231241
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/aar
231241
Litt fleire, men mykje raskare faste breiband
statistikk
2015-11-18T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga, breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
false
Statistikken viser hastighet og antall bredbåndsabonnement hos private og bedrifter. I 4. kvartal 2014 sank private bredbånd per 100 husholdninger kraftig i mange kommuner etter nye husholdningstall.

Internett-målinga2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Litt fleire, men mykje raskare faste breiband

Den sterke auken i kvaliteten på faste breiband held fram i 3. kvartal. Talet på faste private breiband veks saktare.

Faste breibandsabonnement
3. kvartal 20152. kvartal 20153. kvartal 20143. kvartal 2014 - 3. kvartal 2015
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt2 017 0732 002 4521 964 00253 0712,7
Private breiband
Talet på private breiband1 882 5741 867 4951 830 39752 1772,9
Private breiband per 100 hushald80,179,481,0-0,9-1,1
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)33,331,526,76,624,7
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)24,422,818,95,529,1
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband134 499134 957133 6058940,7
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)20,419,116,04,427,5
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)10,49,57,13,346,5

Ved utgangen av 3. kvartal 2015 var det 1 882 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Noreg, inkludert Svalbard. Samanlikna med 3. kvartal året før, er det ein vekst på 52 000. Medrekna 134 000 bedriftsbreiband, når det samla talet på faste breiband 2 016 000 i 3. kvartal.

Auken i hastigheita held fram

I 3. kvartal 2015 gjekk den gjennomsnittlege hastigheita på private breiband opp frå 31,5 til 33,3 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for hastigheita til private breiband stige frå 22,8 Mbit/s i 2. kvartal til 24,4 Mbit/s. I 3. kvartal 2014 var medianverdien 18,9 og den gjennomsnittlege hastigheita 26,7 Mbit/s.

I 3. kvartal 2015 hadde 37 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 32 Mbit/s. Tilsvarande del for bedriftsmarknaden var 14 prosent.

Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har sidan 2. kvartal 2015 stige frå 19,1 Mbit/s til 20,4 Mbit/s. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband gått opp frå 9,5 til 10,4 Mbit/s.

Flest raske private breiband i Rogaland

I Fastlands-Noreg er det hushalda i Rogaland som har flest breiband med kapasitet over 32 Mbit/s. 61 prosent av alle private abonnement i fylket har ein så høg hastigheit. Den minste delen med private breiband på over 32 Mbit/s har Finnmark, med 11 prosent. Gjennomsnittshastigheita for private breiband er høgast i Rogaland, med 43,0 Mbit/s, medan Finnmark ligg lågast på lista med eit gjennomsnittstal på 19,4 Mbit/s.

Skilnadene mellom fylka er mykje mindre for bedriftsbreibanda. Delen med raske breiband over 32 Mbit/s varierer mellom 6 prosent i Nord-Trøndelag og 22 prosent i Oslo. Gjennomsnittshastigheita for bedriftsbreiband er høgast i Oslo med 28,0 Mbit/s og lågast i Nord-Trøndelag med 13,5 Mbit/s.

Svak auke i utbreiing av breiband

På landsbasis hadde 80,1 prosent av hushalda breiband i 3. kvartal 2015. Det er ein auke på 0,7 prosentpoeng frå kvartalet før. Samanlikna med 3. kvartal 2014 er det ein nedgang på 0,9 prosentpoeng. Det heng saman med omlegginga av hushaldstatistikken som fekk verknad på desse tala frå og med 4. kvartalet 2014.

På Svalbard og i Oslo har høvesvis 96 og 87 prosent av hushalda breibandsabonnement. Finnmark har stadig lågast privat utbreiing av breiband, med 70 prosent.

 

Ny definisjon av hushald påverkar talaÅpne og lesLukk

Frå og med 4. kvartal 2014 blir talet på hushald rekna ut ifrå tal per 1.1.2014. Dermed aukar talet på hushald totalt i takt med folkeauken. For mange mindre distriktskommunar fører nedgang i folketalet tilsvarande til ein nedgang i talet på hushald.

I tillegg fører nye definisjonar av hushald til store endringar i einskilde kommunar. Ugifte studentar blir no rekna som busette på studiestaden. Om lag halvparten av auken i talet på hushald frå 2013 til 2014 kjem på grunn av denne omlegginga. Dermed vil kommunar som er typiske studiestader, få ein markert auke i talet på hushald og ein tilsvarande nedgang i talet på private breiband per 100 hushald.

Få studentar har eige breibandÅpne og lesLukk

Tal for kommunar med relativt mange studieplassar tyder på at mange studentar ikkje teiknar eigne abonnement på privat breiband, men får gratis tilgang til dette via nettverket på studiestaden, anten dette er trådlaust eller via kabel. Desse kommunane vil derfor, etter omlegginga av definisjonen av hushald, komme dårlegare ut enn kommunar med same nivå på utbygging av breiband, sidan studentane utgjer ein rekkje hushald utan eigne breibands¬abonnement.

Ei endring i rapportering av breiband for studentar i Nesna kommune gjer til dømes at denne kommunen har ein ekstra stor reduksjon i talet på private abonnement i 4. kvartal 2014.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB