16149_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/arkiv
16149
Transporttenester størst innanfor tenestehandel
statistikk
2010-02-22T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester2007

Frå og med 1. kvartal 2011 vart denne statistikken publisert kvartalsvis. Frå og med 2. kvartal 2013 vart tala for utanriks sjøfart inkludert i denne statistikken.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Transporttenester størst innanfor tenestehandel

Føretak innanfor næringane transport, lagring og kommunikasjon stod for meir enn halvparten av all eksport og om lag 14 prosent av importen mellom Noreg og utlandet i 2007. Noreg har størst samhandel med EU-land utanom Norden.

Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel. 2007. Prosent

Statistikken over utanrikshandel med tenester inngår som ein del av datagrunnlaget til utanriksrekneskapen for Noreg. Statistikken omfattar ikkje tal for finansiell sektor, private hushald, ideelle organisasjonar og heller ikkje kommunal og statleg forvaltning. Tala som kjem fram i denne statistikken, er ikkje direkte samanliknbare med utanriksrekneskapen (sjå avsnittet Om statistikken ).

Statistikken vart etablert i 2005 på bakgrunn av at Noregs Bank la ned valutastatistikken som utgjorde ein vesentleg del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen. I denne publiseringa vert det frigjeve tal for 2007 for ikkje-finansielle føretak, inklusive næringa utanriks sjøfart. Det vert publisert tal for hovudtypar av tenester, samt tal for korleis ulike hovudnæringsgrupper opptrer med omsyn til tenestehandel med utlandet. Det vert òg gjeve ei oversikt over tenestehandel fordelt på verdsdelar.

Utanrikshandel med tenester, etter tenestetype. 2007. Millionar kroner
Tenestetype Eksport Import
Mill. kr Del Mill. kr Del
I alt  168 563       100,0       144 380       100,0
Leigearbeid og reparasjonar 7 334 4,4 10 675 7,4
Petroleumstenester 14 075 8,3 22 980 15,9
Byggje- og anleggstenester 1 648 1,0 3 598 2,5
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel 3 685 2,2 5 130 3,6
Jernbane- og landtransporttenester 2 198 1,3 3 488 2,4
Sjøtransporttenester 87 942 52,2 19 941 13,8
Lufttransporttenester 1 529 0,9 1 080 0,7
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd 5 717 3,4 28 914 20,0
Post- og teletenester 4 107 2,4 5 450 3,8
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr 4 574 2,7 2 105 1,5
IT-tenester 4 704 2,8 4 840 3,4
Forsking og utvikling (FoU) 2 189 1,3 1 611 1,1
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester 25 691 15,2 27 620 19,1
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport  792 0,5 2 562 1,8
Andre tenester 2 378 1,4 4 385 3,0
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.

Innanfor eksport står sjøtransporttenester for vel 50 prosent, forretningsmessige tenester utgjer om lag 15 prosent og petroleumstenester vel 8 prosent. Når det gjeld import er tenester knytt til transport og reiseverksemd størst med 20 prosent. Denne posten inkluderer delar av utanriks sjøfart, og saman med sjøtransporttenester kjem talet opp i vel 34 prosent. Forretningsmessige tenester frå utlandet og petroleumstenester står for høvesvis 19 og 16 prosent av tenesteimporten.

Mest frå transporttenester

Transport, lagring og kommunikasjon står for om lag 63 prosent av all eksport og vel halvparten av all import av tenester. Næringa bergverksdrift og utvinning står for vel 19 prosent av tenesteimporten frå utlandet. Føretak innanfor forretningsmessig tenesteyting er tredje største næring når det gjeld import og nest størst når det gjeld eksport av tenester.

Norden størst

EU-land utanom Norden står for vel 41 prosent av eksporten og 46 prosent av importen av tenester. Import frå nordiske land utgjer om lag 21 prosent av importen, og vel 16 prosent av eksporten. Vel 13 prosent av norsk tenesteeksport går til Asia. Sentral- og Nord-Amerika ligg på rundt 11 prosent både når det gjeld tenesteeksport frå Noreg og import til landet.

Utanrikshandel med tenester, etter hovednæringsgruppe. 2007. Millionar kroner
Hovednæringsgrupper Eksport Import
Mill. kr Del Mill. kr Del
I alt  168 563       100,0       144 380       100,0
Bergverksdrift og utvinning 15 776 9,4 27 944 19,4
Industri 12 902 7,7 13 683 9,5
Kraft- og vassforsyning  913 0,5  688 0,5
Byggje- og anleggsverksemd 1 014 0,6 1 106 0,8
Varehandel 3 886 2,3 7 740 5,4
Transport, lagring og kommunikasjon  106 567 63,2 71 731 49,7
Forretningsmessig tenesteyting 26 044 15,5 19 052 13,2
Andre næringar 1 461 0,9 2 436 1,7
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå.