13368
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13368
Auke i talet på barnevernsbarn
statistikk
2010-07-06T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i talet på barnevernsbarn

46 500 barn og unge tok imot tiltak frå barnevernet i 2009. Dette er 5,3 prosent fleire enn året før. Til samanlikning var auken frå 2007 til 2008 på 3,6 prosent.

Talet på barn som tek imot hjelp frå barnevernet har auka kvart år det siste tiåret. I 2000 tok 31 900 barn imot slike tiltak, medan i 2009 gjaldt dette 46 500 barn - ein auke på heile 46 prosent. Også i høve til barnebefolkninga er auken stor. I slutten av 2000 var det 21,8 barn med tiltak per 1 000 barn under 18 år, medan i 2009 var det tilsvarande talet 29,5. Denne trenden ser ut til å fortsetje fordi både talet på nye barn i barnevernet og undersøkingar er aukande.

Fleire fagstillingar og større utgifter

Talet på fagstillingar i det kommunale barnevernet har det siste tiåret auka med 39 prosent, frå 2 226 årsverk i 2000 til 3 086 i 2009.

Brutto driftsutgiftene til det kommunale barnevernet var på knappe 6,8 milliardar kroner i 2009, ein auke på 11 prosent frå 2008. Sidan 2003 har utgiftene auka med vel 54 prosent.

Stor auke i talet på undersøkingar

Talet på undersøkingar har aldri vore så høgt som no. I 2009 starta barnevernet over 30 100 undersøkingar. Det er 2 300 fleire enn året før og ein auke på 8,2 prosent. Til samanlikning starta barnevernet 17 550 undersøkingssaker i år 2000, noko som gir ein auke på heile 72 prosent i løpet av dei siste ti åra.

Frå melding til undersøking til tiltak

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som så snart som mogleg og innan ei veke må avgjera om dei skal setja i gang ei undersøking eller leggja bort meldinga. Ei undersøking skal så snart som mogleg og innan tre månader konkludera om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggja bort saka.

Populasjonen i barnevernsstatistikken er barn med undersøking og/eller tiltak. Meldingar blir ikkje registrerte.

Talet på avslutta undersøkingar auka frå 27 150 i 2008 til 29 900 i 2009. Halvparten av undersøkingane som vart avslutta i 2009, førte til tiltak etter lov om barneverntjenester. Denne andelen har vore stabil dei siste åra.

Barn med barnevernstiltak i løpet av året per 1 000 barn, etter alder. 2007-2009

Oftast undersøkingar i nord

Også i 2009 var det flest påbyrja undersøkingar i høve til barnebefolkninga i dei tre nordlegaste fylka. I Finnmark vart det påbyrja 44,3 undersøkingar per 1 000 barn, i Troms 37,7 og i Nordland 34,0. Landsgjennomsnittet for 2009 var 27,2 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år.

Flest meldingar frå foreldra

I 16 prosent av dei påbyrja undersøkingane i 2009 tok foreldra (mor/far/føresette) kontakt, men nesten like ofte kom meldinga frå skulen -- 14 prosent. Barnevernstenesta sjølv og politiet er også vanlege meldingsinstansar, med rundt 12 prosent kvar av meldingane som førte til undersøkingar i barnevernet. Meldingar frå barnehagar auka med 25 prosent frå 2008 til 2009. Likevel står barnehagar - som året før - bak 4 prosent av undersøkingane.

Tilhøva i heimen den vanlegaste årsaka

I godt over halvparten av dei påbyrja undersøkingane (56 prosent) var tilhøva i heimen registrert som grunn, medan omsorgssvikt / mishandling var oppgitt i kvar fjerde undersøking. I 15 prosent var det åtferdsavvik hos barnet som låg til grunn før undersøkinga, medan det i dei resterande 20 prosent av undersøkingane vart kryssa av for anna innhald i meldinga.

Av meldingane frå krisesenter, barnehage og barnevernsvakt var omsorgssvikt/mishandling oppgitt som grunn i høvesvis 45, 38 og 33 prosent av meldingane. Åtferdsavvik hos barnet var ofte oppgitt som grunn i meldingane frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), utekontakt og skule.

Hjelpetiltak eller omsorgstiltak?

Vel åtte av ti barn med barnevernstiltak tek berre imot hjelpetiltak, som til dømes kan vere økonomisk hjelp, besøksheim, barnehage eller støttekontakt. I alt 38 700 barn tok imot hjelpetiltak i 2009, ein auke på 6,6 prosent frå året før.

Hjelpetiltak og omsorgstiltak

Barnevernet kan berre overta omsorgen for eit barn etter vedtak i fylkesnemnda (vedtak etter barnevernloven § 4-12). Det er også mogleg å plassere barn utanfor heimen utan å overta omsorgen for barnet. Plasseringa blir då som eit hjelpetiltak. Ved hjelpetiltak som til dømes støttekontakt, avlasting, barnehage, SFO med meir er vedtak fatta etter barnevernloven § 4-4.

For første gong sidan 2000 ser vi ein nedgang i talet på barn med omsorgstiltak i løpet av året, på 1 prosent. Målt ved utgangen av året var det likevel ein auke på 3 prosent i høve til året før. Det vil seie om lag 200 fleire barn var under omsorg ved utgangen av 2009 i høve til utgangen av 2008.

Fleire gutar enn jenter

Det er som i tidlegare år fleire gutar enn jenter i barnevernet; 25 450 gutar mot 21 000 jenter tok imot tiltak i løpet av 2009. Blant dei barna som var nye i barnevernet i 2009, var det 55 prosent gutar.

Fleire små barn tek imot tiltak

Talet på barn med tiltak i løpet av 2009 auka i alle aldersgruppene. Den største prosentvise auken var blant dei minste barna, altså dei under 5 år. 8 prosent fleire 0-5-åringar tok imot tiltak i løpet av 2009 sett i høve til i 2008. Det var totalt vel 8 900 barn i alderen 0-5 år som tok imot tiltak frå barnevernet i løpet av 2009.

Også om ein ser på barn med tiltak i høve til folketalet, er det ein auke i alle aldersgruppene. Men her er den største absolutte auken i aldersgruppa 13-17 år. Det er også i denne aldersgruppa ein finn flest barn med barnevernstiltak i høve til folketal, med 48,7 per 1 000 innbyggere i denne alderen.

Kva tiltak tek barna imot?

Ser ein bort frå samlekategorien andre tiltak, var vedtak om råd og rettleiing, besøksheim og økonomisk hjelp dei klart mest nytta tiltaka i 2009. Av alle barn med tiltak i løpet av 2009 tok 30 prosent imot råd og rettleiing, 24 prosent besøksheim og 22 prosent økonomisk hjelp.

Dei tre tiltakstypane som for første gong var spesifisert i barnevernsstatistikken i 2007, andre heimebaserte tiltak, vedtak om deltaking i ansvarsgruppe og vedtak om råd og rettleiing, held fram med å auke kraftig. Frå 2008 til 2009 var det bruken av ansvarsgruppe som hadde den sterkaste prosentvise auken av desse tiltaka.

Fleire barn med tiltak på slutten av året

Ved utgangen av 2009 var det 35 650 barn registrert med barnevernstiltak. Dette er vel 1 700 fleire enn året før og ein vekst på 5,1 prosent. Åtte av ti av desse barna, 29 050 barn, var registrerte med hjelpetiltak. Ved utgangen av året var det vel 1 500 fleire barn med hjelpetiltak enn året før, ein auke på 5,6 prosent.

Per 31. desember 2009 var 11 350 barn og unge plasserte utanfor familien, anten som hjelpe- eller omsorgstiltak. Av desse var tre av fire plasserte i fosterheimar, i alt 8 150 barn og unge. Bruken av fosterheimar aukar. Det gjer også bruken av hybel/bustad med oppfølging. For dei andre plasseringstiltaka barnevernsinstitusjon, andre behandlingsinstitusjonar og beredskapsheimar heldt nedgangen fram.

Barn 0-17 år med barnevernstiltak på slutten av året per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 2008 og 2009

Store skilnader mellom fylka

Per 31. desember 2009 var det for heile landet 29,5 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot tiltak. Det tilsvarande talet for 2008 var 28,4. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Troms, Finnmark og Nord-Trøndelag ligg no på topp, med høvesvis 38, 37 og 36 klientar per 1 000 barn. Hedmark, Troms og Nord-Trøndelag har hatt den største veksten siste år, målt i høve til folketal. Akershus har klart færrast barn med tiltak, berre 22,1 per 1 000. Sør-Trøndelag, Vestfold og Rogaland ligg også lågt, med omtrent 26 barn med tiltak per 1 000 barn. Rogaland hadde i tillegg den største nedgangen.

Flest tiltak i Bergen

Av dei fire største byane er det Bergen som har flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga, med 32,4 per 1 000 barn under 18 år ved utgangen av 2009. I Oslo og Trondheim var dei tilsvarande delane høvesvis 30,2 og 20,5. I Stavanger var det 24,9 barn med barnevernstiltak per 1 000 barn, ein nedgang frå 28,2 i 2008. Både i Oslo og Bergen har andelen auka frå 2008, medan det i Trondheim har vore ein mindre nedgang.

Talet på barn som tek imot tiltak, varierer stort mellom dei ulike bydelane i Oslo. Medan det i Vestre Aker, Nordre Aker og Ullern var mellom 10,1 og 11,6 barn med tiltak per 1 000 barn 0-17 år, var andelane i Sagene og Søndre Nordstrand på høvesvis 57,6 og 55,7 per 1 000 barn.

Fleire nye barn

I 2009 var det 12 750 barn med tiltak som ikkje var registrerte i barnevernet året før, ein auke på 9 prosent frå 2008. Over 96 prosent av desse barna tok imot hjelpetiltak. Medan talet på nye barn med hjelpetiltak auka med 9 prosent frå 2008, var det ein nedgang på 10 prosent i talet på nye barn som tok imot omsorgstiltak. I 2009 var nær 450 av dei nye barna under omsorg.

Av dei nye barna tok nær 40 prosent imot råd og rettleiing som tiltak frå barnevernet. Elles er andre tiltak, økonomisk hjelp, besøksheim og deltaking i ansvarsgruppe dei mest brukte tiltaka blant dei nye barna. Dei mest vanlege grunnane til å setje i verk tiltak hos nye barn er tilhøva i heimen, anna grunnlag, åtferda til barnet, psykiske lidingar hos foreldra og manglande omsorgsevne hos foreldra.

For over 19 prosent av dei nye barna var det foreldra (mor/far/føresette) som tok opp saka med barnevernet. Skulen meldte frå i 14 prosent av sakene. Av nye barnevernsbarn i alderen 0-5 år var barnehage meldingsinstans i over 8 prosent av sakene i 2009.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB