85130_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
85130
Vekst i tenesteimporten
statistikk
2012-09-17T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester2. kvartal 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i tenesteimporten

Ikkje-finansielle føretak importerte tenester for 37 milliardar kroner i 2. kvartal 2012. Dette er ein auke på 3,5 milliardar kroner, eller 10,5 prosent, frå føregåande kvartal.

Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. Prosent

Hittil i år har norske ikkje-finansielle føretak, eksklusive sjøfartsnæringa, importert tenester for 71 milliardar kroner. I 2. kvartal 2012 var importen på 37 milliardar kroner, 16 prosent høgare enn same kvartal året før da importen var 32 milliardar kroner.

Tenesteeksporten til utlandet auka med nesten 11 prosent frå same kvartal førre år, og hadde ein verdi på 30 milliardar kroner i 2. kvartal 2012. Dette var 900 millionar kroner høgare enn 1. kvartal. Samla sett eksporterte Noreg tenester for 58 milliardar kroner i 1. halvår 2012, noko som førte til at underskotet på tenestebalansen enda på 7,5 milliardar kroner.

Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester trakk opp importen

Det var spesielt tenestetypen forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester som bidrog til veksten i tenesteimporten i 2. kvartal. Desse tenestene steig med 18,6 prosent frå 1. til 2. kvartal, og nådde ein verdi på 8 milliardar kroner. Import av tenester relatert til sjøtransport, leigearbeid og reparasjonar og petroleumstenester bidrog også til høge tall for 2. kvartal. Til saman auka dei fire tenestetypane nemde over med 3,2 milliardar kroner frå 1. til 2. kvartal 2012.

Noregs eksport av tenester til utlandet vert framleis dominert av forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester, som står for meir enn 30 prosent av den samla tenesteeksporten. Desse tenestene auka med 13,5 prosent frå 1. til 2. kvartal, og nådde ein verdi på 9,4 milliardar kroner. Petroleumstenester, som er Noregs nest største eksportgruppe innanfor tenester, viste ein nedgang på vel 13 prosent i same periode.

1 Utanrikshandel med tenester for 2. kvartal 2012, etter tenestetype. Millionar kroner
 
Tenestetype20112. kvartal 20113. kvartal 20114. kvartal 20111. kvartal 20122. kvartal 2012
 
Tenestebalanse (Eksport-Import)-24 271-5 165-7 621-9 867-4 915-7 513
       
Sum eksport 115 32826 79328 56933 84628 74429 655
Leigearbeid og reparasjonar14 1843 4463 4124 3043 1083 511
Petroleumstenester20 0054 7364 2865 9906 4305 616
Bygge- og anleggstenester1 189 309 45297 365 338
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel3 575 838 9331 012 626 636
Jernbane- og landtransporttenester3 588 7391 167 818 8481 117
Sjøtransporttenester4 6391 2731 1231 1561 2371 282
Lufttransporttenester2 675 322 899 749 736 626
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd6 4031 2852 2451 2531 1401 287
Post- og teletenester7 1621 6061 8961 8451 4231 156
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr1 397 294 328 4561 0511 029
IT-tenester7 6812 2561 9341 6022 0872 008
Forsking og utvikling (FoU)3 132 601 6251 013 498 654
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester34 6207 9098 13211 8928 2599 383
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport1 086 214 238 418 205 218
Andre tenester3 993 965 8991 241 731 794
       
Sum import 139 59931 95836 19043 71333 65937 168
Leigearbeid og reparasjonar9 9271 8993 0903 2492 3052 931
Petroleumstenester35 0287 9438 69911 6879 39910 004
Bygge- og anleggstenester5 1311 0931 0922 2951 4961 577
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel3 605 6911 242 9051 004 534
Jernbane- og landtransporttenester6 7431 8421 6421 9721 3361 631
Sjøtransporttenester5 9391 7981 3111 6931 3422 071
Lufttransporttenester2 250 514 604 648 594 595
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd12 5842 9314 0973 1792 2132 075
Post- og teletenester6 1291 2861 4631 8281 3751 641
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr2 428 537 553 751 836 649
IT-tenester8 5451 7602 0912 8292 1722 234
Forsking og utvikling (FoU)2 288 476 566 807 583 767
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester29 6567 2197 3669 4086 7468 003
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport2 881 799 704 671 689 683
Andre tenester6 4631 1701 6701 7911 5691 773
 
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Industrinæringa importerte meir i 2. kvartal

Føretak innanfor industrien importerte tenester for 4,8 milliardar kroner i 2. kvartal mot 3,4 milliardar kroner i 1. kvartal. Det er ein auke på heile 39 prosent. Også føretak innanfor fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting auka importen i 2. kvartal, opp 30 prosent frå 3,8 milliardar kroner til 4,9 milliardar kroner. Trass vekst i næringane nemnde over, er det framleis næringa innanfor bergverksdrift og utvinning som er størst, med ein importverdi på over 13 milliardar kroner. Importen av desse tenestene auka med 31 prosent frå same kvartal førre år.

 

Det vart også i 2. kvartal i år, som i 1. kvartal, eksportert mest innanfor næringa fagleg, vitskapleg og tekniske tenester. Denne næringa står for vel 28 prosent av den samla norske tenesteeksporten og har ein verdi på over 8 milliardar kroner. Det er vidare registrert nedgang i industrinæringa på 16 prosent.

2 Utanrikshandel med tenester for 2. kvartal 2012, etter hovudnæringsgruppe. Millionar kroner
 
Hovudnæringsgrupper20112. kvartal 20113. kvartal 20114. kvartal 20111. kvartal 20122. kvartal 2012
 
Tenestebalanse (Eksport-Import)-24 271-5 165-7 621-9 867-4 915-7 513
       
Sum eksport 115 32826 79328 56933 84628 74429 655
Bergverksdrift og utvinning12 6783 1422 9163 8075 6125 423
Industri27 3816 9496 0128 6795 5044 626
Bygge- og anleggsverksemd 41593 106 122 100 159
Varehandel5 8931 2621 3112 0591 0711 307
Transport og lagring12 2082 3043 9362 6772 6442 927
Informasjon og kommunikasjon18 0274 6364 0894 9824 2414 105
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting27 0385 6847 0488 2697 0598 208
Forretningsmessig tenesteyting7 0931 4911 8482 1702 0922 405
Andre næringar4 5971 2321 3031 081 421 495
       
Sum import 139 59931 95836 19043 71333 65937 168
Bergverksdrift og utvinning42 50110 08310 86513 82712 86613 200
Industri19 4784 4704 8287 1343 4174 755
Bygge- og anleggsverksemd2 164 495 561 678 544 557
Varehandel11 9992 0374 1063 3992 4942 146
Transport og lagring13 9273 5813 2024 1033 3452 822
Informasjon og kommunikasjon18 1774 1934 2025 2394 0324 680
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting16 4063 5874 5464 8663 8024 951
Forretningsmessig tenesteyting10 6802 3352 9593 1682 5733 259
Andre næringar4 2691 177 9211 299 586 798
 
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Størst tenestehandel med EU utanfor Norden

Når det gjeld Noregs eksport og import av tenester, er det framleis EU-land utanfor Norden som vi sel og kjøper mest frå. I 2. kvartal i år eksporterte vi 35 prosent av vår samla tenesteeksport til desse landa, noko som tilsvarte verdiar for 10,4 milliardar kroner. Tenesteimporten frå denne regionen stod for 45,5 prosent eller 17 milliardar kroner. Med marginale svingingar har dette vore trenden det siste året.

Endring i grupperingar i tabellane

Frå og med 1. kvartal 2012 vart det skilt ut tre nye grupperingar i tabellen for hovudnæringsgrupper: 1) Bygge- og anleggsverksemd 2) Fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting og 3) Forretningsmessig tenesteyting. Dette gjer at tabellen har vorte meir detaljert. Tabellane i tidlegare publiserte artiklar er difor ikkje direkte samanliknbare med tabellane frå og med 1. kvartal 2012.

Statistikken gjennomgår ei metodeomlegging, difor er tal for næringa utanriks sjøfart inntil vidare teke ut av den kvartalsvise publiseringa for 2012.

Om statistikkgrunnlaget

Frå og med 1. kvartal 2011 blir denne statistikken publisert kvartalsvis.

 

Denne publiseringa brukar SN2007 som standard for næringsgruppering. Det vil føre til nokre endringar i næringsplasseringa av visse føretak samanlikna med tidlegare publiseringar, som vart basert på SN2002.

 

Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar ei heller kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken er ikkje direkte samanliknbare med tal frå utanriksrekneskapet. Sjå avsnittet Om statistikken .

 

Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken, som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve eit oversyn over tenestehandel fordelt på verdsdelar.