13346
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13346
Fleire undersøkingar i barnevernet
statistikk
2009-07-06T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire undersøkingar i barnevernet

Nær 44 200 barn og unge tok imot tiltak frå barnevernet i løpet av 2008. Det er 3,6 prosent fleire enn året før. Talet på starta undersøkingar i barnevernet auka med 11 prosent.

Barnevernet starta 27 850 undersøkingar i 2008, ein auke på 11 prosent samanlikna med året før. Auken i avslutta undersøkingar var også sterk, med nesten 9 prosent frå 2007 til 2008. Halvparten av dei undersøkingane som vart avslutta i 2008, førte til tiltak etter lov om barneverntjenester, det same som året før.

Det var flest starta undersøkingar i høve til folketalet i dei tre nordlegaste fylka også i 2008. I Finnmark vart det starta 37,6 undersøkingar per 1 000 barn, følgt av Troms med 34,3 og Nordland med 31,2.

Barnets nære familie melder ofte frå til barnevernet

Det er foreldre/føresette som klart oftast melder frå til barnevernet. I 18 prosent av dei starta undersøkingane i 2008 tok foreldre/føresette kontakt. Skole, politi og barnevernstenesta sjølv er også vanlege meldingsinstansar, dei stod bak høvesvis 14, 13 og 12 prosent av meldingane. Barnevernsvakt var registrert som meldar i 7 prosent av undersøkingane. Barnehage, helsestasjon og lege/sjukehus har ofte eit godt utgangspunkt for å melde frå til barnevernet om otte for dei yngste barna. Desse instansane stod for høvesvis 4, 6 og 5 prosent.

Asylmottak, krisesenter, utekontakt/fritidsklubb, frivillige organisasjonar/idrettslag og andre offentlege instansar stod til saman for nær 6 prosent av undersøkingane.

Innhaldet i meldinga

I nær kvar fjerde sak, 23 prosent, var omsorgssvikt/mishandling kryssa av som grunn for undersøkinga. 16 prosent kom av åtferdsavvik hos barnet. I vel halvparten av undersøkingane, 56 prosent, var tilhøva i heimen registrert som grunn. Sistnemnde er ein kategori der ein ser at familien har behov for litt hjelp og støtte, utan at dette viser til ein meir alvorleg situasjon.

Kva for tiltak har barna?

Vel åtte av ti barn med barnevernstiltak tek berre imot det vi kallar hjelpetiltak, som til dømes kan vere økonomisk hjelp, besøksheim, barnehage eller støttekontakt. I alt nær 36 300 barn tok imot hjelpetiltak i 2008, ein auke på 3,9 prosent frå året før.

Nesten 7 900 barn var under omsorg av barnevernet i 2008, det vil seie 2,2 prosent fleire enn i 2007. Talet på barn som var plasserte utanfor heimen, ligg noko høgare enn talet på barn under omsorg, fordi nokre er frivillig plasserte utanfor heimen utan at vedtak om å overta omsorga er teke i fylkesnemnda.

Det er framleis noko fleire gutar enn jenter i barnevernet. Vel 23 900 gutar mot 20 200 jenter tok imot tiltak i løpet av 2008. Også blant dei barna som var nye i barnevernet i 2008, er kjønnsfordelinga slik, med 54 prosent gutar.

Plassering som hjelpetiltak

Etter lov om barneverntjenester frå 1993 er det mogleg å plassere barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda vedtek å overta omsorga for barnet. Plasseringa blir då som eit hjelpetiltak. Berre vedtak etter barnevernlova § 4-12 i fylkesnemnda er lik omsorgsovertaking. Barn kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak, går over til å bli eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan med andre ord vere under omsorg etter fylte 18 år, men det same tiltaket kan halde fram etter fylte 18 år. Ei ny oversikt frå og med 2007 over barn med plasseringstiltak per 31. desember etter hjelpe- og omsorgstiltak finn ein i tabell 8 og 9.

Barn med barnevernstiltak i året, per 1 000 barn, etter aldersgrupper. 2007 og 2008

Auke i alle aldersgruppene

Talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene førre året, men ser ein talet i høve til folketal, er biletet noko meir nyansert. For aldersgruppa 3-5 år finn vi då ein liten nedgang frå 30,5 per 1 000 i 2007, til 30,2 i 2008. Fleire ettervernsklientar - dei som er over 18 år - tok imot hjelp frå barnevernet siste året, men sett i høve til folketalet var det 14,7 per 1 000 både i 2008 og året før. Nær 300 fleire barn i aldersgruppa 0-2 år tok imot tiltak, og vi finn ein auke frå 14,8 til 16,1 per 1 000 frå 2007 til 2008. Både for dei i skulealder 6-12 år og for tenåringane i alderen 13-17 år finn vi ein auke på i overkant av 500. Desse to gruppene hadde størst auke i klienttal i høve til folketal, frå 37,1 til 38,5 per 1 000 for aldersgruppa 6-12 år og frå 45,1 til 46,7 per 1 000 for tenåringsgruppa 13-17 år.

Økonomisk hjelp og besøksheim mest vanleg

Av alle barn som tok imot tiltak frå barnevernet i 2008, fekk 25 prosent økonomisk hjelp. Økonomisk hjelp frå barnevernet skal kome barnet til gode, og kan til dømes vere tilskott til ferie, skuletur, høgtider eller fritidstilbod. 25 prosent av barna med tiltak hadde besøksheim, medan vedtak om råd og rettleiing, barnehage, SFO og fosterheim er andre tiltak som ofte blir nytta.

Heimebaserte tiltak som multisystemisk terapi (MST) og foreldrerettleiing (PMTO) vart berre brukt i 2 prosent av tilfella. Medan MST syner ein nedgang frå vel 750 til 700, kan ein for PMTO registrere ein auke i høve til i fjor, frå nær 700 til vel 900.

Sterk auke i dei nye tiltaka

For kategorien andre heimebaserte tiltak registrerer vi ein formidabel auke, frå nær 700 i 2007 til nær 3000 i 2008. Også dei to andre tiltakstypane som var spesifiserte for første gong i skjemaet i 2007, vedtak om deltaking i ansvarsgruppe og vedtak om råd og rettleiing, har auka frå høvesvis vel 800 til vel 3 000, og frå 3 100 til 9 500. Auken må ein sjå i samanheng med at samlekategorien andre tiltak har gått ned frå 19 850 i 2007 til 17 500 i 2008.

33 900 barn med tiltak per 31. desember

Ved utgangen av 2008 var 33 900 barn registrerte med barnevernstiltak. Dette er 1 200 fleire enn året før, og ein vekst på 3,7 prosent. Åtte av ti av desse barna, 27 500 barn, var registrerte med berre hjelpetiltak. Ved utgangen av året var det vel 1 100 fleire barn med hjelpetiltak enn året før, ein auke på 4,2 prosent.

Per 31. desember var vel 6 400 barn under omsorg av barnevernet, jamfør § 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste, nær 5 700 barn, plasserte i fosterheimar. Vel 100 fleire barn var under omsorg per 31. desember 2008 enn ved utgangen av 2007. Det vil seie ein auke på 1,7 prosent det siste året.

I alt var 10 850 barn og unge per 31. desember 2008 plasserte utanfor familien, anten som hjelpetiltak eller omsorgstiltak. Av desse var tre av fire plasserte i fosterheimar. 1 400 barn hadde plass i barnevernsinstitusjon, og nær 100 var i andre behandlingsinstitusjonar. Vel 400 barn var i beredskapsheimar, og 1 050 hadde hybel eller bustad med oppfølging.

Barn 0-17 år med barnevernstiltak per 31. desember, per 1 000 barn 0-17 år, etter fylke. 2007 og 2008

Store skilnader mellom fylka

Per 31. desember 2008 var det i gjennomsnitt 28,4 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot tiltak, mot 27,5 året før. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Telemark, Troms og Finnmark ligg no på topp med høvesvis 35,5, 34,9 og 34,5 klientar per 1 000 barn. Desse tre fylka og Hedmark har også hatt den største veksten det siste året målt i høve til folketalet. Til samanlikning hadde Akershus berre 21,1. Sogn og Fjordane, Vestfold og Sør-Trøndelag ligg også lågt. Aust-Agder hadde størst nedgang i talet på barn med tiltak i høve til folketalet førre året.

Flest med tiltak i Bergen

Av dei fire største byane er det Bergen som har flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga, med Oslo og Stavanger på dei neste plassane. Ved utgangen av 2008 hadde 31,3 per 1 000 barn under 18 år i Bergen barnevernstiltak, i Oslo 29,0 og 28,2 i Stavanger. I Trondheim hadde 21,0 per 1 000 barn tiltak frå barnevernet ved utgangen av året.

Nye barn i barnevernet

Det var i alt vel 11 700 nye barn i barnevernet i 2008, omtrent det same som i 2007. Det er ein svak auke, under 1 prosent, i talet på nye barn med hjelpetiltak, medan det er nesten 11 prosent færre nye barn med omsorgstiltak i 2008 sett i forhold til 2007.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB