken.

Revisjon

Ikkje relevant