11271_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/stvareh/arkiv
11271
57 700 føretak innanfor varehandelen
statistikk
2004-11-01T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting
no
stvareh, Varehandel, strukturstatistikk, butikkhandel, detaljhandel, engroshandel, agenturhandel, foretak, bedrifter, sysselsatte, omsetning, lønnskostnader, bruttoinvesteringer, næringsfordeling, motorvogner, motorsyklerVarehandel, Varehandel og tjenesteyting
false

Varehandel, strukturstatistikk2003, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

57 700 føretak innanfor varehandelen

Totalt var det 57 689 føretak innanfor varehandel, reparasjon av motorvogner, hushaldsvarer og varer til personleg bruk i 2003. Dette svarar til ein auke på 0,5 prosent frå 2002 til 2003.

Føretaka med næringa varehandel, reparasjon av motorvogner, hushaldsvarer og varer til personleg bruk omsette for 891,0 milliardar kroner i 2003, noko som svarar til ein auke på 13,3 milliardar kroner, eller 1,5 prosent frå 2002. Talet på sysselsette utgjorde i 2003 nesten 350 000 personar, eller ein auke på 2,3 prosent frå året før.

Auke innanfor detaljhandel, motorvogner og bensin

Føretaka innanfor detaljhandel, reparasjon av motorvogner, hushaldsvarer og varer til personleg bruk auka omsetninga med 10,3 milliardar kroner, eller 4,2 prosent frå 2002 til 2003. Omsetninga til føretaka innanfor denne næringa utgjorde 258,3 milliardar kroner i 2003. Talet på sysselsette auka med 2,4 prosent til 188 699 personar, medan talet på føretak vart redusert med 1,1 prosent til 29 743 frå 2002 til 2003.

Etter to års nedgang, hadde føretaka innanfor handel med, vedlikehald og reparasjon av motorvogner og detaljhandel med drivstoff til motorvogner ein auke i omsetninga på 3,1 prosent frå 2002 til 2003. Totalt omsette føretaka for 142,8 milliardar kroner i 2003. Talet på sysselsette utgjorde litt over 55 000 personar, medan det var litt over 9 000 føretak i 2003. Dette svarar til ein auke på høvesvis 1,9 og 0,4 prosent frå året før.

Føretak etter næring. 2001, 2002 og 2003

Omsetning etter næring. Føretak. 2001, 2002 og 2003. Milliardar kroner

490 milliardar i agentur- og engroshandelen

Føretaka med næringa agentur- og engroshandel, med unntak av motorvogner, omsette for 489,8 milliardar kroner i 2003. Dette var ein nedgang på 0,3 prosent frå 2002. Talet på sysselsette og føretak i 2003 var høvesvis 105 545 og 18 869.

Førebelse tal

Strukturstatistikken for førebelse tal vert berre publisert på føretaksnivå. Tala for føretaka vil som regel vise andre verdiar enn tala for bedriftene. Årsaka er at føretaka som er registrerte med hovudaktivitet i ei næring, kan ha bedrifter med verksemd i andre næringar. Det vert berre publisert tal på føretak, sysselsette og omsetning på tresiffer næringsnivå. Datagrunnlaget er ikkje like grundig revidert som det vil vere ved publiseringa av endelege tal i juni 2005.

Tabeller: