99178
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/styre/aar
99178
Flest menn i styra
statistikk
2013-06-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
styre, Styre og leiing i aksjeselskap, styrerepresentantar, styreverv, daglege leiarar, styreleiarar, aksjeselskapEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere
false

Styre og leiing i aksjeselskap1. januar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Flest menn i styra

Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege styrerepresentantar i aksjeselskap er uendra. Vel åtte av ti styrerepresentantar i aksjeselskapa er menn, medan dette talet er seks av ti i allmennaksjeselskap.

Styrepresentantar og daglege leiarar i aksjeselskap
20132012 - 2013
AntallAndelProsent
Styrerepresentantar i AS
I alt486 088100,05,2
Menn400 25082,34,9
Kvinner85 83817,76,7
Styrerepresentantar i ASA
I alt1 538100,0-10,4
Menn91559,5-9,9
Kvinner62340,5-11,3
 
Daglege leiarar i AS
I alt189 883100,07,5
Menn161 22784,96,9
Kvinner28 65615,111,1
Daglege leiarar i ASA
I alt274100,0-11,0
Menn25894,2-9,2
Kvinner165,8-33,3
Del kvinnelege styrerepresentantar i AS og ASA. 1. januar 2004-2013. Prosent

I aksjeselskapa (AS) er 17,7 prosent av styrerepresentantane kvinner. Den høgaste delen kvinner finn vi innanfor næringane lønt arbeid i private hushald med 75 prosent, anna tenesteyting med 50 prosent samt helse- og sosialtenester med 38 prosent av styrerepresentantane.

I allmennaksjeselskapa (ASA) er det høgast del kvinner i styra innanfor overnattings- og serveringsverksemd med 50 prosent samt transport og lagring med 43 prosent av styrerepresentantane.

72 prosent av aksjeselskapa har berre mannlege styrerepresentantar. Dess større styret er, dess høgare er delen føretak som har både menn og kvinner i styret.

Fleire kvinner har høgare utdanning

I allmennaksjeselskap har 71 prosent av kvinnene i styra utdanning utover vidaregåande skule. Tilsvarande tal for menn er 63 prosent. I aksjeselskap ligg delen kvinner som har tatt utdanning ved høgskolar eller universitet, på 49 prosent, som er 22 prosentpoeng lågare enn i allmennaksjeselskap.

Dei fleste med eitt styreverv

To av tre styrerepresentantar har eitt styreverv, medan ein av fire har to eller tre. 96 prosent av kvinnene og 88 prosent av mennene har opptil tre styreverv. Drygt 900 menn har fleire enn 20 styreverv, noko som svarar til 0,5 prosent av alle mannlege styrerepresentantar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB