11269_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/stvareh/arkiv
11269
351 000 sysselsette innanfor varehandelen
statistikk
2005-11-01T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting
no
stvareh, Varehandel, strukturstatistikk, butikkhandel, detaljhandel, engroshandel, agenturhandel, foretak, bedrifter, sysselsatte, omsetning, lønnskostnader, bruttoinvesteringer, næringsfordeling, motorvogner, motorsyklerVarehandel, Varehandel og tjenesteyting
false

Varehandel, strukturstatistikk2004, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

351 000 sysselsette innanfor varehandelen

Totalt var det 351 058 sysselsette innanfor varehandel, reparasjon av motorvogner, hushaldsvarer og varer til personleg bruk i 2004. Dette svarar til ein auke på 2,1 prosent frå 2003 til 2004.

Føretaka omsette for 982,8 milliardar kroner i 2004, noko som svarar til ein auke på 91,4 milliardar kroner eller 10,2 prosent, frå 2003. Talet på føretak utgjorde i 2004 57 331, eller 0,1 prosent fleire enn året før.

Sysselsette, etter næring. 2004

Auke innanfor motorvogner, bensin og detaljhandel

Føretaka innanfor handel med, vedlikehald og reparasjon av motorvogner og detaljhandel med drivstoff til motorvogner hadde ein auke i omsetninga på 14,2 prosent frå 2003 til 2004. Totalt omsette føretaka for 164,0 milliardar kroner i 2004. Talet på sysselsette utgjorde 56 163 personar, medan det var 9 081 føretak innanfor denne næringa i 2004. Dette svarar til ein auke på høvesvise 3,5 og 0,3 prosent frå året før.

Føretaka innanfor detaljhandel, reparasjon av hushaldsvarer og varer til personleg bruk auka omsetninga med 14,9 milliardar kroner, eller 5,8 prosent frå 2003 til 2004. Omsetninga til føretaka innanfor denne næringa utgjorde 273,9 milliardar kroner i 2004. Talet på sysselsette auka med 2,4 prosent til 190 119 personar, medan talet på føretak steig med 1,1 prosent til 29 831 frå 2003 til 2004.

Omsetning, etter næring. Føretak. 2002-2004. Milliardar kroner

545 milliardar i agentur- og engroshandelen

Føretaka med næringa agentur- og engroshandel, med unntak av motorvogner, omsette for 544,9 milliardar kroner i 2004. Dette er ein auke på 11,5 prosent frå 2003. Talet på sysselsette og føretak i 2004 var høvesvis 104 776 personar og 18 419 føretak.

Førebelse tal

Strukturstatistikken for førebelse tal vert berre publisert på føretaksnivå. Tala for føretaka vil som regel vise andre verdiar enn tala for bedriftene. Årsaka er at føretaka som er registrerte med hovudaktivitet i ei næring kan ha bedrifter med verksemd i andre næringar. Det vert berre publisert tal på føretak, sysselsette og omsetning på tresiffer næringsnivå. Datagrunnlaget er ikkje like grundig revidert som det vil vera ved publiseringa av endelege tal i juni 2006.

Tabeller: