Oslo-hotella hardast ramma av koronapandemien i august

Publisert:

Etter ei betring i juni og juli for overnattingsverksemdene, var det eit steg tilbake for overnattingar i august. Det er framleis hotella som slit mest under pandemien. Særleg gjer det seg gjeldande i byar, der Oslo har den største nedgangen i overnattingar.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 3,5 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i august i år. Det er 29 prosent færre enn i august i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 1,8 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 70 prosent.

Det var færre overnattingar frå Tyskland, Nederland, USA og Sverige som bidrog mest til denne nedgangen.

– Restriksjonar for å stogge pandemien i august var særskilt knytt til innreise for utanlandske turistar, og ettersom august er ein tradisjonell feriemånad for europearar synes dette godt i tala, seier rådgivar Kristin Aasestad i SSB.

Det var ein kraftig nedgang i overnattingar frå Norge på hotell og på hyttegrender, medan campingplassane hadde klart fleire norske overnattingar. Denne trenden har vi sett sidan mars, der vi etter pandemien starta har sett eit noko annleis overnattingsmønster enn tidlegare.

Figur 1. Totale overnattingar i august frå utvalde land

August 2019 August 2020
Tyskland 439288 264670
Nederland 225579 67215
Finland 36988 37542
Sverige 135054 31850
USA 148934 13426

Framleis tøffe tider for hotella

Det var om lag 1,3 millionar færre overnattingar ved norske hotell i august i år målt mot same månad året før. Nesten 1 av 3 av dei færre overnattingane var ved hotella i Oslo, som saman med ein kraftig nedgang i Viken og Vestland bidrog klart mest til den sterke nedgangen i august.

Vestland skilte seg noko ut frå dei to andre fylka. Her var talet på overnattingar frå Norge om lag uendra, men ein nedgang på nesten 280 000 utanlandske overnattingar førte til at hotella var hardt ramma også her. Agder skilte seg ut som det einaste fylket med fleire hotellovernattingar.

Figur 2. Hotellovernattingar etter fylke, august 2019 og 2020

August 2019 August 2020
Viken 452802 206642
Oslo 618157 221832
Innlandet 238060 172526
Vestfold og Telemark 174377 125050
Agder 118534 132105
Rogaland 197205 135971
Vestland 570436 295690
Møre og Romsdal 146780 112069
Trøndelag 228667 176734
Nordland 147548 123475
Troms og Finnmark 168595 102689
Svalbard 17866 7460

Auken i norske campingovernattingar hald fram

Det var 33 prosent fleire norske overnattingar på campingplassane i august i år enn i august i fjor. Dette er ein trend vi har sett gjennom koronapandemien. Sidan april har talet på norske campingovernattingar auka samanlikna med same månad året før. Nedgangen i utanlandske overnattingar, særskilt tyskarar, nederlendarar og svenskar førte til ein samla nedgang på campingplassane på 4,6 prosent.

Figur 3. Overnattingar, etter innkvarteringstype, august 2020

Hotell Camping Hyttegrend
Prosent 52 40 8

Svalbard er framleis ramma

  • Overnattingar sank med 58 prosent frå august i fjor til august i år
  • Utanlandske overnattingar fall med 80 prosent
  • Norske overnattingar fall med 21 prosent

Svarprosent i august

Grunna korona-situasjonen med blant anna stengde overnattingsverksemder og permitteringar har datagrunnlaget dei siste månadane vore svakare enn normalt. Denne månaden har datagrunnlaget vore tilnærma normalt. Svarprosenten for august 2020 er på 94 prosent, mot 96 prosent i august 2019.