22304_om_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/aar
22304_om
statistikk
2016-12-14T08:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
false
Statistikk over utvikling i grunnskolar, elevtal og undervisning i Noreg. Lær meir om kor mange som går i private skolar, får spesialundervisning og skilnaden mellom fylka. Statistikken er årleg.

Elevar i grunnskolen1. oktober 2016

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Elevar i grunnskolen
Emne: Utdanning

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Definisjonar av omgrep som nyttast i statistikken i tillegg til standard klassifikasjonar (sjå nedanfor) finst i GSI (https://gsi.udir.no/)

Standard klassifikasjonar

Opplæringsloven. Den nye opplæringsloven er ein felles lov for grunnskole og vidaregåande opplæring, og for opplæring av vaksne på området for grunnskolen og området for den vidaregåande skolen. Loven omfattar opplæring på desse områda. Opplæringsloven gjeld frå skoleåret 1999/00.

Grunnskoleopplæring . Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til offentleg grunnskoleopplæring. Etter § 13-1 i opplæringsloven er kommunen ansvarleg for at barn og ungdom opp til 16 år i kommunen får grunnskoleopplæring. For barn i fylkeskommunale sosiale og medisinske institusjonar er fylkeskommunen ansvarleg for opplæringa. Staten og fylkeskommunen kan ta over ansvaret til kommunen. Grunnskoleopplæringa skal vanlegvis ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år og avsluttast etter at eleven har fullført det tiande skoleåret. Grunnskoleopplæring omfattar også opplæring på området for grunnskolen av personar over grunnskolealder. Kommunane har ansvar for grunnskoleopplæring for vaksne.

Skoleåret. Den årlege undervisningstida (minstetimetalet) skal fordelast på minst 38 veker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker, jf. § 2-2 i opplæringsloven. Denne ramma kallast skoleåret og startar vanlegvis 1. august kvart år.

Elev i grunnskole. Barn og unge som etter § 2-1 i opplæringsloven har rett og plikt til grunnskoleopplæring og som får denne ved ein grunnskole. Det gjeld for det meste barn og unge i alderen 6 til 15 år. Vidare gjeld det også personar - over grunnskolealder - som får undervisning på området for grunnskolen.

Årstrinn. Årstrinna i grunnskolen er frå 1 - 10. (1. - 10. årstrinn.). Alle elevar flyttast opp eit årstrinn kvart år. Læreplanen blir endra for kvart årstrinn.

Barnesteg/ungdomssteg. Barnesteget omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomssteget 8.-10. årstrinn.

Grunnskolar. Grunnskolar er kommunale, fylkeskommunale eller statlege skolar for grunnskoleopplæring etter § 13-1 i opplæringsloven eller private grunnskolar godkjende etter § 2-12 i opplæringsloven eller etter privatskoleloven.

Barneskolar. Skolar som normalt har lågaste/høgaste årssteg mellom 1. og 7.

Ungdomsskolar. Skolar som normalt har har lågaste/høgaste årssteg mellom 8. og 10.

Kombinerte skolar. Skolar som normalt har lågaste årssteg mellom 1. til 7., og høgaste årssteg mellom 8. til 10.

Målform. Den opplæringsmålforma (bokmål, nynorsk eller samisk) som kommunen har vedteke for skolen.

Språklege minoritetar. Personar som har andre morsmål (førstespråk) enn norsk og samisk. (Definisjonen omfattar òg skandinavar og andre vesteuropearar.) Med morsmål meiner ein her språk som nyttast i dagleg tale i heimen til personen. (Totaltal over språklege minoritetar blir ikkje samla inn etter 2001)

Morsmålsopplæring. Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til elevar frå språklege minoritetar. Opplæringsloven gir i § 2-8 heimel til å gi forskrifter om plikt for kommunane til å gi særskild opplæring i morsmål for elevar frå språklege minoritetar, jf. kapittel 24 i forskrift til opplæringsloven. Vaksne frå språklege minoritetar som tek opplæring på grunnskolen sitt område, er ikkje med i ordninga med morsmålsopplæring.

Særskild norskopplæring (for språklege minoritetar). Særskild norskopplæring for språklege minoritetar er anten ei tilleggsopplæring i norsk eller opplæring i faget norsk for elevar frå språklege minoritetar (norsk 2) som er eit eige fag i læreplanverket, eller ein kombinasjon av desse.

Spesialundervisning. Viser til § 5-1 i opplæringsloven om "Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning."

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Kommune, fylke og nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Data om grunnskolen blir samla inn med teljingsdato 1. oktober kvart år. Endelege tal blir publisert medio desember.

Internasjonal rapportering

Data rapporteres til OECD, UNESCO og Eurostat

Lagring og bruk av grunnmaterialet

All grunnskolestatistikk i SSB er lagra på forsvarleg og standardisert måte i samråd med mellom anna Datatilsynet.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med grunnskolestatistikken er å gi samfunnsnyttig informasjon om tilstanden i grunnskolen. Statistikken dekkjer informasjonsbehovet både hos utdanningsmyndigheiter og andre interesserte.
Frå og med 1992 har SSB teke i bruk data frå grunnskolens informasjonssystem (GSI) som grunnlag til utarbeiding av offisiell statistikk over elevar i grunnskolen.

Før 2011 blei det offentligjort foreløpige og endelege tal. Frå og med 2011 blir det berre offentligjort endelege tal.

Brukarar og bruksområde

Tal frå grunnskolestatistikken blir brukt av utdanningsmyndigheitene, fylkesmannen og kommunane, mellom anna til planlegging, evaluering og til søknader om statsstøtte. Også forskarar, media, studentar m.fl. er blant brukarane av grunnskolestatistikken
GSI er også kjelde til KOSTRA-indikatorar for grunnskole, vaksenopplæring på grunnskolen sitt område og kulturskolar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08:00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Data frå GSI er også kjelde for grunnskolestatistikk i KOSTRA og skoleporten.

Lovheimel

Data blir henta inn med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 10 og § 14-1 i Opplæringsloven.

 

 

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 0452/2008 om utarbeiding og utvikling av statistikk over utdanning og livslang læring. Kommisjonsforordning (EF) nr. 88/2011 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EF) 0452/2008 med hensyn til statistikk over utdanning og opplæringssystemer

Produksjon

Omfang

Den offisielle grunnskolestatistikken i SSB inneheld informasjon om grunnskoleopplæring som går føre seg etter opplæringsloven. Den inneheld data frå alle grunnskolar. Alle eigarhøve er medrekna; kommunale, interkommunale, fylkeskommunale og statlege skolar, private skolar som er godkjende av Utdanningsdirektoratet (Udir) etter privatskoleloven og private skolar uten tilskot. Norske skolar i utlandet og elevar ved desse er ikkje medrekna. Skolar utan elevar blir ikkje telt med.
I GSI blir det samla inn data mellom anna om elevtal, årstimar, årsverk, spesialundervisning etter einskildvedtak, opplæring av språklege minoritetar, målform, tilvalsfag, skolefritidsordninga og leksehjelp.

Datakjelder og utval

Den årlege innsamlinga av data skjer gjennom Grunnskolens informasjonssystem (GSI).

Fulltelling

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken er laga på grunnlag av summariske oppgåver om den einskilde skole. Kvar haust samlar ein inn data med teljetidspunkt 1. oktober for det skoleåret ein er inne i. Data blir samla inn på Internett. Den einskilde skolen og kommunen har saman ansvaret for å samle inn data fra sitt område. Fylkesmannen har ansvaret for dei private, fylkeskommunale og statlige einingane, og at kommunane har meldt ferdig. Etter at fylkesmannen har kontrollert og meldt sine data ferdige, overtek Utdanningsdirektoratet og Statistisk sentralbyrå dataene og gjennomfører eigen kontroll av data.

Det er lagt inn automatiske kontrollar i innrapporteringsprogrammet i form av feil og varsel. Desse må sjekkast før ein kan gi frå seg data til eit høgare nivå. I tillegg kjem kontrollar frå SSB og Utdanningsdirektoratet som blir følgde opp av fylkesmannen.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Lågaste nivå for offentligjering er kommune. For variablane morsmålsopplæring, særskild norskopplæring og spesialundervisning vil celler med færre enn 3 observasjoner bli prikket.

Samanlikningar over tid og stad

Samanlikningar med tidlegare årgangar av statistikken: Frå og med 1992 er grunnskoledata henta frå GSI. Tabellar over elevar og klasser som i 1979 og tidlegare hadde nemninga Grunnskoleutdanning kan frå 1980 samanliknast med tilsvarande tabellar under nemninga Grunnskolar. Frå og med 2003 samlast det ikkje inn opplysningar om klasser i grunnskolen. Det heng saman med endringar i opplæringsloven som blei gjorde i 2003. Frå og med skoleåret 2011/2012, er spesialskolar og ordinære skolar slått saman i GSI. For å få samanliknbare tal, har vi ved offenligjeringa i 2012 slått saman spesialskolar og ordinære skolar bakover i tid. Av denne årsaka vil tal som er publiserte før 2012 avvike frå tala som blei publisert i 2012.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Oppgåvegivarane kan gi mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Mange av desse feila blir fanga opp av kontrollane i skjemaet eller blir oppdaga på eit nivå høgare. Feil kan også oppstå gjennom arbeidet med editering og behandling av oppgåvene.

Utvalet dekkjer heile populasjonen.

Revisjon

Ikkje relevant.