Norske overnattingar nær normalt nivå

Publisert:

Talet på norske overnattingar fall med 18 prosent for juni i år målt mot same periode året før. Etter fleire månader med kraftige fall i norske overnattingar, ser vi no nesten like mange norske overnattingar for heile landet som i 2010. Utanlandske overnattingar fall med heile 92 prosent.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 2,3 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i juni i år. Det er 45 prosent færre enn i juni i fjor. Dette fallet i overnattingar følgjer etter tre svært krevjande månader for overnattingsverksemdene, med eit fall på høvesvis 55, 84 og 62 prosent i mars, april og mai.

Utbrotet av koronaviruset og tiltak som vart innført frå mars for å stogge spreiinga nasjonalt og globalt fekk dramatiske konsekvensar for dei kommersielle overnattingsverksemdene. Restriksjonane som gjaldt i juni var særskilt knytt til innreise for utanlandske turistar, og det var nettopp fråværet av dei som førte til ein kraftig nedgang i totale overnattingar.

Figur 1. Totale overnattingar i juni fordelt etter bustadsland

Juni 2010 Juni 2011 Juni 2012 Juni 2013 Juni 2014 Juni 2015 Juni 2016 Juni 2017 Juni 2018 Juni 2019 Juni 2020
Utlandet i alt 1242821 1249286 1246562 1134236 1228416 1285033 1417682 1478395 1498049 1549184 127957
Norge 2304133 2378760 2455466 2411570 2550326 2611309 2597767 2513825 2667426 2711985 2211679

Auke i norske campingovernattingar

Det var 20 prosent fleire norske overnattingar på campingplassane i juni i år mot juni i fjor. Dette er ein del av ein lengre trend gjennom korona-pandemien, der vi har sett dei siste tre månadane, at campingovernattingar har hatt ein mindre nedgang enn dei andre overnattingsformene. Juni er tradisjonelt ein populær månad blant utanlandske turistar, men som følgje av pandemien fall totale overnattingar på campingplassar med 20 prosent.

Figur 2. Fordeling av overnattingar etter nasjonalitet på campingplassar i juni

Juni 2016 Juni 2017 Juni 2018 Juni 2019 Juni 2020
Utlandet 26 32 33 35 2
Norge 74 68 67 65 98

Hotella fortsatt prega, men betring i juni

Det var heile 56 prosent færre overnattingar på norske hotell i juni i år mot same periode året før. Norske overnattingar fall med 37 prosent, medan utanlandske fall med heile 91 prosent. Alle formål for hotellovernattingar fall i juni, og overnattingar med ferie og fritid som formål fall med litt over 900 000, om lag det same som utanlandske overnattingar.

Ser vi på kor nordmenn overnatta i juni, var det store regionale skilnader. Der nedgangen var på høvesvis 64 og 59 prosent for Svalbard og Oslo, var det ein mindre nedgang i Agder og Nordland på 3,8 og 10 prosent. At nedgangen var minst i Agder og Nordland er kanskje ikkje uventa grunna populære reisemål for nordmenn i dei fylka.

Figur 3. Norske hotellovernattingar etter fylke, juni 2019 og 2020

Juni 2019 Juni 2020
Viken 289724 126753
Oslo 305485 124348
Innlandet 135769 89315
Vestfold og Telemark 102880 77608
Agder 98175 94405
Rogaland 135084 96534
Vestland 245300 162190
Møre og Romsdal 76610 67106
Trøndelag 163702 116264
Nordland 91295 82245
Troms og Finnmark 109328 71587
Svalbard 6641 2406

Meir usikre tal for juni

Grunna korona-situasjonen med blant anna stengde overnattingsverksemder og permitteringar er datagrunnlaget denne månaden svakare enn normalt. Svarprosenten for juni 2020 er på 90 prosent, mot 98 prosent i juni 2019. Dette gir noko større usikkerhet i tala enn normalt. Det har vore betydeleg arbeid knytt til å finne ut om dei som ikkje har rapportert har vore opne eller stengde, og der vi ikkje har fått svar, har dei blitt behandla som opne og derfor fått berekna verdiar, som fører til økt usikkerheit. Dette er i samsvar med anbefalingar frå både Eurostat og OECD.

For å sikre samanliknbarheit mellom land under denne pandemien, har det vore viktig at alle land einas om ein standard. Dette er slik vi vanlegvis behandlar dei som ikkje rapporterer til oss, men det kan ha ført til at tala vi publiserer er noko høgare enn det som faktisk har vore tilfelle.