212017_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/aarleg-foretaksdemografi
212017
Ein av fem nyetableringar i Oslo
statistikk
2015-05-06T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Det ble etablert drøyt 54 500 foretak i 2014.. Det er 5,7 prosent flere enn i 2013. De fleste nyetableringene var i Oslo og de færreste i Finnmark.

Føretak1. januar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ein av fem nyetableringar i Oslo

Det blei etablert drygt 54 500 nye føretak i 2014. Dette er 5,7 prosent fleire enn i 2013. Dei fleste nyetableringane finn vi i Oslo og dei færraste i Finnmark, med høvesvis 22 og 1 prosent.

Føretak per 1. januar, nyetablerte og nedlagde føretak
2014Forandring frå førre år
Tal på føretakProsent
Føretak per 1. januar401 6943,0
Nyetablerte føretak54 5395,7
2013Forandring fra førre år
Nedlagde føretak48 094-3,1

38 prosent av nyetableringane var aksjeselskap (AS), medan 58 prosent var einskildpersonføretak (ENK). Dermed har 96 prosent av nyetableringane ein av desse organisasjonsformene. Samstundes heldt nedgangen i talet på nyetablerte norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) fram, med 971 nyetableringar i 2014. Det er 11 prosent færre enn året før.

I 2014 blei det etablert flest føretak innanfor næringa fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting med 15 prosent av alle nyetableringar. Vidare sto byggje- og anleggsverksemd, samt varehandel og reparasjon av motorvogner for høvesvis 14 og 12 prosent av nyetableringane.

Størst auke av nyetableringar innanfor varehandel

Frå 2013 til 2014 finn vi størst auke av nyetableringar innanfor varehandel, anna tenesteyting og undervisning, med 445, 321 og 312 fleire føretak. Det var stor prosentvis auke innanfor finansierings- og forsikringsverksemd, samt bergverksdrift og utvinning med høvesvis 27 og 19 prosent fleire nyetablerte føretak enn året før.

Flest føretak innanfor bygg og anlegg

Frå 1. januar 2013 til 1. januar 2014 auka talet på føretak med 3 prosent. Det var flest føretak innanfor næringane bygg og anlegg, varehandel, samt omsetning og drift av fast eigedom, med høvesvis 14, 13 og 13 prosent av føretaka.

Færre nedleggingar

I 2013 blei det lagd ned 48 000 føretak. Dette er 3 prosent færre enn året før. Av desse var 27 prosent aksjeselskap , medan 65 prosent var einskildpersonføretak. Fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting, byggje- og anleggsverksemd, samt varehandel og reparasjon av motorvogner var med 15, 13 og 12 prosent dei næringane med dei fleste nedleggingane.