252027_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/aarleg-foretaksdemografi
252027
Tredjekvar nyetablering i Oslo og Akershus
statistikk
2016-04-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Det ble etablert 57 900 foretak i 2015. Det er 6 prosent flere enn i 2014. De fleste nyetableringene var i Oslo og Akershus. Finnmark hadde færrest nyetableringer.

Føretak1. januar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Tredjekvar nyetablering i Oslo og Akershus

Det vart etablert 57 900 føretak i 2015. Dette er ein oppgang på 6 prosent frå året før. Dei fleste nyetableringar finn vi i Oslo og Akershus med i alt 34 prosent. Finnmark hadde færrast nyetableringar, men likevel den største prosentvise auken av alle fylka med 25 prosent.

Føretak per 1. januar, nyetablerte og nedlagde føretak
2015Forandring frå førre år
Tal på føretakProsent
Føretak per 1. januar402 5130,2
Nyetablerte føretak57 8666,1
2014Forandring fra førre år
Nedlagde føretak52 6859,5

Nær 21 700 aksjeselskap (AS) og dryge 34 100 einskildpersonføretak (ENK) vart etablert i 2015. Dette er til saman 97 prosent av alle nyetableringane. Talet på nyetablerte norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) i 2015 låg på om lag 1 000. Dette er på det same nivået som dei to føregåande åra.

I 2015 vart det etablert flest føretak innanfor næringane fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, samt byggje- og anleggsverksemd med høvesvis 15 og 14 prosent.

Fleire nedleggingar

I 2014 vart det lagd ned 52 700 føretak. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med 2013. Talet på nedleggingar steg i alle fylka. Den største prosentvise auka var i Akershus, Troms og Nord-Trøndelag med 13 prosent kvar. Totalt var tre av ti nedleggingar i Oslo og Akershus.

93 prosent av nedleggingane var einskildpersonføretak eller aksjeselskap.

I næringane fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, samt byggje- og anleggsverksemd finn vi dei fleste nedleggingane med respektive 14 og 13 prosent.

Eitt av to føretak var aksjeselskap

Totalt var det 402 500 føretak per 1. januar 2015. Halvparten av føretaka var aksjeselskap, medan 44 prosent av føretaka var einskildpersonføretak. Talet på norskregistrerte utanlandske føretak gjekk ned med 18 prosent frå 1. januar 2014.

Tre av ti føretak finn vi i Oslo og Akershus. Dei fleste føretaka var innanfor næringane byggje- og anleggsverksemd, varehandel, samt omsetning og drift av fast eigedom med høvesvis 14, 13 og 13 prosent.

Tala omfattar ikkje primærnæringane og offentleg forvaltning.